Færre jobbar, færre born

I fjor var fødselstala i Noreg rekordlåge. Etter finanskrisa i 2009 har talet på kvinner som får born, gått tydeleg ned kvart år.

Norske kvinner får stadig færre slike.
Norske kvinner får stadig færre slike.
Publisert

Innanfor demografi er det ein fagterm som heiter Total fertility rate (TFR). I Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar ein omgrepet «samla fruktbarheitstal», som ikkje er god nynorsk. TFR fortel noko om kor mange born kvar kvinne kjem til å få gjennom livet, dersom fødselsmønsteret frå eit gjeve år held seg likt også i tida framover. TFR reknar vi ut ved å leggja saman gjennomsnittleg tal born som er fødde per kvinne på kvart alderssteg mellom 15 og 49 i eit gjeve år. I fjor vart TFR-en i Noreg berre 1,48. Lars Dommermuth er seniorforskar ved SSB.

– At fødselstala går ned, er ikkje på nokon måte unikt for Noreg?

– Nei, det er ikkje unikt for Noreg. Vi ser at det rundt 2009–2010 skjedde ei endring i talet på fødde og TFR i alle dei nordiske landa. Frå 2010 til i dag har nordiske kvinner født stadig færre born. Vi har òg sett ein liknande tendens i fleire europeiske land som før hadde relativt høg TFR: Nederland, Belgia og Storbritannia og i dei siste åra også Frankrike. Vi ser derimot at i land som lenge har hatt låg TFR, Spania og Italia, så har ikkje TFR-en gått ned. Han ligg stabilt lågt. I Tyskland, som lenge hadde låge tal, gjekk fødselstala rett nok ei stund litt opp etter 2010, det trur vi har hatt med auka overføringar å gjera. Men no har tala igjen gått ned. Så nei. Tendensen er ikkje unik for Noreg.

– Korleis skal vi likevel forklara dei låge fødselstala i Noreg?

– Det er to ting vi kan trekkja fram. Det eine er ei mekanisk forklaring. TFR vert endra ved at alderen ved fyrste fødsel har gått opp. Vi har fått færre unge som får born, i kombinasjon med at det ikkje er særleg mange eldre som får fleire born. Då går TFR mekanisk og automatisk ned. Så kan ein vona, om ein er normativ og ynskjer at eit samfunn skal få fleire born, at dei som utset fyrstegongsfødselen, får fleire born når dei vert eldre. Den andre tendensen er at færre får tre born eller fleire. Der har vi sett ein langvarig trend.

– Er dette rett? Eg har sjølv tre born som er fødde rundt 2000 og litt etter. Då meiner eg å hugsa at det var ein del snakk om auka fødselstal av di fleire kvinner fekk minst tre?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement