Kommentar
Forfeila realisme
Ja, realismeskulen kan gje gode forklaringar på kvifor Russland har invadert Ukraina. Men når krigen fyrst er her, er ikkje forklaringar på kvifor vi fekk krigen, særleg relevante.
President Zelenskyj har bede EU om å stogga importen av russisk gass, sidan denne gassen delvis finansierer den russiske krigføringa i Ukraina. Men røyrleidnigen går gjennom Ukraina, der presidenten har særs god bruk for pengane som Russland betaler for transitten. Foto frå Strij, ved Lviv, der Russland stengde gassen for å straffa Ukraina for låg betalingsvilje i 2014.
Foto: Sergei Chuzavkov / AP / NTB
Om ein skal definera statsvitskap i éi setning, er det at «statar gjer alt for å overleva». Spørsmålet vert då korleis statar arbeider for dette. Då lyt vi ty til historia. Sjølv er eg utdanna innafor den realistiske skulen, som etter Russlands invasjon av Ukraina har vore mykje omdiskutert. Men om nokon bed meg om ein presis definisjon av realisme, slit eg. Lat meg likevel gjera ein freistnad: Den utsegna som er mest populær å koma med når realistar vert bedne om å definera realisme, er eit sitat frå ein tale den britiske utanriksministeren og seinare statsministeren Henry John Temple Palmerston gav i Underhuset i 1848:
Storbritannia «har ingen evige allierte, og vi har ikkje nokon vedvarande fiendar. Interessene våre er evige og vedvarande, og dei interessene er det vår plikt å fylgja».
Ukraina-krigen har nok av døme på interessetenking. Putin ynskjer ikkje eit demokratisk, rikt og vestorientert Ukraina ved Russlands grenser. Han vil heller ikkje at Ukraina skal gå inn i Nato. Difor har han invadert Ukraina. No har president Zelenskyj alt gjeve Putin ein tilsynelatande delsiger. Han seier at Ukraina, som ein del av ein eventuell fredsavtale, er viljug til å taka Nato-medlemskap av bordet. Eit slikt utfall av Ukrainas ynske om Nato-medlemskap vil realistar seia var realistisk. Utan ein global hegemon vil dei med hardast makt få viljen sin. Noreg eller Ukraina går ikkje til krig mot Russland.
Ukraina og gass
Men det kanskje mest konkrete dømet på kor rett realistar plar ha, er den russiske gasseksporten. EU snakkar hardt, og det same gjer Russland. Men Russland har gjennom krigen, etter å halde att før krigen, sendt rekordmykje gass til EU, som betaler stort for den same gassen. Paradokset, som ikkje er uventa, er altså at EU har kverrsett alle dei russisk valutareservane i euro, samstundes som EU sender rekordstore mengder av euro til Russland for å betala for gassen. Det er enkelt og greitt korkje i Tysklands eller i Russlands interesse å strupa gassrøyrleidningane. Palmerston ville ha nok ha smilt.
Men det stoggar ikkje der. EU og særleg Tyskland snakkar mykje om den grøne vendinga og trongen for å koma seg bort frå fossile kjelder. Likevel subsidierer no nesten heile EU både gass og drivstoff, trass i alt snakket om fornyeleg energi. EU-landa betaler no borgarane for å brenne russisk olje og gass, og statsrådar frå Dei grøne i den tyske regjeringa bed Noreg og dei andre Nordsjølanda om å leita etter meir gass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.