JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

Ein varsla fiasko

Jens Stoltenberg seier at Nato no må stille vanskelege spørsmål. Vi bør gjere det same – til Jens Stoltenberg, norske politikarar og delar av norsk presse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14834
20210827
14834
20210827

Førre søndag, då Taliban var i ferd med å spasere inn i Kabul, stod eg og måla nokre vindaugskarmar mens eg høyrde på radio. Eit historisk augeblikk skulle skildrast, og NRK hadde sett inn ekstra ressursar. Ord som «Saigon», «største fadese», «uverkeleg» og så bortetter sat laust.

Klokka 12:22 spurde Dags­revyens Rima Iraki eksperten som var henta inn i studio: «I år er det tjue år siden vestlige styrker gikk inn i Afghanistan for å redde sivilbefolkningen fra Al Qaida, men hvis vi skal oppsummere de siste tjue årene, hva har man oppnådd?»

Dette er ordrett sitat. På målarspråket kallar ein det ein «heilagdag» om ein gløymer å måle eit område. For NRK var dette mildt sagt ein journalistisk variant av det same. Men det vert ikkje kalla «heilagdagar» om ein gløymer mesteparten av veggen og berre målar ein liten flekk, med feil farge.

«Vi» har kriga i tjue år, det har vore brukt fleire titals tusen milliardar kroner. Det er skrive tusen bøker, hundretusenvis analysar og millionar kommentarar om kva som skjer i Afghanistan. Og NRK melder på ein dag som dette at USA gjekk inn i Afghanistan for å redde sivilbefolkninga frå Al Qaida?

Eksperten i studio, Kristian Berg Harpviken (Prio), hadde ingen innvendingar mot denne historieforståinga, mest sannsynleg fordi han blei paff, eller at det ikkje var tid.

Den viktigaste grunnen til at USA invaderte Afghanistan, og sleppte 17.500 bomber over landet i løpet av eit par månader, var kravet om hemn for terroråtaka 11. september 2001. Amerikanarane ville òg hindre at Afghanistan blei eit reir for internasjonale terroristar. Eit meir overordna strategisk mål var å feste eit betre grep om Midtausten.

USA nytter trass alt militær makt for å sikre seg dominans og påverknad over heile verda. I åra etter Afghanistan-invasjonen gjekk USA òg til krig mot Irak. Konsekvensane av denne krigen var katastrofale for heile regionen. Både Irak og Syria blei øydelagde og mange hundre tusen menneske drepne.

Dei same menneska som stod bak krigen mot Irak – haukane rundt Bush, med John Bolton, Dick Cheney og Donald Rumsfeld i spissen – drøymde òg om å invadere Iran. Vi snakkar om realistiske, for ikkje å seie kyniske folk som var langt meir interesserte i å stadfeste og forsterke USAs makt, enn flyktige, høge ideal om å spreie demokrati, kvinnesak og homofiles rettar.

Nato-sjef Jens Stoltenberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og andre involverte seier at det som no er skjedd, er sjokkerande, overraskande, heilt uventa. OK, det gjekk fortare enn ein skulle tru var mogleg.

Då Taliban gjenerobra landet, var dårlege vegar det som seinka dei mest. Ingen av dei afghanske våpengreinene, som Vesten har brukt billionar på å byggje opp i snart tjue år, fyrte av eit skot. Dei kasta børsa og gjekk heim. Alle tunge våpen Taliban no har fått kontroll over, gjer at dei kan ta krigsherrane som «vi» allierte oss med, om nokon av dei seinare skulle prøve seg.

I strid med det mange no vil ha deg til å tru: Kollapsen var langt frå overraskande. Han var derimot sterkt forventa. Alle med vilje til å ta realitetane inn over seg, skjønte for meir enn ti år sidan at krigen var ei tapt sak.

Eg har kommentert denne konflikten sidan starten, og eg har mista tal på kor mange forsvars- og utanriksministrar eg har kritisert, og til dels raljert med, på grunn av den urealistiske og upålitelege retorikken dei har nytta om kva som går føre seg i Afghanistan. Den eine etter den andre, inkludert Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre, Grete Faremo, Anne Grete Strøm Eriksen, Espen Barth Eide, Børge Brende og Frank Bakke Jensen har freista å skjønnmåle situasjonen. Mykje av det dei har uttalt, har vore klipp og lim frå amerikanske kjelder.

At norske soldatar var i Afghanistan, og nokre blei drepne, gjorde nok at politikarar kjende eit ekstra press for å framstille oppdraget som meiningsfullt og ryddig, sjølv om det meste eigentleg viste det motsette.

Eg vil no sitere frå eit par kommentarar eg har skrive i norske aviser opp gjennom åra. «Retorikken som har festet seg rundt Afghanistan, er full av floskler, ønsketenkning, sprikende logikk og bevegelige mål».

Då utanriksminister Espen Barth Eide i 2013 stod på Stortingets talarstol og skrytte av kor bra det gjekk i Afghanistan, militært, politisk og økonomisk, skreiv eg: «Lyver utenriksministeren med vitende og vilje? Eller er det enda verre, og utenriksministeren faktisk tror han snakker sant og er uten kontakt med virkeligheten?» (Kommentar i Bergens Tidende, Nordlys og Stavanger Aftenblad i 2013.) For då var valdsnivået høgare enn nokon gong sidan krigen tok til (sett bort frå invasjonsåret 2011).

Dei afghanske styrkane som Eide hadde slik tru på, var ifølgje nøytrale rapportar lite anna enn tomme skal, og dei kontrollerte ikkje særlig meir enn eigne basar. Taliban var styrkt, nye militsar dukka stadig opp.

Eg skreiv: «Afghanistan ser ut til å gå fullstendig i oppløsning tidligere enn de fleste trodde var mulig.» Fordi: «Millioner har flyktet fra landsbygda til slumleirer i de store byene, og knapt noen tør vende tilbake. Rekordmange søker asyl i utlandet. Rapporter om kvinners situasjon gir et så mørkt bilde at de hemmeligstemples. President Karzai, som vi utnevnte til konge i landet, og som har beholdt makten ved hjelp av korrupsjon og valgfusk, mangler legitimitet. I Afghanistan kaller de ham ’borgermesteren av Kabul’.»

Då Eide stod og villeia det norske folket, kunne ikkje norsk ambassadepersonell i Kabul forlate festninga av ein ambassade med mindre dei sat i pansra bilar med skotsikre vestar og var omringa av ei stor gruppe væpna vakter.

Eg skreiv òg: «Afghanistan opplever den største bistandsboblen i historien. Så snart pengene blir borte – og det internasjonale samfunn har bare forpliktet seg for noen få år framover – kan vi begynne nedtellingen mot full økonomisk kollaps. Borgerkrigen er allerede i full gang. På egen hånd ville Afghanistan aldri greid å betale for sin egen hær, om man så bare brukte penger på dette, og lot alle andre oppgaver ligge.»

Konklusjonen blei, den gongen i 2013: «USA vet at krigen er tapt. De har kapitulert, og håper Taliban, verdens ledende antidemokrater, vil vise litt raushet.»

Eg siterer ikkje meg sjølv for å få inn eit usympatisk og uinteressant «Kva sa eg?», men for å vise at kritikken ikkje er etterpåklokskap. Grunnen til at eg skreiv slikt for ti år sidan, er nemleg ikkje at eg er så enormt klok, om du skulle ha begynt å sysle med den teorien. Det er fordi det var så innlysande at sjølv eg kunne sjå det.

Eg har ingenting å skryte av når det gjeld å skrive om Afghanistan, der eg berre har vore éin gong, og det var før krigen. Men alle som ville sjå, kunne det, rett framfor auga, i fullt dagslys. Derfor peikte svært mange på det same, i utlandet og i Noreg igjen og igjen, i år etter år.

Ein treng ikkje gå lenger enn til leiarane i Dag og Tid. Alle som ikkje lukka auga, såg at det var mykje som var alvorleg gale med Vestens politikk i Afghanistan, både i teori og praksis. Det fanst ingen levedyktig plan bak okkupasjonen. Alt kom til å rakne så snart Nato trekte seg ut.

Alt vi gjorde, var å lese dei tilgjengelege uavhengige kjeldene, som talte eit eintydig språk. Berre økonomien i det aleine! Ein trong knapt å kunne økonomi på vidaregåandenivå for å skjøne at eit land som fekk to tredjedelar av bruttonasjonalproduktet sitt frå bistand, og der mesteparten blei stole, også frå den mektige hæren som skulle byggast opp, ikkje gjekk noka lys framtid i møte. Enorme pengebeløp blei sprøyta inn, mykje blei ført ut av landet. Korrupsjonen nådde eit omfang, og så store summar var involverte, at det kjem til å bli sunge folkeviser om dette i Afghanistan om hundre år.

Det er berre ei lite overdriving å seie at dei einaste som ikkje skjønte – eller ville skjøne – kva veg det gjekk, var styresmaktene som hadde ansvar for situasjonen.

For det er i toppen det har svikta. Noko har vore alvorleg feil med viljen og evna til å ta empiri inn over seg. Ein har ikkje drive med realitetsorientering, slik vi bør kunne forvente i så alvorlege sakar. Sjølv i år har forsvarsminister Frank Bakke Jensen skildra krigen som viktig, riktig og verdifull for Noreg. Det same gjer – enno i dag – utanriksminister Søreide. Dei og forgjengarane deira har hatt tilgang på eit heilt statsapparat – utanrikstenesta, forskingsinstitusjonar og eige og mange allierte lands etterretning. Likevel har dei utan unntak mistolka situasjonen massivt. Så langt eg har registrert, er det ingen teikn på at nokon med ansvar har lært noko som helst, eller at dei kjem til å gjere det.

Det er alvorleg, det er uansvarleg, og det ser ut som ein systemfeil. For vi snakkar om krigar der mange land er blitt totalt raserte, og fleire hundre tusen menneske er døde.

Ein bør ikkje sjå Afghanistan isolert. Det vi har deltatt i, har heile tida handla om «det nye Midtausten», og om den «globale krigen mot terror». Begge delar blei klekte ut av neokonservative amerikanske haukar.

Konsekvensane er knapt til å overskode. Afghanistan-krigen førte til Irak-krigen, som førte til Syria-krigen. I tillegg har vi Stoltenbergs krig i Libya, som bør sjåast i samanheng med dei andre krigane – både med tanke på det katastrofale resultatet, og med tanke på korleis vi i Noreg handsamar slike prosessar.

Den mangelen på medvit som staten Noreg har vist rundt desse situasjonane, gjer at vi lett kan bli brukte for å fremje andre lands interesser. Desse er ikkje nødvendigvis overlappande med våre eigne.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen blei intervjua på NRK sist søndag. Der skrytte også han av alt «vi» har fått til – ikkje militært, sjølvsagt, men humanitært. Han snakka om korleis Nato hadde bidratt til ein betre infrastruktur, med vegar og helsevesen, og gjort det lettare for kvinner å få utdanning og jobb. Han hevda at Kabul, sist han var der, var blitt ein «fungerande storby»(!).

Til slutt sa Kristoffersen at USAs mål var å ta dei som stod bak 11. september-åtaka, og det oppdraget løyste dei. Heilt einig, så langt. Men så sa Kristoffersen at «vi oppfatta heile tida at oppdraget var å byggje eit velfungerande Afghanistan», og at «dette var heilt naturleg å byggje inn». «Vi var med på å byggje ein stat.»

Vi dreiv altså med en slags filantropisk imperialisme.

Var det full spagat i forståinga til arkitektane bak okkupasjonen, altså USA, og støttehjula, altså Noreg og andre land i Isaf-styrken? Kanskje ikkje like stor som president Biden vil gje inntrykk av, for å distansere seg frå fiaskoen. Men at Noreg og USA såg ulikt på oppdraget, er det liten tvil om. Amerikanarane har eit imperium og nyttar i høg grad militær makt til oppretthalde dette. Leiande norske politikarar, og mange journalistar, trudde derimot dei var med i ein humanitær krig og såg alt gjennom ei heilt anna linse. Men ingen i Noreg trudde vel at vi skulle byggje ein fungerande afghansk stat – med nokre få hundre soldatar som delar av tida knapt kunne forlate brakkene i den fjerne provinsen dei var sette inn i, av frykt for Taliban-angrep? For slik var det.

Biden seier no at USA ikkje invaderte Afghanistan for å drive nasjonsbygging. Sjølvsagt dreiv USA med nasjonsbygging også i Afghanistan. Problemet er, slik dei har vist i det eine landet etter det andre, at dei er oppsiktsvekkande dårlege til akkurat dette.

Kva med det Biden hevder var målet, altså å sikre at Afghanistan ikkje blei ein base for internasjonale terroristar? Vel, Al Qaida er borte. Dei er i dag bytte ut med Islamsk Stat (IS) og andre terrorgrupper.

Var denne krigen verd dei 22 tusen milliardar kronene som krigen har kosta, ifølgje Washington Post for nokre dagar sidan? For ikkje å snakke om 150.000 drepne – sivile og soldatar?

Eg seier ikkje at eg har alle svara, og eg veit at det er vanskelege avvegingar. Men neste gong ein liknande situasjon kjem opp – eg ser no at amerikanarane vil ha ein global koalisjon mot IS – bør dei i det norske statsapparatet som er involverte i avgjerda, vere betre førebudde, slik at vi slepp ein ny situasjon der den norske politikken, forvaltninga og militæret lèt seg styre av ønsketenking som er lett å gjennomskode – og som rett og slett er uverdig.

Delar av norsk presse bør også gå i seg sjølve for å ha støtta opp om biletet av den gode krigen. Det var ikkje tilfeldig at NRK, på dagen då Kabul fall, sa at Vesten gjekk inn i Afghanistan for å redde sivile frå Al Qaida. Det er snarare ein del av eit mønster.

Kor mange gonger har ikkje allmennkringkastaren skildra okkupasjonen som ei humanitær gladsak, med kvinner som endeleg fekk utdanning, og snille norske soldatar som hjelpte dei sivile, mens slemme, konservative afghanarar som ikkje kjende sitt eige beste, og nekta å ta imot vaksenopplæringa vi sjenerøst tilbydde, var eit trugsmål mot livet deira?

Denne dekninga, eller haldninga, er til forveksling lik den som den britiske og andre kolonimakter nytta for å legitimere eige nærvær på slutten av 1800-talet. Dei skulle bringe sivilisasjon til dei underutvikla og primitive folkeslaga – som dei kalla «rasar».

Ein som har noko å skryte av når det gjeld journalistikk frå Afghanistan, er Anders Sømme Hammer, som har reist dit no. I mange år var han den einaste journalisten som dekte Afghanistan på tradisjonelt vis. Han var ikkje «embedded» med norske eller amerikanske militære, men reiste rundt på bakken, der han leverte krystallklåre rapportar om kva som skjedde.

Alt på første side i boka Drømmekrigen (2010) skriv han om korleis norsk ålmente blei systematisk manipulert for at dei skulle ha sympati med dei norske soldatane, og for at journalistar ikkje skulle stille kritiske spørsmål og utfordre biletet som blei skapt frå toppen.

Enno freistar mange å reprodusere dette verdsbiletet og få det til at alt som er skjedd, har vore forsvarleg ut frå ein sinnelagsetisk logikk, der gode, humanistiske intensjonar ikkje berre fritek folk frå ansvar, men òg seier at vi ikkje treng å ta lærdom. Grunnen til at det gjekk til helvetet, var liksom inkompetansen til afghanarane. Betre lukke neste gong!

Mens Irak-krigen var dynka i løgner og skam, skulle Afghanistan vere vår gode, rettferdige krig. Slik blei det ikkje. Slik var det aldri heller.

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er idéhistorikar, journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Dei to kommentarane (frå 2010 og 2013) som Strøksnes siterer frå, skreiv han i spalta han då hadde i Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Nordlys.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I strid med det mange no vil ha deg til å tru: Kollapsen var langt frå overraskande.

Så langt eg har registrert, er det ingen teikn på at nokon med ansvar har lært noko som helst, eller at dei kjem til å gjere det.

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis