Frå atomkraft til ved

Å leggja ned atomkraft er både dyrt og negativt for folkehelsa. Særleg når atomkrafta vert bytt ut med ved.

Merkel lytta. Straks sette ho i gang stenging av atomkraft og lova at alle atomkraft skulle fasast ut innan 2022.
Merkel lytta. Straks sette ho i gang stenging av atomkraft og lova at alle atomkraft skulle fasast ut innan 2022.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Land etter land i Europa seier dei vil avvikla atomkrafta, Sveits, Italia, Belgia, Spania…, og det sjølv om både FNs klimapanel, FNs medlemsland samla og etter kvart til og med EU har sagt at atomkraft bør vera ein sentral del av kampen mot klimaendringar. Men i Europa, med visse unnatak, Finland spesielt, går vi altså motsett veg. Vi går attende i soga. Atomkraft vert bytt ut med kol og ved.

Det var i grunnen svenskane som byrja med atomkraftmotstand. Alt i 1980 sa svenskane nei til atomkraft i ei folkerøysting, berre for å verta ignorerte av politikarane, som så ofte før. Men Angela Merkel er meir av ein populist enn svenske politikarar. Då tsunamien råka Japan og Fukushima-reaktoren, døydde ingen i sjølve ulukka, men rundt 1600, hovudsakleg eldre, døydde truleg av stresset som evakueringa førte med seg. Verdas helseorganisasjon trur at mellom 0 og 400 kan døy som fylgje av stråling, men at ned mot null er mykje meir sannsynleg enn 400.

Fekk nok

I alle høve fekk tyskarane nok, og det sjølv om ingen av deira atomkraftverk kunne verta utsette for tsunamiar eller større jordskjelv. Merkel lytta. Straks sette ho i gang stenging av atomkraft og lova at alle atomkraftverk skulle fasast ut innan 2022. Atomkraft utgjorde i 2011 25 prosent av Tysklands samla kraftproduksjon. I 2017 hadde Merkel stengt ned heile 11 GW av atomkrafta, og med det har ho gjeve forskarar empiri og tal. Så kva er konsekvensane? I regi av prestisjetunge National Bureau of Economic Research (NBER) har tre forskarar sett på utslaga i den heilt ferske artikkelen «The Private and External Costs of Germany’s Nuclear Phase-Out».

For å taka konklusjonen med ein gong: Om Tyskland i staden for å byrja stenginga i 2011 hadde utsett det heile til 2032, ville tyskarane spart 2,25 billionar kroner eller vel 100 milliardar i året. Og nei, dei største kostnadene kjem ikkje for klimaet; Tyskland er trass alt ikkje ein så stor global aktør. Den årlege kostnaden i klimaskadar, seier forskarane, er berre på 15 milliardar. Den store kostnaden kjem ved auka lokal ureining. Forskarane har rekna seg fram til at 1100 fleire døyr per år enn om Tyskland hadde halde på atomkrafta. Den samla kostnaden ved auka lokal ureining set dei til om lag 70 milliardar i året. Ja, også atomkraft har kostnader og risiko, seier forskarane, men alle analysar syner at dei er svært låge når investeringa fyrst er gjord. Dei diskuterer òg kvifor tyskarane er så mot atomkraft, men kjem ikkje med gode svar basert på rasjonalitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement