Nyhendeanalyse

EU er delt om Israel

Sjølv om ei rekke vestlege land måndag anerkjente Palestina som stat, er vegen fram mot ein felles EU-politikk andsynes Midtausten lang.

  

French President Emmanuel Macron addresses the 80th United Nations General Assembly at U.N. headquarters in New York, U.S., September 23, 2025. REUTERS/Eduardo Munoz
President Macron taler i FN to dagar etter at Frankrike, Storbritannia, Canada, Australia og ei rekke andre europeiske land anerkjente Palestina som stat.
Publisert Sist oppdatert

Eigentleg skulle dette vere Frankrikes største diplomatiske siger dette tiåret: I sommar varsla Frankrike, som første G7-land, at dei ville anerkjenne Palestina. Då Australia, Canada, Storbritannia og ei rekke andre europeiske land følgde dei, fekk franske styresmakter dei med seg på ei felleserklæring, der dei oppmoda stadig fleire andre land til å anerkjenne Palestina. Og måndag, då Frankrike til slutt skulle formalisere anerkjenninga, hadde dei invitert partnarland til ei diplomatisk markering under FNs høgnivåveke i New York. 

Irak-augeblinken 

Macron hadde nok vona dette skulle bli ei diplomatisk stjernestund av same format som då den franske utanriksministeren gjekk ut mot Irak-krigen i 2003, eller Paris-avtalen i 2015. Slik gjekk det ikkje.

Rett nok kom den franske anerkjenninga samstundes med den australske, britiske og canadiske. Men det var vel så interessant kva land som ikkje møtte opp: Tyskland og Italia har varsla at dei ikkje vil anerkjenne Palestina som stat. Ingen av dei møtte opp til seremonien.

Tysk FN-valkamp 

Eigentleg har leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, blitt kritisert for å fremje Israel internt i EU. No har ho opna for å suspendere delar av handelsavtalen EU har med Israel, noko som kan råke israelsk økonomi hardt. Her frå eit møte med den dåverande israelske utanriksministeren i 2023.

Dei følger i staden eigne mål. Saman med USA har dei to EU-landa vore blant dei største våpenleverandørane til Israel. Den høgrepopulistiske italienske regjeringa har dessutan venskapelege band til Benjamin Netanyahu og partiet hans, Likud - sjølv om den humanitære krisa på Gaza-stripa no gradvis har ført til ei meir kritisk linje frå den italienske statsministeren. 

For den tyske sentrumsregjeringa er forholdet meir kjølig, trass i at landet tradisjonelt har vore mellom dei mest Israel-venlege i verda. I sommar overraska forbundskanslar Friedrich Merz alle ved å stanse eksport av militært materiell som kan nyttast i Gaza.

Palestina vil han likevel ikkje anerkjenne før det ligg føre ein avtale som gir varig fred. I staden brukar tyske diplomatar høgnivåveka til å drive valkamp for å bli vald inn i Tryggingsrådet. Men den sterke Israel-støtta kan føre til at Tyskland blir meir diplomatisk isolert og mistar støtte frå arabisktalande land. 

Handelspress 

Israel er sårbart for europeisk press. 32 prosent av utanrikshandelen er med EU.

Uansett er det diskutabelt i kva grad ei anerkjenning av Palestina som stat faktisk vil påverke situasjonen i Midtausten. Det er dei stridande partane sjølve som må gå inn for ein varig fred. Torsdag gjekk Netanyahu kraftig i rette med dei europeiske landa som no har anerkjent Palestina: «Dei vil ikkje binde Israel på nokon måte». 

Men Israel er sårbart for europeisk press. Med 32 prosent av utanrikshandelen er EU den viktigaste økonomiske partnaren til Israel. Presset for å oppheve frihandelsavtalen mellom EU og Israel blir stadig sterkare. For EU er handelen med Israel langt mindre viktig, og utgjer mindre enn 1 prosent av den totale utanrikshandelen.

Den 10. september varsla leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, at ho ønskte å suspendere delar av frihandelsavtalen med Israel. Får ho fleirtal for dette blant medlemslanda i EU, vil det for alvor setje Netanyahu under press.