Frustrert forskar
– Når vi vil vera både politiske og forskarar, kan vi ikkje opptre rasjonelt og konsekvent, seier professor Per Arne Bjørkum.
Per Arne Bjørkum har vore dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Stavanger, der han no er professor II. Han har også vore og er tilsett i Equinor, men strekar under at han her uttaler seg som professor. Bjørkum har i vitskapsteoretiske bøker og ei rekkje artiklar skrive om det han oppfattar som ei monopolisering av klimafeltet av dei som kallar seg klimaforskarar, og det samstundes som svært mange andre vitskapsfelt forskar på klima på ulike vis. Alt i 1998 skreiv han boka Annerledestenkerne, der han hevda at dei som tenkte annleis, var dei som gav framsteg. Han strekar under at han sjølv ikkje har forska på klima og ikkje er såkalla klimaskeptikar. Han er derimot frustrert over det han oppfattar som ei uniformering av akademia.
– Forskarar har ei moralsk plikt til å vera usamde. Det er usemja som har gjeve oss det meste av det vi i dag oppfattar som godt. Evna til å halda ut med usemje og kritikk er det som skapar ein verkeleg god forskar og gode forskingsresultat.
– Er det slik på klimafeltet?
– Nei, og det er eit problem. Eg meiner at eg i dag kan sjå ein tendens til at vi gjev slepp på den historiske rolla vår. Litt forenkla sagt kan ein seia at rolla til ein akademikar har vore å stå på utsida og kritisera, og den rolla har vore verna av samfunnet. Du har ikkje berre fått lov til å kritisera, du har til og med vorte oppmoda om det. Den rolla ser mykje ut til å ha forsvunne, og akademia har teke på seg ei rolle som politisk aktør. Ein står på innsida og prøver å styra den politiske prosessen.
– På kva vis?
– Her vil eg trekkja fram lækjarane som nokon vi kan læra av. Dei har lang røynsle med staten. Dei har ei eiga og god evne til å seia at «dette og dette veit vi eller meiner vi å vita, men kva vi skal gjera med det, er det opp til politikarane å avgjera». No ser vi meir og meir at forskarane ikkje berre vil forska innanfor eit stadig snevrare definert klimaområde, vi ser òg at dei krev at politikarane skal gjera det og det og det. Og politikarane er lydige: Dei løyver stadig meir pengar til klimafeltet, sjølv om dei same politikarane skal tenkja heilskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.