Etterlyser radiomangfald
Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) etterlyser svar på om store internasjonale medieselskap har svekt både mangfald og innhald i radiotilbodet her til lands.
Radio
ottar@dagogtid.no
I eit brev til kulturministeren spør stortingsrepresentanten frå Telemark:
– Er det rett at to kommersielle aktørar har kontroll over kven som får sleppa til på det nasjonale DAB-nettet og dermed kan halda andre borte heilt fram til 2032?
Sem-Jacobsen vil ha svar på om dette er i tråd med Stortingets intensjon om eigarmangfald.
Ho er også interessert i å få vita om kulturminister Trine Skei Grande vil ta initiativ for å finna ut kor mange som høyrer på DAB, om ein ser bort frå internett.
Sem-Jacobsen minner om at DAB langt på veg vart innført for å styrkja mediemangfaldet. I heile prosessen har det vore fokus på NRKs behov for fleire kanalar og eit breiare tilbod. Ho meiner det kan vera grunn til å spørja om eigarmangfaldet som Stortinget ønskjer seg, er godt nok ivareteke.
– I Senterpartiet var me kritiske til sløkkinga av FM-bandet, særleg tidspunktet og grunnlaget for sløkkinga. Me meinte at det ikkje var mange nok som hadde tilgang til DAB, og Senterpartiet gjekk inn for å utsetja FM-sløkkinga. Sidan har tida vist at det ikkje har gått så godt med omlegginga som mange trudde, seier Sem-Jacobsen, som kom på Stortinget i fjor haust.
Utanlandske selskap
Noreg har no 30 landsdekkjande radiokanalar. NRK står bak 15 av desse. Bak dei 15 andre nasjonale reklamekanalane står det berre to eigarar. Den eine er Modern Times Group (MTG), med hovudkontor i Stockholm – eit internasjonalt mediekonsern som driv på fire kontinent, blant anna med radio og betalingsfjernsyn. MTG eig TV 2 og Viasat, P4, P5, P6, P7 Klem, P8, P9, P10 og Radio Energy.
Det andre selskapet er Bauer Media, med hovudkontor i Hamburg. Dei står bak Radio Norge, Radio Soft, Kiss, Radio Norsk Pop, Radio Kiss, Radio Vinyl og Radio Topp 40.
I desember i fjor omtalte Aftenposten ein konfidensiell avtale frå 2012 mellom Telenor-selskapet Norkring, som eig sendenetta, og NRK, P4 og Radio Norge. Gjennom årleg nettleige har dei finansiert den nasjonale DAB-utbygginga. Avtalen gjev P4 og Radio Norge rett til å disponera det kommersielle DAB-nettet Riksblokk 1 fram til utgangen av 2031.
Inntil Aftenposten skreiv om avtalen ved juletider i fjor, hadde han berre vorte tilgjengeleg frå Kulturdepartementet i ein sladda versjon. Høgskulelektor Jørgen W. Lyngvær uttalte den gongen at det nok ikkje hadde vore tanken at andre skulle få leiga seg inn på P4 og Radio Norge sitt nett.
Oppsiktsvekkjande
I brevet til kulturministeren brukar Sem-Jacobsen Radio 3,16, ein kristen radio i Kristiansand, som døme på ein radiostasjon som ikkje får tilgang til det nasjonale DAB-nettet. Ho meiner det er eit godt døme på at mangfaldet vert borte. Radio 3,16 hadde inngåande samtalar med Bauer Media og var klare til å skriva under, men på overraskande vis trekte Bauer seg.
Sem-Jacobsen meiner det er oppsiktsvekkjande at kommersielle aktørar har avtale med Kulturdepartementet om eksklusiv rett til det nasjonale nettet heilt fram til utgangen av 2031.
– Eg set spørjeteikn ved om det er Bauer og MTG som skal styra kven som skal få vera nasjonale radiokanalar. Det er ikkje i tråd med det Stortinget gjekk inn for når det gjeld innhald og ikkje minst eigarmangfald. Det er mykje som er bra med DAB, men mange meiner at me heller burde ha rusta opp FM-nettet og venta på det neste teknologiske stadiet, som mange har langt større tru på.
I strid med lova
Svein Larsen, som er styreleiar i Norsk Lokalradioforbund og tidlegare P4-sjef, har tidlegare hevda at det som har skjedd, er i strid med konkurranselovgjevinga og internasjonalt regelverk. Dette førte til at Lokalradioforbundet klaga inn fleire sider ved DAB-innføringa for EFTAs overvakingsorgan, ESA.
Då FM-nettet vart sløkt i fjor, uttalte direktør Lars Søgaard i Konkurransetilsynet til Dagsavisen at DAB-omlegginga har gjeve dei riksdekkjande kommersielle kanalane høve til å kjøpa seg fri frå konkurranse.
Framleis på FM-nett
Sjølv om store delar av landet har fått DAB, er FM-nettet ikkje heilt daudt. Kring 200 lokale stasjonar fekk lov til å halda fram med å senda på FM. I Oslo er det lokale sendingar på fire frekvensar, som vart delte mellom fleire organisasjonar og ideelle verksemder. Nokre av dei er såkalla minoritetsradioar, som Radio Latin-Amerika, Pak Radio og Radio Tamil Musaram.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»