Frivillig for gamle dagar

Medan somme av oss ikkje ein gong kjem til å måle våre eigne hus og hytter, er det andre som frivillig tek vare på eigedommane til fellesskapet.

Vêrmelding på 1800-talsk: På vinterfiske kunne det vere mange hundre båtar på Sør-Gjæslingan, som alle trong å vite kor sterkt vinden bles og frå kva retning. Det fekk dei kvar morgon fortalt gjennom enkle symbol hengde opp i vêrmastra.
Vêrmelding på 1800-talsk: På vinterfiske kunne det vere mange hundre båtar på Sør-Gjæslingan, som alle trong å vite kor sterkt vinden bles og frå kva retning. Det fekk dei kvar morgon fortalt gjennom enkle symbol hengde opp i vêrmastra.
Publisert

Kulturminnevern og kulturminneforvaltning er blant Noregs mest støvete ord. Meir enn noko anna luktar dei av gulna papir, måttkuler og gamle matpakkesmular på respatexbord: Kulturminneforvaltning er noko byråkratar, konservatorar og kanskje ein og annan handverkar driv med. Ikkje noko for vanlege folk.

Innhaldet i orda – og med det sanninga om dei – er likevel ei ganske anna. Mest truleg bidreg kring eit par hundre tusen av oss til å ta vare på kulturminna våre kvart år – heilt utan betaling. Det skal ikkje minst styresmaktene vere glade for. Det politisk vedtekne målet for tap av kulturminne er 0,5 prosent årleg, men det reelle tapet ligg på kring 2 prosent, ifylgje Fortidsminneforeningen. Utan villige hender hadde det talet sett endå verre ut.

Bakstetrau eller bygd

Eit kulturminne kan vere ei hårnål eller eit bakstetrau, eller det kan vere eit heilt øysamfunn med bustadhus, brygger og gamal fiskeindustri. Kulturminnet Kristin Kjønsø forvaltar som kurator og seksjonsleiar for kulturminnevern i Kystmuseet i Nord-Trøndelag, er i sistnemnte kategori: Det freda fiskeværet Sør-Gjæslingan ligg i Vikna kommune, halvannan time med hurtigbåt frå kommunesenteret Rørvik. Det omfattar eit tjuetals hus, slåttemark og andre samfunnsfunksjonar. Namnet kjem frå gjæser: Som små gåsungar – gjæslingar – dukkar øyane og holmane opp i havet, eit siste landfast punkt før storhavet.

Kommunen tok over etter at samfunnet vart fråflytta i hui og hast midt på syttitalet. Men lite vart gjort, og mykje vart rive. Då museet kom inn i biletet, var bygningane slitne og falleferdige. Om lag samstundes oppstod veneforeininga ut av engasjementet til ein tilfeldig venegjeng. No er det aller meste i forsvarleg stand: Frå 2000 til 2012 minka talet på bygningar med trong for store utbetringar frå 15 prosent til under 5, medan bygningar med ordinær vedlikehaldstrong auka frå 20 til over 50 prosent.

Dugnad vår og haust

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement