JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Flest private att

UDI kjem til å leggje ned endå fleire mottak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2123
20171222
2123
20171222

Ikkje sidan 90-talet har det kome så få asylsøkjarar til Noreg som no. Det inneber at Utlendingsdirektoratet ikkje berre legg ned den ekstra mottakskapasiteten som vart bygd opp i samband med flyktningkrisa, men òg fleire mottak drivne over fleire år.

Frode Forfang, som er direktør i Utlendingsdirektoratet, skreiv i eit blogginnlegg tidlegare i haust at alle typar driftsoperatørar har måtta avvikle mottak, men at det i tal er private aktørar som har redusert mest. Når alle dei per no varsla mottaksavviklingane er gjennomførte 1. april neste år, kjem likevel nær 60 prosent, eller 23 av 39 attverande mottak til å vere private, medan elleve vil vere kommunale og fem ideelle. Det syner tal frå UDI, som inkluderer ordinære mottak, transittmottak, integreringsmottak og mottak for einslege mindreårige.

Medan det rundt årsskiftet 2015/2016 var over 30.000 bebuarar i norske asylmottak, er talet rundt 7000 i dag.

Dag og Tid har spurt UDI i kva grad det er teke omsyn til historikk, kontinuitet og innhald i arbeidet på mottaket når Sunndal mottak er vedteke lagt ned.

– Vi har hatt svært gode erfaringar med mottaket i Sunndal og det lokale engasjementet rundt mottaket. Etter å ha lagt ned mange mottak det siste halvtanna året, er det derimot berre godt drivne mottak vi står att med, svarar regiondirektør Rune Vordahl i eit e-brev.

Det er ifølgje UDI for tida ikkje nok ledig kapasitet til at alle bebuarane ved Sunndal får ny mottaksplass i same region. Enkelte kjem såleis til å verte flytta til mottak i andre regionar.

Etter at Sunndal vart vedteke nedlagt kom det nye bebuarar til mottaket, familiar med barn som no har starta på skulen i Sunndal. Kva er tanken bak slike mellombelse flyttingar?

– Dette vart gjort for at desse familiane skulle få halde fram med å bu saman. Då måtte vi bruke plassar ved Sunndal asylmottak, som var det einaste mottaket som hadde ledige familieplassar. Òg i framtida kjem det til å vere avgrensa tilgang til familierom, og andre familiar kjem difor til å måtte bu seg på fleire flyttingar, skriv Vordahl.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis