JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Farlege tankesmier

Terroren har vist seg på norsk jord igjen. Også denne gongen er det dei høgreradikale miljøa som har levert tankegodset som ligg bak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4170
20190816
4170
20190816

Kommentar

janinge.sorbo@hivolda.no

Åtaket på Al-Noor Islamic Centre i Bærum var målretta og heng saman med førestillingar om at innvandrarar generelt, og muslimar spesielt, er eit trugsmål mot eit norsk «oss».

Når ei sak som denne skal etterforskast og utgreiast, vil det heilt sikkert koma fram element som er knytte til gjerningsmannens biografi, psykiske helse og utvikling mot eit destruktivt handlingsmønster. Slik må det vera.

Men denne opprullinga må ikkje dekka over at vi har å gjera med eit politisk problem, og djupe politiske straumdrag. Mange av dei høgreradikale terroristane i inn- og utland har vore gjennom kriser, kjærleikstap og isolasjon og har vore plaga individ. Det kan ha sitt å seia når dei tek ei resolutt avgjerd om å drepa og øydeleggja. Om dei var lukkelege, hadde meiningsfullt arbeid og var i gode relasjonar, ville dei kanskje ikkje sett seg sjølve og andre på spel på denne måten.

Kollektive mønster

Men kva slags handlingar ein grip til når ein er desperat, er inga individuell sak. Det har å gjera med kollektive mønster som ligg i kulturen. Når individa blir svake og skrøpelege, ser dei seg om etter roller som gjer dei store og heroiske, og i dag kan ein finna dei i politiske ideologiar. Og den politiske ideologien som har ført til størst skade her til lands, er høgreekstremismen.

Det ligg i sjølve førestillinga om at kulturen vår er under åtak frå «dei andre», at vi er i ein krigstilstand som mange ikkje har oppfatta, men som den høgreradikale har ei slags privilegert innsikt i, og som han freistar å gjera tydeleg gjennom terrorens blodige språk. Difor er han i eigne augo ikkje berre krigshelt, han er også ein profet som riv sløret bort og viser oss at vi er i krig.

Slike førestillingar florerer på nettet. Nettstaden Gates of Vienna, der barnemordaren på Utøya fekk avgjerande inspirasjon, spelar nettopp på krigen som bilete. Portane i Wien var grensa mot det islamske, ottomanske riket på 1600-talet. Dei høgreekstreme vil ha oss til å tru at vi er i same situasjon, trass i at ein overveldande majoritet av muslimane i Europa er overtydde demokratar og vil halda på det europeiske systemet.

Tankegangane i den islamistiske terroren er nokså lik; også der handlar det om ein krig mellom sivilisasjonar. Begge retningane har internasjonale nettverk, og begge appellerer til folk i sosialt og psykologisk vanskelege situasjonar.

«Svenske tilstandar»

Med tanke på den høgreideologiske terroren, som vi fekk eit avskyeleg eksempel på sist helg, er det nødvendig å sjå kritisk på heile ordskiftet om innvandring. Ein har lenge argumentert med at ein må unngå «svenske tilstandar», som tyder at ein teier om vanskane med integreringa. Dette har skapt aksept for å koma med ytringar som ein for nokre år sidan ville forkasta som rasistiske og uakseptable. Politikarar i posisjon må vera klare over at om dei gir seg inn på teoriar om at innvandringa er ein fare for heile nasjonen, vil det høgreideologiske undergrunnsmiljøet straks ta dette til inntekt for militante handlemåtar. Det stiller krav til den politiske diskusjonen. Innvandring og integrering er politiske tema som må drøftast, men ein må heile tida vita at formuleringane kan takast til inntekt for dei mørke kreftene. Når til dømes Donald Trump omtaler innvandrarar i dyremetaforar og snakkar om rottereir og så vidare, er det ein språkbruk som i underverda blir oppfatta som klarsignal til å rydda ut denne gruppa.

Dette stiller krav også til dei innvandringskritiske politikarane våre, som rett som det er slår om seg med teoriar om at det norske velferdssamfunnet står i fare.

Men størst ansvar har dei som slepper hatet laus i kommentarfelta. Det finst eit mørkt nett, også politisk, som fører unge menneske inn i meiningslause og desperate handlingar. Å halda desse kreftene under kontroll har media og politikken eit felles ansvar for.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Størst ansvar har dei som slepper hatet laus i kommentarfelta.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis