Fødedilemmaet
Vi kan ikkje både få gode fødeavdelingar og kort reiseveg i heile Noreg, seier medisinprofessor Ola Didrik Saugstad.
I solidaritet med den såkalla bunadsgeriljaen i regi av folk i og rundt Kristiansund stilte Trygve Salgsvold Vedum (Sp) onsdag opp i bunad i Stortingets spørjetime då han ville vita kva statsministeren ville gjera med fødeavdelinga i Kristiansund.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Igjen har det brote ut strid om fødeavdelingar. Ei sitjande regjering som får slikt i fanget, veit at ho slit. Det er nok å seia Liv Signe Navarsete og «natt og dag». Er Sp i regjering, kjem Frp. Er Frp i regjering, kjem Sp. No er det Kristiansund som har skapt strid. I påvente av nytt fellessjukehus for Kristiansund og Molde er kvinnene på Nordmøre vortne pålagde å reisa til det gamle sjukehuset i Molde når dei skal føda.
Professor Ola Didrik Saugstad er Noregs internasjonalt mest siterte barnelækjar og ein av verdas leiande klinikarar på premature born.
– Er det bra med mange fødeavdelingar i Noreg?
– Nei, det er nok ikkje det. Sentralisering av fødslar har i det store og heile ført mykje godt med seg. Om vi tenkjer oss at fødslar skal gå føre seg fagleg optimalt, er få og store fødeavdelingar klart best. Men slik kan vi ikkje heilt tenkja i Noreg, for her er vi få menneske spreidde over store område. Då møter vi dilemmaet: Vi kan ikkje både få det fagleg optimalt og ha kort reiseveg for alle.
– Kva er den beste balansen?
– Han er det ikkje lett å finna. Fødestover vil eg ikkje ha, men vi er no der at vi bør vera varsame med å fjerna fødeavdelingar. Særleg ser vi dette i Nord-Noreg. Der må vi berre slå fast at vi må ha fleire fødeavdelingar enn det som er best frå eit fagleg synspunkt. Sjølv om vi sentraliserer til Tromsø, vert ikkje den fødeavdelinga så stor som ho burde vera. Sjølv landa eg på å støtta ei nyføddintensivavdeling i Bodø då det var snakk om å sentralisera henne til Tromsø, sidan Tromsø likevel ikkje vart stort nok. Og om ei stor avdeling i Tromsø ikkje er stor nok, kan vi tenkja oss korleis det er for dei som bur rundt Kirkenes og Hammerfest i Finnmark. Men det er ikkje til å koma forbi at lang reiseveg gjer at mødrene med ein viss grunn kjenner seg utrygge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.