Framover i alle retningar

Norsk landbrukspolitikk vert stadig meir paradoksal. Landbruksdepartementet ser ut til å ha tapt oversynet over kva politikarane ynskjer.

Bonde Leif Ove Sørby i Vestfossen har investert millionar i moderne utstyr for mjølke- og kjøtproduksjon på garden.
Bonde Leif Ove Sørby i Vestfossen har investert millionar i moderne utstyr for mjølke- og kjøtproduksjon på garden.
Publisert

Lytt til artikkelen:

I nasjonalbudsjettet kom Finansdepartementet med eit hjartesukk over landbrukspolitikken: «En for sterk prioritering av inntektsmuligheter har ført til oppbygging av overkapasitet og overproduksjon i flere produksjoner. Det bidrar til dårligere inntekter, økte kostnader, lavere verdiskaping og svekket konkurransekraft. Lite effektiv bruk av ressurser svekker både grunnlaget for landbruk over hele landet og annen måloppnåelse i landbrukspolitikken.»

Det er i og for seg ikkje uventa at Finansdepartementet meiner dette, det har aldri vore særleg nøgd med landbrukspolitikken. Men det som kanskje er meir uventa, er at sitatet er henta frå Landbruksdepartementet, nærare bestemt Stortingsproposisjon 120 S (2018–2019). Der har Landbruksdepartementet gått gjennom politikken som har vore ført dei siste ti åra, i røynda sidan 2014. For vi som er interesserte i landbrukspolitikk, hugsar at då fekk Sylvi Listhaug gjennom ein ny modell. Produksjonen skulle sleppast fri, heiltidsbønder med store bruk vart prioriterte, kvotetak vart oppheva, og investeringane skulle gå til dei som ville satsa stort. No skulle det produserast meir.

Gjekk ikkje så bra

Så korleis har det gått? Her høyrer det med å nemna at folkesetnaden i Noreg var på 4,86 millionar i 2010, no er han på 5,37 millionar. Auken har altså vore på over 10 prosent. Resultatet av landbruksrevolusjonen, kvotefrislepp og stadig større bruk har late venta på seg. «Det siste tiåret har det samlede produksjonsvolumet i jordbruket økt med 3,0 pst.» Folketalsauken har vore mykje større enn auken i produksjon av mat. Nordmenn et altså i gjennomsnitt ein god del mindre norsk no enn for ti år sidan.

Dessutan er kraftfôret ikkje alltid så norsk heller lenger. I 1997 var 100 prosent av feittet i kraftfôret norsk. I 2018 var den tilsvarande delen 52 prosent. I tillegg treng dyr protein, skal dei veksa snøgt og få musklar. Proteindelen har gått frå 49 prosent i 1997, til 4 prosent i 2018. Det med protein handlar mykje om at Stortinget ikkje lenger ville taka alt av kaloriar frå dyr og fisk i bruk. I 2003 og så i 2010 la dei av etiske grunnar ned forbod mot kjøtmjøl og fiskemjøl i dyrefôr. Dyr skulle ikkje kunna eta dyr. Ja, vi kunne ha produsert meir av både protein og feitt, men det ynskjer ikkje politikarane av di feitt- og proteinrike plantar konkurrer med korn om den beste jorda. Kvifor vi fekk det til så mykje betre i 1997, gjev meldinga rett nok ikkje noko svar på. Det vi i alle høve kan slå fast, er at norsk oppdrettslaks og norske husdyr no baserer dietten sin på import, slik vi nordmenn i aukande grad også gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement