Helse
Folkemedisinen
Tjue-, førti- og tiåringar tar det: meir paracetamol enn nokon gong. Mot smerter og mot stress. Utviklinga er skremmande, seier professor Siv Skarstein.
Folkehelseinstituttet er uroa over auken i bruk av smertestillande medikament, særleg blant barn.
Illustrasjon: NTB
Denne veka melde Apotekforeningen om ny paracetamolrekord. I fjor selde apoteka 7,4 millionar esker med paracetamoltablettar. I tillegg kjem pillene som blir selde på alt frå Kiwi til Circle K. Til saman er det snakk om 660 millionar piller. Statistisk sett hadde kvar nordmann 100 piller med 500 milligram paracetamol liggande i fjor, uttalte fagdirektør Hanne Andersen i ei pressemelding onsdag morgon.
Siv Skarstein er professor ved Fakultet for helsevitskap ved OsloMet og står bak fleire studiar knytte til bruken av smertestillande medisinar.
– Vi tar paracetamol som om det var helsekost. Kva er det som feilar oss?
– At nordmenn bruker mykje paracetamol, heng saman med at vi ligg høgt internasjonalt når det gjeld vedvarande kronisk smerte, slik vi òg gjer når det gjeld talet på uføre. I tillegg har vi sett ein auke i medikalisering generelt. Til dømes får fleire antidepressiv, ADHD-medisin og liknande. Utviklinga seier mykje om haldningane vi har til helse, smerte og medisinbruk, og om samfunnsutviklinga.
– Det kjem jo fram at særleg unge kvinner ikkje berre tar Paracet mot hovudpine og menstruasjonssmerter, men mot angst og stress og for å få sove. Verkar smertestillande mot stress og angst?
– Utfordringa ligg i at smerte er eit breitt omgrep. Det du kallar smerte, er kanskje ikkje smerte for meg. Sorg, til dømes, kan vere smertefullt. Derfor er smerte vanskeleg å bruke som indikator. Ein treng konkrete skildringar av årsaker og symptom. Kor gjer det vondt, kor vondt er det, kor lenge har du hatt vondt, har du feber, og så vidare. Ved langvarige smerter speler ofte psykososiale faktorar saman med den kroppslege reaksjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.