Etternamn!Måndag morgon gjekk eg søvndrukken og trøytt på T-banen på Nationalteateret. Så langt var alt normalt. Eg var fylt med mitt indre hat mot tidlege morgonar. Men med ein gong eg kom inn, byrja ei ven kvinne å smila til meg. Det er på ingen måte nor

Publisert

Måndag morgon gjekk eg søvndrukken og trøytt på T-banen på Nationalteateret. Så langt var alt normalt. Eg var fylt med mitt indre hat mot tidlege morgonar. Men med ein gong eg kom inn, byrja ei ven kvinne å smila til meg. Det er på ingen måte normalt. Eg vart så forvirra at eg straks og med éin gong snudde meg vekk og vart ståande ved døra. Men kva gjorde dama då? Ho kom bort til døra lenge før T-bana stogga ved Stortinget og heldt fram med å smila. Til slutt måtte eg innsjå det. Den pene dama smilte til ingen ringare enn meg.

Her burde eg sjølvsagt ha sagt noko lurt og sjarmerande og klokt, sidan eg er ein singel mann som liker vene kvinner som smiler til meg. Eg kunne til dømes sagt: «Korleis står det til med deg?» Til slutt, i det døra opna seg, kom eg på fylgjande særs sjarmerande setning: «Orsak at eg spør, men kjenner vi kvarandre?» Smilet forsvann, og då ho gjekk forbi meg, sa ho berre: «Ja, gjennom Harald.»

Men i svarte, då! Eg kjenner fleire Harald-ar. Eg kjenner til og med Harald Eia! Eg burde sjølvsagt ha sprunge etter henne, men kven vil vera plagsam mann i desse #MeToo-tider. Korleis kan eg få identifisert den fyrste dama som har smilt til meg i 2018, når eg kjenner så mange Harald-ar? Eg veit ikkje. Eg har ikkje den fjernaste idé.

Sanninga er at ho har påført meg eit traume. Eg får ho ikkje ut av hovudet. Dette bør pene damer i alle aldrar leggja seg på minnet. Ikkje smil til menn. Dei vert forvirra og fortapte og endar med å seia «kjenner eg deg?».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement