JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Frå fredsnasjon til krigarstat

Om praksis har vore så som så, har Sovjetunionen og Russland tradisjonelt framstilt seg sjølv som ein fredsnasjon. No har dei ein leiar som stadig trugar med atomkrig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6162
20221007
6162
20221007

Det er eit minne som sit djupt i meg: Saman med ein gjeng studentar frå Noreg kom eg til Moskva i slutten av februar 1975. Der blei me – som alle turistar på den tida – tekne imot av det statlege selskapet Intourist. Guiden Svetlana synte dei norske gjestane rundt i Moskva.

Når det ikkje var noko særskilt å visa fram, snakka ho om fred. Sovjetunionen var eit fredens land og ville berre fremja fred i verda, gjentok og gjentok Svetlana gjennom alle dei timane turen gjennom den sovjetiske hovudstaden varte.

Alt i åra rett etter krigen var den såkalla fredssaka blitt det fremste reklameskiltet for Sovjetunionen. Saman med forteljingar om eit entusiastisk folk som bygde sosialismen, var fredsbygging det mest verknadsfulle verktøyet i hendene på den sovjetiske propagandaen. Ikkje tilfeldig blei det litt ute på Leninskij prospekt i Moskva reist eit stort monument der det stod «CCCR oplot mira» – «Sovjetunionen, eit bolverk for fred». Til og med over den sovjetiske busettinga i Barentsburg på Svalbard blei det skrive på fjellet: «Miru Mir»– «Fred til verda».

Ville ikkje ha krig

Dette ropet på fred var sjølvsagt for ein stor del rein propaganda. Sovjetleiinga hadde ikkje noko problem med å senda soldatar og stridsvogner når folk i dei såkalla broderlanda freista å bryta ut av den sosialistiske leiren. Men fredssnakket handla også om rasjonell politikk.

Ingen kunne nekta for at sovjetfolket hadde lide mykje meir enn dei fleste andre under krigen. Stalin ynskte ikkje ein ny øydeleggjande krig, som i tilfelle ville vore mot Vesten. Mot slutten av den andre verdskrigen hadde han lagt under seg halve Europa. Ein lang fredsperiode ville vera det beste for å konsolidera den sovjetiske blokka.

Det var altså gode grunnar til å snakka om fred. Om mange i Vesten ikkje var så overtydde om at sovjetleiarane verkeleg ynskte fred, var særs mange borgarar i Sovjetunionen opptekne av dette. Ikkje berre Intourist-guide Svetlana messa fredsbodskapen. Også når ein møtte vanlege borgarar, merka ein eit oppriktig engasjement for fred og mot krig.

Ikkje tilfeldig var det at då partisjef Nikita Khrusjtsjov i 1962 tok til å plassera ut atomrakettar på Cuba, skjedde det i løyndom. Ingen i Sovjetunionen – og heller ikkje i resten av verda – skulle få vita at dei sovjetiske atomvåpena var på Cuba og direkte truga USA. Ikkje eingong den sovjetiske ambassadøren i Washington, Anatolij Dobrynin, blei informert om det som skulle henda. Det kan sjå ut som om Khrusjtsjov var nokså aleine om avgjerda om å utfordra USA på denne måten. Så enda det da også med at Khrusjtsjov blei styrta av sine eigne to år etter Cuba-krisa.

Etter fiaskoen på Cuba klarte Sovjetunionen i breie grupper i Vesten å byggja opp igjen biletet av seg sjølv som ein fredsnasjon. Heilt på slutten av 1970-talet tok Kreml til å utvikla eit nytt, kraftig våpen som fekk Nato-nemninga SS-20. Det var ein mellomdistanserakett som kunne slå ut alle dei taktiske atomvåpena som Nato ville setja inn om alliansen leid nederlag i ein tredje verdskrig i Europa.

Ingen i Sovjetunionen snakka om at SS-20 var i ferd med å bli plasserte ut i Aust-Europa. Då Nato derimot kom med svaret sitt seinhausten 1983 og plasserte ut liknande rakettar, fekk propagandaen sving på seg. Dei vestlege rakettane blei framstilte som domedagsvåpen som truga heile verda. Godt hjelpt av KGB-agentar blei det skapt ei enorm fredsrørsle i Vest-Europa.

Garanti til Ukraina

Då Mikhail Gorbatsjov tok over som partisjef i 1985, blei det for fyrste gong eit reelt innhald i fredspolitikken, og Boris Jeltsin heldt fram i same leia. Etter oppløysinga av Sovjetunionen var det folk i Moskva som var misnøgde med at den russiske marinebasen i Sevastopol låg på ukrainsk territorium.

Men i 1994 garanterte Jeltsin, saman med Bill Clinton, den territoriale integriteten til Ukraina mot at landet gav frå seg alle atomvåpena sine. Om nokon truga eks-atommakta Ukraina, lova til gjengjeld USA og Russland å koma ukrainarane til hjelp slik at freden kunne bli gjenoppretta.

Når ein sat og såg på Vladimir Putin då han talte til den russiske eliten fredag for ei veke sidan, stod han fram som ein heilt annan leiar enn det russarar og sovjetborgarar tradisjonelt har høyrt. Putin gjorde det klart at Russland var ute på eit erobringstokt i Ukraina, tvert imot FN-pakta og det som har vore europeisk praksis sidan 1945. Dei erobra områda i Ukraina var no innlemma i Russland og ein del av den russiske staten.

Og sjølv om Putin ikkje sa det med reine ord denne gongen, var det klart at den som freista å taka desse områda tilbake, ville risikera å bli møtt med atomvåpen. Mens Sovjetunionen og Russland tidlegare – offisielt – var ein fredsnasjon som sette seg imot bruk av atomvåpen, er Russland no, om ein skal tru mannen som leier staten, blitt eit land som fyrst okkuperer andre land, og som deretter trugar alle som vil taka dette landet tilbake, med atomvåpen.

Som sagt: Det var eit langt stykke mellom den offisielle propagandaen og røyndomen i Sovjet-epoken. Men det er også eit langt steg frå offisielt å vera ein fredsnasjon til å bli ein aggressiv makt som med reine ord trugar nabolanda – til og med det nærskylde Ukraina – med okkupasjon og deretter med utsletting.

Til inntekt for Putin

Mange vil seia at Vladimir Putin i talen sin sist fredag synte ein viss grad av politisk galskap. Det er vanskeleg å seia kva medlemmene av den russiske eliten som sat i salen, tenkte i sitt stille sinn. I det russiske folkedjupet har mange teke til med å stemma med beina og forlata landet.

Det store fleirtalet av det russiske folket sit likevel igjen med eit stort ansvar. Om dei ikkje klarer å fjerna Putin, vil dei bli tekne til inntekt for Putins politikk. Det kan bli til uboteleg skade for det russiske folket i mange generasjonar framover.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mange vil seia at Vladimir Putin i talen sin sist fredag synte ein viss grad av politisk galskap.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis