– Flyplassen treng utbetring
Avinor meiner det er ein god idé å flytta flyplassen i Bodø.
Dag Falk-Petersen er konsernsjef i Avinor.
Foto: Avinor
I førre veke omtalte Dag og Tid kostnadssjekken som Holte Consulting har gjort av planane om å flytta flyplassen i Bodø 900 meter. Kostnaden vert om lag 6 milliardar, og Holte rekna seg fram til at alle pengane vart bortkasta. Flyttinga gjev ingen samfunnsøkonomisk verdi, meiner dei.
Det er Avinor som er faginstansen som driv flyplassen no, og som skal flytta han. Dag Falk-Petersen er konsernsjef i Avinor, som støttar flyttinga.
– Eg vil likevel understreke at det ikkje er Avinor som har sagt at det er trong for å flytta flyplassen. Det er det Bodø kommune som har ynskt. Men at det er trong for å utbetra flyplassen, er tvillaust. Han er frå 1950 og ligg på grunn som rører på seg. I 2014 såg vi på to alternativ: Anten å lata rullebana liggja der ho ligg, og grava ned til botnen, eller å flytta rullebana 60 meter mot sør. Då kom vi til at det truleg var billigare å flytta bana 60 meter, men no har vi kome til at det har omtrent same kostnaden.
– Men likevel har de laga eit alternativ som inneber å flytta flyplassen 900 meter?
– Ja, Bodø kommune har no når Forsvaret skal flytta, ynskt å frigjera store areal for byutvikling. Dette har Bodø fått støtte for både frå regjeringa og Stortinget i Nasjonal transportplan. Eg meiner det er meiningslaust å ha ein flyplass som i praksis vert liggjande midt i byen. I tillegg vil det å flytta han 900 meter få bort støyproblema. No flyg vi inn over tettbygde område, med ein ny flyplass flyg vi ut og inn over sjøen.
– Det var meir støy då Forsvaret var der, og offentlege prosjekt har det med å gå på ein budsjettsprekk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.