JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ArbeidSamfunn

Eternitten varte ikkje evig, men det gjer asbesten

Asbest forsvinn ikkje av å verte plukka ned frå eit tak, men det er kanskje ikkje så farleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ved hjelp av ein kranbil får vi eternittplatene greitt og trygt ned frå taket, men litt klatring er umogleg å unngå.

Foto: Siri Helle

10850
20221111

Asbest

Mineralsubstansen asbest har vore i bruk i mange hundre år.

Asbest er trykksterk og isolerer godt – også mot elektrisitet.

I moderne tid har asbest vorte brukt i mellom anna klednings- og takplater, lim, isolasjon, ventilasjonsrøyr og som gnistvern.

Asbest vart forbode i bruk i 1985. Sidan han ikkje er skadeleg så lenge han ligg i ro, er det ikkje eit krav om å fjerne asbest i bruk.

Skal du fjerne asbest, må han handterast etter forskrifta og leverast til eit godkjent mottak for deponering.

Renovering

siri@dagogtid.no

Det regnar. Og det blæs. Det er god, gamaldags vestlandshaust, og eg balanserer på eit låvetak. Over meg har eg himmelen, og under meg har eg færre og færre takplater og meir og meir fri luft med utsikt mot betonggolv. Likevel er eg meir gjennomsveitt enn regnvåt, meir irritert og rastlaus enn sliten og redd for å ramle ned.

Eg er det du kan kalle godt sikra: Utanpå arbeidskleda og regnkleda har eg ein kvit eingongsdress med hette, eitt par hanskar, ei friskluftmaske med filter av typen P3 og ein fallsikringssele som veg sikkert åtte kilo. Eg ser ut som ein romfarar, men kjenner meg alt anna enn vektlaus. Kvifor alt dette utstyret, seier du? Jau, no skal du høyre.

Gifta som berga husa

Tenk at du køyrer langs ein veg – ein vestlandsveg, til dømes. Langs vegen står det hus. Nokre er nye og fine, busette og passa på, og har det fint. Andre er heilt til nedfalls, ja nesten som ruinar å rekne, prega av tiår då ingen har brydd seg om dei. Men ganske mange er ein stad midt imellom – dei er så absolutt gamle, så definitivt tomme for folk og dyr og anna meiningsfull bruk. Likevel står dei. Kanskje er ei rute knust, kanskje tre, kanskje er kledningen roten her og der og grunnmuren litt sokken – men alt i alt er huset tett. Det held. Det overlever.

Kva er det som held desse husa oppe? Ofte har ingen vore inne i dei sidan 1960- eller 70-talet. Er det viljen det står på? Eller gode materialar og ein nøysam, men grundig byggeskikk?

Ja, båe dei to kan ha fingrar med i spelet. Men oftare enn vi nok likar å tenkje på, er det ein skikkeleg stygging som har berga desse husa: Akkurat kor mange gamle hus som har vorte berga av at dei ein gong på 1950-, 60- eller 70-talet fekk pålagt asbesthaldig eternittak, veit vi ikkje, men det er truleg ganske mange.

Eternitt for æva

I dag er asbest eit fyord med god grunn: Få stoff er så grundig dokumentert kreftframkallande som akkurat desse silikatminerala. Får du lungehinnekreft, til dømes, er det truleg at innanding av asbestfiber er ei medverkande årsak. Asbestose er ein lungesjukdom ein utviklar direkte som konsekvens av steinstøv frå asbest i lungene.

Difor har det vore forbode å bruke asbest i Noreg sidan 1985. Eternittak vart forbode å legge alt i 1979. Men kvifor nytta vi det i utgangspunktet? Jau, sjølvsagt fordi det er eit så forbaska godt materiale.

Eternitt har fått namnet sitt frå æva – aeternus er «æve» på latin. Og om eternittplatene ikkje ligg evig, så ligg dei lenge, og dei held tett: Asbestfibrane er sterke, dei motset seg både strekk og trykk, og dei isolerer, noko som også vil seie at dei ikkje forandrar seg med væte, varme, kulde og vind.

Då ein la eternittplater på løe-, bustad- og uthus landet over på for femti år sidan, trudde ein at ein hadde sikra husa sine for overskodeleg framtid. Platene er lette i vekt, lette å legge, kvar av dei dekker ein god kvadratmeter, og dei vert lagde overlappande. Berre to skruar med pakningar av papp og bly var naudsynte i toppen og botnen av kvar plate.

Asbest er heller ikkje skadeleg så lenge det ligg i ro. Å ha eit tett eternittak på eigedommen utgjer altså ingen særleg helsefare.

Men no byrjar ein del av platene å morkne i samanføyingane. Og då er det på tide å få dei ned. Og det er ikkje berre berre.

For sidan asbest er så sabla giftig, er det definert som spesialavfall. Som privatperson kan du rett nok sanere eigen asbest på din eigen eigedom, men avfallet må leverast på godkjend måte til godkjent mottak. Mange vel difor å nytte eit godkjent saneringsfirma for å kvitte seg med utysket.

Saneringsgodkjent

Eg er ein slik godkjent saneringsperson. I firmaet eg driv saman med sambuaren min, tek vi på oss ulike restaureringsjobbar, og innimellom inneber det å plukke ned gamle eternittak. For å verte godkjent har eg tatt eit to dagars kurs i utandørs asbestsanering. I bytte mot ein god del tusenlappar fekk eg teoretisk innføring i farane ved asbest, kor det er å finne, og korleis ein får det vekk på ein måte som ikkje er skadeleg verken for lokalmiljøet eller for meg.

Tiltaka er ikkje rakettvitskap, men dei krev at ein er tolmodig og nøyaktig: Området ein jobbar på, skal sperrast av, slik at folk er åtvara; flater kring asbestførekomsten skal dekkast til; vi som jobbar der, brukar personleg verneutstyr som eingongsdressar og masker med partikkelfilter; alle asbestbygningsmaterialar som vert fjerna og leverte inn til eit godkjent avfallsmottak, skal pakkast i dobbelt lag med plast og tape, som syner at det er asbestavfall i pakken.

Plast i jorda

Dobbelt lag med plast, altså. Vi brukar plast på rull i 2,6 meter breidde. Då får vi plass til åtte eternittplater i kvar doble plastpakke, og ein kvadratmeter eternitt krev om lag to kvadratmeter plast til innpakning. Slik hindrar vi at asbestfibrar kjem på avvegar under transport.

Men kva skjer med eternittplatene – og plasten – når han kjem fram til eit godkjent asbestmottak?

Dei grev det ned. Heile pakken, med plast og plater – ned i bakken med det. Ikkje kor som helst, sjølvsagt, asbestmottak har eigne stader reserverte for slikt avfall, men det er ikkje noko spesielt ved desse asbestgravplassane, anna enn at vi veit kor dei er, for her skal asbesten ligge til evig tid og ikkje vere eit problem så lenge han ikkje vert flytta på.

Og kva med alt eingongsverneutstyret vi har på oss? Kvite eingongsdressar skal skiftast ut etter kvar økt, altså etter kvar kaffipause. Det same med hanskar og filter i masker. Ned i ein bossekk merkt med «asbestavfall», og ned i bakken går det.

Ute av auge, ute av sinn, kallar vi det gjerne. For asbest er ikkje det heilt sant: Årsaka til at det ikkje er lov å dumpe asbesten andre stader enn i godkjende deponi, er jo at vi skal ha kontroll over kor han er.

Det er likevel utvilsamt at det vil dannast mikroplast i desse asbestdeponia. Slik kan ein seie at vi lagar nye miljøproblem samstundes som vi løyser gamle. Og di meir asbest vi sanerer vekk, di meir plass tek deponia. Men har vi noko alternativ?

Frå deponi til omn

Å lagre avfall i deponi er i det store og det heile ei ordning vi prøver å kome vekk frå. Årsakene er fleire enn berre plassen: Det er vanskeleg å verne seg heilt mot at skadeleg stoff kjem på avvegar, og ikkje minst går ein glipp av ressursar.

Stadig meir av avfallet vårt vert resirkulert, enten til nye variantar av det same eller til produkt lenger ned på kvalitetsskalaen: Høgkvalitetsplast vert resirkulert til plast av lågare kvalitet, papir vert til papp og toalettpapir, klede vert til fiberteppe og så bortetter. Blanda restavfall og trevirke vert brent til fjernvarme – så lenge det ikkje inneheld farlege stoff.

Somme farlege stoff kan brennast i spesialomnar – til dømes bromerte flammehemmarar frå batteri og PCB frå vindauge og kondensatorar. For nokre av dei, som PCB, er oska etter brenninga framleis skadeleg og må deponerast, men då er iallfall mengda monaleg redusert.

Og med slikt avfall som asbest har vi framleis ikkje ei einaste anna løysing enn å grave det rett ned. Dette vert gjort i Noreg og i alle andre land med eit system for å samle inn dei giftige bygningsdelane.

Frå asbest til sement?

For asbest kan ikkje resirkulerast – har vi trudd. Men kanskje er den sanninga på veg til å endrast. I Wolverhampton i England har selskapet Thermal Recycling samarbeidd med University of Wolverhampton om ein metode for å gjere nettopp det: å bruke høge temperaturar for å omskape asbesthaldige eternittplater til eit silikathaldig glas.

Sjølv om du kanskje knyter dette til verneglaset du klistrar på smarttelefonen din, får produktet frå Thermal Recycling andre bruksområde: Prosessen i den særs varme omnen skaper eternittplatene om til ei form for sement som, ifylgje produsenten, ikkje er meir skadeleg enn den forma for sement som vi brukar i dag.

Med då sit vi med eit nytt tusenkronersspørsmål: Kor skadeleg – og ikkje minst kor vanskeleg – er det å verte kvitt sement og betong?

Svaret på det er at berre 36 prosent av betong- og teglavfallet vart resirkulert i 2020, ifylgje Miljødirektoratet. Over halvparten vart levert til deponi.

Vi gjer så godt vi kan

Her kan vi truleg verte betre, men framleis må vi leve med nedgraven, plastpakka asbest – fordi vi ikkje har reelle alternativ. Teknologien frå Wolverhampton er ny og ung. Men om asbestresirkulering syner seg å vere eit alternativ, bør vi truleg prøve å nytte asbesten ein gong til, som sement, dersom vi kan vere sikre på at det nye, resirkulerte produktet ikkje er helseskadeleg.

Det er ein balansegang, det heile, er det ikkje? Som når det både blæs og regnar desse to dagane vi brukar på å plukke ned eternittaket. Då er det heilt umogleg å unngå at asbestfibrar, som er bitte, bitte små og lette, blæs av garde med vinden. Andre fibrar festar regnet til underlaget.

Vi gjer alt vi kan for å hindre at det vert att fleire asbestfibrar enn dei 0,1 fibrane per kubikkcentimeter som er godkjende etter Forskrift om asbest, men det er ikkje til å unngå at vi arbeider under andre forhold enn dei som sanerer asbesthaldig isolasjon kring ein oljetank i kjellaren på ein ungdomsskule. Ei forskrift kan truleg ikkje femne om alt.

Eitt potensielt helseskadeleg eternittak er iallfall tatt ned og deponert etter forskrifta. Opp vil det kome nytt tak, og låven vil stå i minst ein generasjon til – ja, han vil endåtil få ny funksjon: No er det solceller som vil utgjere takkdekket, og låven vil ikkje berre eksistere, men produsere sårt tiltrengd straum.

Å ha fått gode 160 kvadratmeter temmeleg roten og utbrukt eternitt ut av bruk, kjennest iallfall godt. Det same gjer det å kome ned frå takhøgda og ut av vernekleda. Vi skal vere glad vi har profesjonelle asbestsanerarar som både kan identifisere og fjerne asbest på ein sikker måte, men eg er glad dette ikkje er jobben min kvar dag. Til det er risikoen for høg. Det skjer at eg merkar eg pustar for lett i maska. Då har det vore ei opning ein stad, og luft med asbestfibrar kan ha smotte inn.

No seier ein gjerne at det tek om lag førti år å utvikle kreft etter asbesteksponering, så eg kan døy av ei heil rekke andre årsaker før den tid. Heldigvis kan eg ha mykje moro på same tid – ikkje minst med å ta vare på gamle hus.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis