– Flytt makta ut av hovudstadane
Oxford-økonomen Paul Collier vil reformera kapitalismen, som har fungert stadig dårlegare dei siste 40 åra.
Nesten all politisk og finansiell makt i Storbritannia er no samla i London. Økonomen Paul Collier meiner det er naudsynt å overføra politisk makt til lokale aktørar med såkalla taus kunnskap, det at ein berre veit noko som er viktig, utan at det er heilt formulert.
Foto: Frank Augstein / AP / NTB scanpix
Kvifor fungerer ikkje britiske politikk lenger? Av di partia for lenge sidan slutta å gje britane det britane treng. Folk har gått lei.
– Ein prosent av britane er medlemer av eit politisk parti. Kven er denne eine prosenten som styrer Storbritannia? Det er reine ideologar, og dei finn vi i to særskilde aldersgrupper. Vi har dei eldre mennene i Tory som er klare for gamleheimen. Labour, på si side, er styrt av ideologiske born. Og så må resten av oss 99 prosent velja. Vil vi ha dei presenile eller ungane?
Sitatet kjem frå Paul Collier, den særs framståande britiske økonomen som førre veke heldt eit frukostseminar i Oslo i regi av Civita. Der ville ikkje Collier ha på seg at han røysta for brexit.
– Eg er mot brexit, men har stor forståing for mytteristane. Dei på «Bounty» gjorde opprør av di det vesle drikkevatnet som fanst om bord, vart nytta til å vatna brødfruktene som skulle heim til England. Eg hadde vore med på opprøret. Dei ville ha vatn. Men dei ville ikkje dit dei til slutt hamna, på ei lita øy midt i ingenmannsland. Og det er der britane no kan enda, heilt åleine på ei isolert øy.
Kapitalismeframtida
I snart eit halvt år no har Collier turnert med boka The Future of Capitalism, som vart meld her i avisa i fjor haust. Collier meiner at kapitalismen er inne i den tredje store krisa. Den fyrste kom med industrialiseringa av Nord-England, då byane voks for fort og kaotisk og det braut ut sjukdomar, svolt og massedød. Denne krisa var det dels rike eigarar som rydda opp i ved å byrja med byplanlegging og ordna husvære, dels var det arbeidarane sjølve som organiserte seg i samvirke som mellom anna hindra andre forretningsmenn i å taka superprofitt av arbeidarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.