JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Freya synte oss at verda framleis er vill

Vi kan tru at alle dyr er like, men i den verkelege verda er nokre dyr likare enn andre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5689
20220826
5689
20220826

Freya vart skoten søndag 18. august. Eller vart ho avliva? Rett og slett drepen? Eller skal vi gå så langt som å tru New York Times når dei skriv at vi nordmenn no «kverker ein forguda og vaklande solbadar med mafialiknande effektivitet»?

Ja, saka om kvalrossen Freya har nådd New York Times. Ja, ikkje nok med det: Saka om at kvalrossen Freya har nådd New York Times har nådd norske riksmedium! Det er nesten freistande å le historia vekk. Så mykje merksemd for ein einsleg kvalross, medan tusenvis av artsfrendar lid under klimaendringar i Arktis? Men vi skal ikkje gjere det, for dette er òg blodig alvor.

Folk er blitt glade i Freya. Det har vi jo alle saman, har vi ikkje?

Ja, vi skulle vel alle ynskje at Freya ikkje måtte døy. Men nei, vi har ikkje vorte glade i henne. Vi kjenner ikkje Freya. Sjølv ikkje Christian Ytteborg, marinasjef ved Kongen Marina, som hevdar Freya ikkje var «sånn, altså blodtørstig. Hun var fargerik og annerledes, og hun solte seg, badet og spiste blåskjell», kjenner rovdyret Freya den dagen ho ikkje fann fleire blåskjell, heller ikkje mora som forsvarer ungane sine.

Det vi kjenner og kanskje er litt glade i, er biletet av Freya, idealet Freya – rovdyret som kom og oppsøkte oss, menneska, der vi lever, og ville vere ein del av fellesskapet vårt. Dette er biletet der menneske og dyr kan leve saman i harmoni og kjærleik. Der ingen må drepe kvarandre. Som i Hakkebakkeskogen, der Bamsefar lagar ei lov som seier at alle dyr i skogen må vere vener og ingen har lov til å ete kvarandre. Eller som i Animal Farm – der alle dyr er skapte like.

172.000 døde kyllingar

Det går ikkje så bra på George Orwells Animal Farm – ganske fort syner det seg at nokre dyr er likare enn andre. Og slik må vi nok også innrømme det er i Noreg: Kvart år vert det slakta over 63 millionar kyllingar her til lands. Det, som vert 172.602 avlivingar kvar einaste dag, er det som må til for å dekke kyllingsvolten til nærare fem og ein halv millionar nordmenn. Ingen av desse kyllingane har fått leve fullverdige liv. Ingen av desse kyllingane får så mykje som ei fyrstikk tend til sitt minne.

Litt meir merksemd fekk Hamnesjefen – den merksemdssjuke og etter kvart smått aggressive svana som herja fjøresteinane i Os i Hordaland i 2017. At han vart avliva om lag akkurat på denne tida for fem år sidan, fekk oppslag i alle dei store media i Noreg – men det var det, og så var oppstusset over. Avlivinga skjedde etter eit åtak på to jenter. Jentene kom uskada frå det, men ingen ville ta sjansen på at det gjekk verre neste gong.

Julius på topp

Høyrest det kjent ut? Nivået over Hamnesjefen er Freya. Det er liten tvil om at kvalrossen før eller sidan, med eller utan vilje, ville kome til å skade nokon. Sjølvsagt var det idiotisk av folk å vilje kome nærast mogleg på henne, men det er òg fullt forståeleg. Eg ville gått og kikka om ho hamna i småbåthamna mi, og i Noreg i 2022 kan vi ikkje forvente at alle veit korleis dei skal oppføre seg kring ville dyr. Diverre.

Det er akkurat like urettvist som kva nokre dyr får lov å overleve og andre berre kan drøyme om. Høgst på empatiskalaen, nærast grisen Napoleon som i Orwells verd etter kvart spankulerte påkledd ikring og drakk alkohol, har vi ikkje Freya – men vår alles aller kjæraste apekatt, Julius. Han overlevde noko som få andre dyr kjem levande frå: å angripe eit menneske.

7. juni 1992 rømde Julius frå innehegninga, og han gjekk til åtak på bosstømmaren Oddvar Ivarson. Den søte apekatten prøvde å bite av fingeren på Ivarson, som han alt tidlegare hadde synt tydeleg at han ikkje likte. Julius prøvde å gjere det same mot dette mennesket som hans eigne ein gong hadde gjort mot han: Berre seks veker gamal vart Julius funnen i sjimpansehegna skrikande, einsam og med ein avbiten fingertupp.

Valdelege dyr

Det vart starten på menneskeapa Julius, og i det ligg ein viss ironi: Dyret som framfor alle har fått menneskeleg respekt og rettar (Julius har til og med hatt førarkort for bil), slike rettar som gjer han umogleg å avlive eller endåtil straffe, enda i ein slik situasjon på grunn av den naturlege vondskapen dyr imellom. Dyr straffar kvarandre gjennom vald. Dei drep kvarandre for å hevde seg sjølv. For oss menneske er dette bestialsk og unaturleg, men det er det altså ikkje for sjølv vår næraste dyreslektning.

Kommentarfeltet til New York Times-artikkelen som hevdar at vi nordmenn no har vorte mafiamordarar, fløymer over av påstandar som at mennesket er «planetens kreftsvulst» og «den ultimate utnyttaren». Og der det på mange område er sant at mennesket øydelegg planeten fortare enn nokon annan, lat oss i ein augneblink sjå på oss menneske som dyr: Kva for eit dyr ville ikkje prøvd å kvitte seg med eit rovdyr som kom for tett på deira territorium?

Spørsmålet er sett på spissen: Menneske, med all teknologien vi har tileigna oss, har sjølvsagt ei heilt spesiell stilling i økosystemet. Vi har tatt på oss rolla som forvaltarar av eit system som er så mykje større enn oss sjølve at vi ikkje har nokon sjanse til å forstå heilskapen. Ofte gjer vi ting som er riv ruskande galne, like ofte gjer vi så godt vi kan – og trakkar feil likevel.

Det var ingenting gale med Freya, ho var berre på feil stad. Vår stad. Ein hovudstad er ingen stad for ein vill kvalross.

Klatremus og de andre dyrene i hakkebakkeskogen er ei fantastisk forteljing, men ho høver, trass alt, best i dyreparken.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er liten tvil om at kvalrossen før eller sidan, med eller utan vilje, ville kome til å skade nokon.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis