For mykje kraft

For tida har norsk vasskraft knapt verdi. Utbygginga av vindkraft har forverra stoda.

Hunderfossen kraftstasjon i Gudbrandsdalslågen.
Hunderfossen kraftstasjon i Gudbrandsdalslågen.
Publisert

I det dette intervjuet vert gjennomført, er den flytande prisen på éin kWh 4,5 øre. I lokalavis etter lokalavis rundt omkring i kraftkommunane kan vi lesa at styre og administrerande direktørar åtvarar kommunane mot å taka utbyte i år. For sjølv om 2019 gav høg profitt, vil 2020 visstnok verta eit frykteleg år for kraftbransjen. Dei typiske kraftkommunane er i tillegg til å vera kraftkommunar ofte hyttekommunar òg. Desse kommunane vert trefte dobbelt no. Arbeidsløysa stig, og kommunekassene er botnskrapa. På toppen kjem altså manglande utbyte og låge prisar på konsesjonskrafta.

Ole Tom Djupskås er kraftanalytikar i selskapet Refinitiv.

­– Kvifor er straumprisane så låge?

­– Den mest openberre grunnen er den enorme snømengda i fjellet. Innanfor fagfeltet vårt snakkar vi om den hydrologiske balansen, det vil seia kor mykje vatn det er i magasina og snø i nedfallsområda. No meiner vi at det er over 30 TWh meir enn vanleg i balansen. Det er så mykje at det vert fullt i magasina til sommaren. Difor er prisen så låg no. Vi reknar med at magasina i Noreg og Sverige vil vera 95 prosent fulle når snøen har smelta. Det er ekstremt høgt.

­– Speler vindkrafta ei rolle?

­– Vi har dei siste åra installert veldig mykje vindkraft i Norden. Det var vore ein vinter med mykje vind. Då har vi ikkje nytta så mykje vasskraft som vanleg. Magasina har ikkje vorte tappa så mykje som tidlegare år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement