– Få falske positive

Noreg har treft godt med tiltak mot covid-19, seier Folkehelseinstituttet.

FHI har ei von om at tiltaka mot covid-19 kan lettast på til sumaren.
FHI har ei von om at tiltaka mot covid-19 kan lettast på til sumaren.
Publisert

Tiltaka mot covid-19 held fram, og stadig fleire vert testa. Kvifor? Joakim Øverbø er lækjar ved Folkehelseinstituttet (FHI)

– Svært mange vert testa i Noreg. Ynskjer FHI at vi skal ha ei så omfemnande testing?

­– Vi seier at vi ynskjer at personar med symptom skal testa seg, og det er stort sett slike som vert testa.

– Det er vel ikkje heilt rett. Dotter mi er testa og sit i karantene av di ein medelev vart smitta.

– Ja, det er rett at den gruppa òg er stor. Desse testane meiner vi også er rette. Om ein testar personar som har vore i situasjonar som har gjeve auka risiko for smitte, kan vi få meir effektiv smittesporing og stogga spreiing av covid-19. Slik testing støttar vi også.

– Grunnen til at eg spør, er at FHI tidlegare var skeptisk til massiv testing, og de snakka om faren for falske positive. Men no testar vi altså mange som ikkje har viruset. Veit vi at påvist smitte er reell smitte?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement