Geopolitikk

Frå trumf til Trump

Verdas største øy har gjort Kongeriket Danmark stort på verdskartet og gjeve oss geopolitisk tyngd. No har Trumps krav forvandla Grønland til ei tryggingspolitisk hovudpine.
  

Danske soldatar er framme på Grønland 19. januar.
Publisert Sist oppdatert

Artikkelen stod på trykk i Weekendavisen 18. januar.

Då den første danske diplomaten besøkte Kina ein gong på 1800-talet, ville keisaren vite kvar mannen kom frå. Det blei henta fram ein globus, men keisaren klarte ikkje å få auge på det vesle landet i Europa. Då peika diplomaten på Grønland og sa: «Høgvørde Keisar, dette er den minste delen av kongeriket vårt.»

Anekdoten, som stammar frå den no avlidne grønlandske politikaren og forfattaren Finn Lynge, og som blir fortald i boka Politics of the Northwest Passage, illustrerer godt ei openberr kjensgjerning: Det er Grønland som gjev Kongeriket Danmark stordom og tyngd. Ikkje berre på verdskartet, der Grønland tek mykje plass – og ikkje berre fordi Mercator-projeksjonen gjer den arktiske øya større enn ho i røynda er. Også tryggingspolitisk har Danmarks suverenitet over verdas største øy gjeve kongeriket langt større vekt enn Danmark hadde hatt utan Grønland.

Politologar har lenge snakka om «grønlandskortet», kortet ulike danske regjeringar har brukt i fleire tiår for å tilbakevise særleg amerikansk kritikk av at vi brukte for lite pengar på forsvaret: «Vi bidreg jo ved å gje dykk tilgang til det enorme og strategisk viktige området som heiter Grønland», lydde motargumentet.

Men det ser ut til at «grønlandskortet» i det siste har mista verdi. Til dels fordi Danmark investerer langt meir i forsvaret enn vi gjorde tidlegare. Difor har vi ikkje i like stor grad bruk for Grønland som betalingsmiddel. Og til dels fordi det har kome ein president i USA som ikkje ser ut til å verdsetje USAs nærast uavgrensa tilgang til å etablere basar på Grønland på same måten som forgjengarane sine.

Meir risiko enn styrke

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement