Jordbruk

Fryktar forvitra fagmiljø og svekt beredskap

I Lebesby er det berre fire mjølkebruk i drift, alle drivne av godt vaksne bønder. – Mjølkeproduksjonen i heile Finnmark er pressa, seier mjølkeprodusent Lise Skreddernes.

Lise Skreddernes driv mjølkebruk med 16 kyr i Lebesby i Finnmark
Publisert Sist oppdatert

 «Verdens nordligste melkeproduksjonsbruk», er teksten som kjem opp på telefonskjermen når eg ringjer Lise Skreddernes, som driv mjølkebruk i Bekkarfjord i Lebesby kommune i Finnmark. Lengst nord i landet driv ho mjølkeproduksjon med 16 kyr i lausdriftsfjøs. 

– Er mjølkebruket ditt verkeleg det nordlegaste i verda?

– Vi har leita på kartet, og eg trur ikkje det finst noko lenger nord. Så det stemmer nok, det.

– Kva kan du seie om drifta?

– Vi driv mjølkeproduksjon på eit relativt lite bruk. Vi er litt typiske for fjordstrøka, der det tidlegare var kombinasjonsbruk med fiske og jordbruk. I 1970-åra vart det bygd ein del fjøs, og nokre bruk gjekk over til reint jordbruk. Vi bygde om til lausdrift for fem år sidan.

– Det må ha vore ei stor investering.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel