Fakta tel, men verdiar avgjer
Debatten om kvar norsk ulv eigentleg kjem frå, stoggar aldri. Kan norsk ulv delvis stamma frå ein fransk dyrepark? Og skyt reinsdriftssamar ulv ulovleg?
Sei ordet «ulv», og du får demonstrasjonar utanfor Stortinget. Her protesterer Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk og Naturbruksalliansen i januar i år.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Denne veka kom det i Nationen fram at Norsk Bonde- og Småbrukarlag har finansiert gentesting av blod teke frå sju daude norske ulvar. Funna syner visstnok at ulven vår mellom anna har innslag av genar frå ein fransk dyrepark. Dimed må ein eller fleire ulvar medvite ha vorte plassert ut anten i Noreg eller i Sverige. Ordskiftet om kvar den norske ulven stammar frå, ser aldri ut til å taka slutt. Morten Tønnessen er professor ved Universitetet i Stavanger og har forska på ulvedebatten.
– Kvifor får vi stadig denne debatten om at norsk ulv er eit resultat av manipulasjon?
– Det ser ut til å vera vanskeleg å skilja mellom det som er etablert forskingsfunn, og det folk av ein eller anna grunn trur er sant. Båe synspunkt vert tillagde verdi i den offentlege debatten. Dimed får vi innslag av det som kan minna om konspirasjonsteori. Teorien går ut på ulven ikkje er «naturleg» heimehøyrande i Noreg, men derimot er sett ut av styresmaktene, eventuelt miljøvernarar. Forskarar som har sett på desse påstandane, har ikkje funne noko prov på at utsetjingsteorien har noko føre seg.
– Så kvar kjem ulven frå, han var då i si tid utrydda?
– Det som er dokumentert, er at ulven vi har, stammar frå ulv som har migrert over den finske og russiske grensa. Problemet er at det har kome altfor få slike ulvar, og vi har dimed fått eit stort innavlsproblem. Difor meiner forskarane at det trengst friske genar inn i den norsk-svenske ulvestammen.
– Men då er kanskje det logiske steget å setja ut ulv?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.