Frå gruveulukke til FacebookOrdskiftet etter Kings Bay-ulukka var minst like hardt som etter Sylvi Listhaugs Facebook-oppdatering.
Ordskiftet etter Kings Bay-ulukka var minst like hardt som etter Sylvi Listhaugs Facebook-oppdatering.
Ordskiftet i Stortinget etter Kings Bay var så skarp at Einar Gerhardsen sat med solbriller.
Foto: NTB scanpix
Så gjekk Sylvi Listhaug av. Meir vidgjetne personar har gått av før henne etter mistillit eller trugsmål om mistillit, til dømes Jens Christian Hauge. Hauge var i den tidlege etterkrigstida Noregs mest vidgjetne person etter Einar Gerhardsen og tente nett Gerhardsen som forsvarsminister i den fyrste regjeringa etter valet i 1945. Men då Gerhardsen dana si tredje regjering i januar 1955 og fortalde Hauge at han måtte verta justisminister, hadde den profilerte advokaten fått nok og nekta. Han sa til Gerhardsen at han ville konsentrera seg om advokatpraksisen, og at det ikkje «passet» å verta justisminister. Gerhardsen peikte på at ingen hadde spurt han om det passa å vera statsminister heller. Hauge gav då etter.
Men Hauge var heile tida på jakt etter eit høve til å gå av. Det fekk han alt i november 1955. Passande nok handla det om at Milorg-sjefen ville rekkja ut ei hand til dei som hadde trakka feil under krigen. Ein god del embetsmenn som ikkje hadde vore medlem av Nasjonal Samling, hadde likevel vorte fjerna frå stillinga si etter 1945, og det utan lov og dom. Etter kvart hadde dei fleste fått att stillinga, mellom anna av di domstolane hadde kome til at dei ikkje hadde gjort noko alvorleg gale. Hauge laga difor ein proposisjon til Stortinget der han gjorde framlegg om å gje embets- og tenestemennene løn i den perioden dei hadde vore borte frå stillinga. Han meinte at det var det einaste rette, og at det var på tide med forsoning.
Solbriller
Av litt uklare grunnar gjorde Gerhardsen den feilen at han ikkje instruerte Aps gruppe om å røysta for framlegget, og korkje Hauge eller Gerhardsen sette stillinga si på spel. Ein Ap-representant laga eit forslag om ikkje å godta Hauges innstilling. Framlegget frå representanten vart vedteke med 72 mot 66 røyster. Hauge hevda at nederlaget de facto var mistillit og søkte Gerhardsen offentleg om å få gå av. For ikkje å tapa andlet fann Gerhardsen at han ikkje hadde noko anna val enn å godta søknaden.
Hauge var no fri til å seia kva han ville når han ville. Det gjorde han ikkje. I motsetnad til Listhaug heldt han stort sett totalt kjeft i pressa. Men det var ikkje eit reelt mistillitsframlegg Hauge hadde møtt, det møtte derimot ei samla regjering 20. juni 1963 etter dødsulukkene i gruvene i Kings Bay på Svalbard. Den 28. august – etter den fyrste direktesende stortingsdebatten i fjernsynet nokon gong, der mellom andre Gerhardsen sat med solbriller på grunn av NRKs lyskastarar – gjekk Gerhardsen-regjeringa av. Det er faktisk den einaste gongen etter 1945, om vi då ikkje reknar med Listhaugs avgang på grunn av Facebook, at nokon har gått av etter mistillitsfleirtal i Stortinget. Sidan Kings Bay er den einaste historiske parallellen til Facebook-gate, får vi mimra litt.
Kings Bay finst ikkje
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.