Helse

Feittet sit fast

Slanking er vanskeleg, men somme får det til. Og det er i grunnen alt vi veit.

?– Trening har mange positive effektar, men vi bør heller byrja med noko så enkelt som å koma oss opp av sofaen, seier professor Jøran Hjelmesæth.
?– Trening har mange positive effektar, men vi bør heller byrja med noko så enkelt som å koma oss opp av sofaen, seier professor Jøran Hjelmesæth.
Publisert

Dei fleste av oss kjenner slankaren – mora som etter tre born tek seg saman, byrjar i ei trimgruppe og går ned i vekt, samstundes som ho får betre kondis. Endå meir typisk er kan henda mannen med karriere og god inntekt som i ein alder av 45–50 får melding av fastlækjaren om at både blodtrykket og kroppsmasseindeksen er noko uheldig. Året etter har han gått ned 15 kilo, går Birkebeinaren og deltek på Trondheim–Oslo på sykkel. Dei to vert gjerne fanatikarar og spreier den gode bodskapen til alle som vil høyra, og enda fleire som lèt att øyro.

Skal vi tru den etablerte fedmevitskapen, dei fremste og desillusjonerte slankeforskarane, er den vellukka slankaren ein myte. Han finst knapt. Eller som Gro Beate Samdal og Eivind Meland frå Forskingsgruppe for allmennmedisin ved Universitetet i Bergen skriv i ein artikkel i Tidskrift for Den norske legeforening: «Folk forstår at det å slanke seg er et håpløst prosjekt for de aller fleste.» Konklusjonen deira, etter å ha gått gjennom store mengder forsking på slanking, er nådelaus: «Uansett hvilke metoder man bruker for å slanke seg, får man en vektreduksjon på kort sikt. Men på lang sikt kommer kiloene tilbake, og ofte er de flere enn før.»

Få vellukka

Påstandane til desse to er på ingen måte unike, og dei har tilsynelatande heilt rett. Forskinga syner at få vert vellukka slankarar etter standard vitskapleg metode. Den typiske forskinga er slik: Ein tek to grupper, gjerne tilfeldig plukka ut, såkalla randomiserte. Den eine gruppa får ein diett og rettleiing. Den andre gruppa vert utsett for noko anna, eller får melding om ikkje å gjera noko som helst. Dei som vert plukka ut, er som regel personar med kraftig overvekt som har vore innom helsevesenet med fedmerelaterte sjukdomar. Det er altså folk som slit og har oppsøkt helsevesenet for å få hjelp.

Men då vert spørsmålet: Er dette rett metode? Granskar ein i hovudsak folk som slit, folk som ikkje har hatt sjølvdisiplin nok til å kontrollera vekta på eiga hand? Går ein ikkje glipp av dei med god viljestyrke og høg motivasjon? Dei som eventuelt greier å slanka seg på eiga hand, som byrjar å trena systematisk og strukturert over år, og som berre er innom fastlækjaren for årlege helsekontrollar, vert i mykje mindre grad forska på enn klientar. Kort sagt: Kan vi lita på slankeforskinga som seier at slanking og trening ikkje fører til varig vektnedgang?

Bortkasta mot vekt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement