Fridomskamp under eineveldet

I den nye boka si om haugianarane går Trygve Riiser Gundersen bak det mytiske biletet av Hans Nielsen Hauge som er etablert i norsk kultur. Han bryt med denne overleveringa og fordjupar seg i kva som skjedde då rørsla oppstod.

Publisert

Det han då oppdagar, er ei historie med potensial til å endre synet vårt både på norsk folkekultur og på eineveldet. Ein hovudtese i boka er at det finst ein etablert politisk kultur i den norske allmugen som strekkjer seg langt tilbake i tid, og som opererer under overflata som eit uttrykk for den folkelege meininga.

Den 700 sider tjukke boka Haugianerne. Enevelde og undergrunn I: 1795–1799, ei blanding av kyrkjehistorie og kulturhistorie, politisk historie og allmennhistorie, er tenkt som det første av to bind om haugianarane og Hans Nielsen Hauge, og ikkje minst tida denne rørsla sprang ut av. Neste bind kjem venteleg i 2024 og tek føre seg åra 1800–1804. I 1804 blir Hauge fengsla, han sit inne i ni år, og rørsla som oppstår etter fengslinga, er radikalt annleis, den politiske konteksten endrar seg òg.

Riiser Gundersen skildrar det dansk-norske eineveldet som kanskje det strengaste i Europa. I København sat kong Kristian VII med absolutt makt og kunne stø seg på eit rigid lovverk. Det fanst knapt institusjonelle bremser for statsmakta, for her var både stat og kyrkje på kongens hand. Dette ser vi i både det religiøse og det politiske lovverket. Frå 1765 var det til dømes dødsstraff for folkelege forsamlingar, noko forfattaren kallar «barbarisk».

– Korleis kunne haugianarane under desse vilkåra på relativt kort tid byggje opp den landsfemnande verksemda si?

– Det er sjølve gåta. Og eitt enkelt svar finst ikkje. Her er eit samanfall av mange omstende. Den enklaste forklaringa har med pietismen å gjere, som jo opphavleg var kongeleg sanksjonert. Der låg eit ønske om auka fellesskap og ein masse ambisjonar om eigenaktivitet, som utfordra statens totalitære innretning. Denne ambivalensen i det statlege systemet gjorde at haugianarane kunne kile seg inn. Husandakten, som var eit sentral element i pietismen og ønskt av styresmaktene, var der forsamlingsforbodet i staten sprakk opp. Denne opninga nytta haugianarane aktivt.

– Systematisk utnytta ein dei lommene som fanst. For sjølv om staten var strengt autoritær og hierarkisk, hadde han ikkje eit maktapparat som det ein moderne stat rår over. Ofte kommuniserte allmugen meir effektivt enn staten sjølv gjorde. Det var sensur, men han var ikkje svært streng, især ikkje for småtekstar som kom ut i provinsane. Såleis tok det fleire år før ein plukka opp haugianartekstane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement