For mykje kraft
For tida har norsk vasskraft knapt verdi. Utbygginga av vindkraft har forverra stoda.
Hunderfossen kraftstasjon i Gudbrandsdalslågen.
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
SAMTALEN
Ole Tom Djupskås
kraftanalytikar
AKTUELL
Uvanleg låge kraftprisar
SAMTALEN
Ole Tom Djupskås
kraftanalytikar
AKTUELL
Uvanleg låge kraftprisar
jon@dagogtid.no
I det dette intervjuet vert gjennomført, er den flytande prisen på éin kWh 4,5 øre. I lokalavis etter lokalavis rundt omkring i kraftkommunane kan vi lesa at styre og administrerande direktørar åtvarar kommunane mot å taka utbyte i år. For sjølv om 2019 gav høg profitt, vil 2020 visstnok verta eit frykteleg år for kraftbransjen. Dei typiske kraftkommunane er i tillegg til å vera kraftkommunar ofte hyttekommunar òg. Desse kommunane vert trefte dobbelt no. Arbeidsløysa stig, og kommunekassene er botnskrapa. På toppen kjem altså manglande utbyte og låge prisar på konsesjonskrafta.
Ole Tom Djupskås er kraftanalytikar i selskapet Refinitiv.
– Kvifor er straumprisane så låge?
– Den mest openberre grunnen er den enorme snømengda i fjellet. Innanfor fagfeltet vårt snakkar vi om den hydrologiske balansen, det vil seia kor mykje vatn det er i magasina og snø i nedfallsområda. No meiner vi at det er over 30 TWh meir enn vanleg i balansen. Det er så mykje at det vert fullt i magasina til sommaren. Difor er prisen så låg no. Vi reknar med at magasina i Noreg og Sverige vil vera 95 prosent fulle når snøen har smelta. Det er ekstremt høgt.
– Speler vindkrafta ei rolle?
– Vi har dei siste åra installert veldig mykje vindkraft i Norden. Det var vore ein vinter med mykje vind. Då har vi ikkje nytta så mykje vasskraft som vanleg. Magasina har ikkje vorte tappa så mykje som tidlegare år.
– Men vi såg då alle at prisane ramla då koronaen kom til Nord-Europa?
– Og det er den tredje grunnen. Vi har fått ein klart lægre internasjonal etterspurnad etter kraft, og det råkar sjølvsagt produksjonen her i Norden. Under finanskrisa såg vi at det var 7 prosent lægre forbruk i 2009 samanlikna med dei føregåande åra. Vi reknar med ein nedgang frå 7 til 10 prosent dei komande tolv månadene på grunn av koronakrisa.
– Kva skjer med investeringane? Det er då gjeve konsesjonar for mykje meir vindkraft?
– Grøne sertifikat hjelper litt. Men det er klart at ein del investorar der er litt nervøse. Dei som har henta inn pengar eller har byrja å byggja, byggjer nok som planlagt. Men dei som ikkje har kome i gang, vil eg tru har ei viss uro. Så låge som prisane er no, vert dei truleg ikkje verande så lenge rett nok. I november, avhengig av vêr og vind, trur vi at prisane skal opp. Men på den andre sida sett vert prisane i 2021 neppe særleg høgre enn 25 øre.
– Men vindkraft får ikkje dei beste prisane? Og samstundes dreg dei ned verdien av magasinkraft, skulle ein tru?
– Det som er problemet, er at vindkraftselskapa vil produsera ned mot null øre. Får dei eit halv øre per kWh, er dei lukkelegare enn om dei får null øre. Magasinprodusentane vil helst berre produsera når det er ein topp i prisane, typisk om morgonane eller utpå ettermiddagane. Men vindkraft produserer når det blæs, dei kan ikkje regulera produksjonen. Då vert det færre timar med relativt høg pris. Det liker ikkje dei som produserer magasinkraft. Vi ser òg ein effekt av sol frå Tyskland, som produserer mest midt på dagen. Også då får vi lægre prisar. Dimed endar det med at vasskraftverka må spreia produksjonen over fleire timar og får mindre betalt for vatnet.
– Så skal vi tena meir når det er god hydrologisk balanse, samstundes som vi byggjer ut meir vindkraft, må vi få fleire kablar?
– Det er nok svaret. Men det skal seiast at i år har det vore ekstremt. Før jul var den hydrologiske balansen under null. Så kom fyrste kvartal med særs mykje vind og nedbør. Men det vert litt rart å installera mykje vindkraft utan at vi får ein tilsvarande auke i overføringskapasiteten til utlandet.
– Så vindkraft reduserer verdien av dei store investeringane vi har teke i vasskraft?
– Ja, lægre prisar fører til at verdien av eksisterande vasskraft går ned.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det var vore ein vinter med mykje vind. Då har vi ikkje nytta så mykje vasskraft som vanleg.
Fleire artiklar
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement