JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

🎧 Du er senil! Nei, du er senil!

Kva rolle kjem skuldingar om sviktande kognitive evner til å spele fram mot det amerikanske valet om ein månad?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Presidentkandidat Biden talar til fagforeininga for snikkarar.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB

12894
20200925
12894
20200925

Lytt til artikkelen:

Biden mot Trump

Ida@dagogtid.no

Min merkelegaste vennskap er med ein pensjonert oljemogul frå Texas som heiter Denny. Denny er feit og rosa og gift med Cathy. Han er tidlegare direktør for salsavdelinga i ExxonMobil, eit av verdas største olje- og gasselskap, og var i mange år ein sentral donator til Det republikanske partiet. Han er òg eit usedvanleg kjekt menneske: evangelistisk i livssyn, mafios i livsførsel og ei utømmeleg kjelde til anekdotar frå innsida av dei amerikanske maktkorridorane. Denny og eg plar møtast fleire gongar i året, i ulike land rundt om i verda, i høve styremøta til eit fond som han er styremedlem i, og som eg har ei slags familiær tilknyting til.

Profetien

I mai 2019 sat eg og Denny til bords på ein restaurant i Liechtenstein og snakka om det nyleg offentleggjorde kandidaturet til Joseph Biden.

– Eg spelte golf med Biden for nokre veker sidan, sa Denny. Eg og Cathy kjenner han og kona godt. Joe kjem til å vinne den demokratiske nominasjonen.

– Hæ, sa eg, for dette stemte ikkje overeins med det ein på den tida las i avisene.

– Han har jo ikkje ein sjanse, sa eg, han er altfor gammal, han berre snøvlar og tabbar seg ut.

– Nja, sa Denny. Slik ser det ut no. Berre vent.

Demensfeiden 2020

Eit år seinare tenkte eg at Denny hadde teke feil. Biden såg ut som den minst karismatiske av dei demokratiske kandidatane. Men så byrja noko å hende. Fyrst klarte han seg overraskande bra i ein debatt mot den langt meir taleføre Bernie Sanders. Så byrja ein teori, som fram til då hadde sett mest ut som ein frynsete konspirasjonsteori, å breie om seg: Fleire og fleire tok til å spørje seg om Biden eigentleg var senil – og om Det demokratiske partiet freista skjule det. Teorien vekte assosiasjonar til filmklassikaren Weekend at Bernies, om to kollegaer i eit forsikringsselskap som oppdagar at sjefen deira er død, og som viklar seg inn i alle slags intrigar for å halde oppe illusjonen om at liket framleis er i live.

«Joe Biden: Gammal og ute» skreiv dei høgrevridde nyhendekanalane. Brit Hume sa rett ut på Fox News at Biden var i ferd med å verte senil. Rudy Giuliani sa «Biden viser openberre teikn på demens». «Han har absolutt ikkje peiling på kva som skjer», sa Trump til The Washington Examiner i mai i år. «Han veit ikkje eingong at han er i live», sa han. «Det er noko på gang der.» På Twitter sa Trump at Biden kom til å øydelegge både helse- og sosialtenester «utan eingong å vite at han gjer det». Så snart han er vald, sa Trump, «kjem dei til å plassere han på ein eldreheim og la andre styre landet».

Den som tek hardast i, er Donald Trump jr., som for fyrste gong har vist seg som ein meir sannsynleg arvtakar etter faren enn Ivanka. Då Donald jr. tala på landsmøtet, med eit blikk som fekk halve internett til å konstatere at han var megahøg på kokain, vart ein vitne til ein sons enorme harnisk på vegner av faren. «Biden sit berre i kjellaren sin», sa han. «Trur de han kjem til å stå opp når telefonen ringer klokka tre om natta? Om Donald Trump hadde hatt ein brøkdel av det som feilar Biden, ville ikkje media snakka om anna.»

Dei som vil teikne Biden som eit senilt nek med skruar laus, har nok av døme å ta av: Biden sa nyleg at 200 millionar menneske hadde døydd av koronaviruset, han sa til ein veljar «eg mistenker at eg har mykje høgare IQ enn du», han sa ein gong at han heile sommaren hadde halde folkemøte i svarte nabolag der han hadde freista «å få svarte menn til å forstå at det ikkje er umandig å bruke kondom». Eller då han frå talarstolen bad ein lam gut i rullestol reise seg opp for å ta imot applaus frå forsamlinga.

Forsnakkingsmaskin

Som svar på spreiinga av teoriar om Bidens kognitive forfall sa ein av valkampleiarane hans at dei ikkje ville drøyme om å stå i vegen for Trump om han ville gjere mentale evner til eit tema i valkampen. Det ville skade han sjølv meir enn Biden. Men, seier Biden, om eg verkeleg ser verre ut enn han, så bør eg gå heim.

Biden seier at det er heilt legitimt å stille spørsmålet om alder gjer han uskikka til å styre landet. Alle poliske personar må tole slikt, seier han.

Biden kallar seg sjølv ein «gaffe machine» – ein forsnakkings- eller blundermaskin. Han seier ja, eg tabbar meg ut, eg seier klønete ting, men bodskapen er sann, eg lyg ikkje med vilje, eg berre kløner til tal og namn og detaljar. Og, seier han, eg gjer ikkje slike feil som å internere barn som kjem over grensa frå Mexico. Samanlikninga sit ikkje heilt som støypt, men mange kjøper ho likevel, i det dei føler er eit val mellom surr og kolera. «Heller sur mjølk enn arsenikk», sa Frank Bruni i New York Times under tittelen «Eg vil heller ha Bidens forvirring enn Trumps korrupsjon». Trump korkje kan eller vil erstatte sitt moralske vakuum, sa han, men Biden kan erstatte det han måtte mangle i hovudet med kompetansen til skarpe medarbeidarar. At Biden i det minste ikkje er arsenikk, er kanskje ikkje eit valkampslagord med schwung, men for mange er det no alt.

Biden-kampanjen har til dels lukkast med å gjere den språklege kløninga til Biden til eit gode. Mange synest dette framhevar det sårbare ved han som politisk skikkelse. At han heile livet har slite med stamming, gjer det heile berre meir tilgiveleg for dei som likar han. Dette nytta dei på det demokratiske landsmøtet sist månad, der ein liten gut som sleit med stamming, fortalde korleis Joe hadde hjelpt han med talefeilen og gitt han tru på seg sjølv.

Reale Joe

Mange ser ut til å ha gløymt visepresident Biden. Då var det ikkje noko snakk om senilitet. Visepresident Biden var eit sjarmtroll: Han var den uformelle makkeren til Obama, sidekicken med pilotbriller, pistolfingrar og verdas kvitaste, mest tannrike smil. Han var The American Joe, den amerikanske ekvivalenten av Ola nordmann – riktig nok til tider i overkant jovial, som vanen med å legge hendene på skuldrene til folk og snuse dei i håret, men likevel. Då han var visepresident, var mange òg sjarmerte av vennskapen mellom Joe og Barack. Internett var fullt av bilete der dei to var ekstra søte i lag, med undertekstar som: «Finn nokon som ser på deg slik Biden ser på Obama.»

Dette var tredje gongen Biden kjempa om den demokratiske nominasjonen. Vald inn i Senatet alt som 29-åring var Biden den nye vinen, som ein seinare såg for seg skulle verte president og ta over etter Reagan. Men folk meinte at han var for ung. «No har vi ein sjanse til å forme framtida», sa han då han var i førtiåra. «Til å sette vårt stempel på andletet og personlegdomen til Amerika. Dette er ikkje berre historie. Dette er vår lagnad.»

Biden skulle verte mest kjend for å måtte takle ein enorm personleg tragedie. Berre ein månad etter at han vart vald inn i Senatet, døydde kona og dottera i ei bilulykke. To søner vart skadde. Måten han takla det på, gjorde at han fekk ord på seg for å vere eit anstendig og varmt menneske. Og for mange har dette bilete halde seg, trass i mellom anna ein god del plagiatskandalar. Og gjennom det heile har ambisjonane til denne mannen, som alt på barneskulen skal ha snakka om at han ville verte president, halde seg.

Eg vonar du ser på dette som eit springbrett for karrieren din? skal Obama ha sagt då han bad Biden verte visepresidenten hans.

Og ikkje gravsteinen? skal Biden ha svart.

«Person, kamera, TV»

Korleis vart senilitet eit så sentralt tema i valkampen? Temaet har ulma i mange år, men då meir for Trump enn for Biden. Psykologar har uttala seg til media om å vilje bryte yrkesetiketten og fjerndiagnostisere Trump – ikkje berre med narsissistisk personlegdomsforstyrring, men òg med tidlege teikn på demens. Ein har kartlagt korleis språket hans har forfalle dei siste femten åra, med stadig enklare setningsstruktur, færre adjektiv, infantil bruk av superlativ. Særleg tidsskriftet The Atlantic har pumpa ut titlar som «Is there something neurologically wrong with Donald Trump?» og «Would we find out if Trump has Alzheimer’s»

Kanskje var det etter at opinionen byrja skifte i Bidens favør, Trump bestemte seg for å gjere svekte evner til eit hovudpoeng i angrepsstrategien sin. Dette hende på same tid som vi fekk vite at Trump eller lækjarane hans hadde bestemt seg for at han skulle ta «the Montreal Cognitive Assessment», ein test Trump skrytte av å ha bestått med glans. Han skal til og med ha fått «ekstra poeng».

I eit intervju med Chris Wallace på Fox News forklarte Trump at testen hadde bede han hugse og seinare gjenta orda «person, kvinne, mann, kamera, TV». «Ingen hugsar det», sa han, «men det gjorde eg. Dei sa at dei aldri hadde sett liknande.»

Han sa at testen var «veldig vanskeleg, spesielt dei siste fem spørsmåla».

«Det er... Det er ikkje den vanskelegaste testen», sa Wallace. «Dei viser eit bilete der det står ’Kva er det?’, og det er ein elefant.»

«Det der er ei feil framstilling», sa Trump. «Eg veddar på at du ikkje klarte dei siste fem spørsmåla.»

«Vel, eit av dei var at ein skulle telje baklengs frå hundre med sju om gongen.»

«Lat oss ta testen no», sa Trump. «Kom igjen. Joe og eg tek testen. Lat han ta den same testen som eg tok.»

«Eg ser fram til å teste mine kognitive evner mot hans i debattane til hausten», svarte Biden.

Trump hadde misforstått kva testen var for noko. Det er ikkje ein IQ-test. Ikkje meint for å måle intellekt. Det er ein test som tek om lag ti minutt, meint for å utelukke at ein pasient har alzheimer. Ein ber pasientar identifisere bilete, hugse nokre ord og teikne ei klokke.

Så her står altså USA, i ein valkamp mellom ei kløne og ein president som skryter av at han kan seie elefant når han ser ei teikning av ein elefant, og av å ha ein større raud atomreaktorknapp enn Nord-Korea, og at ein bør drikke klor for å kvitte seg med korona.

 Tradisjon for surr

At nokon sår mistanke om at presidentar og presidentkandidatar er senile, er ikkje noko nytt i USAs historie. Presidentskapane til både Woodrow Wilson, Franklin D. Roosevelt og Dwight Eisenhower var prega av mistankar om sviktande mental og fysisk helse. I 1984 – ti år før det vart offentleg kjent at han hadde alzheimer – var det til dømes mange som meinte at Ronald Reagan hadde byrja miste tråden, då han midt i ein valkampdebatt byrja bable usamanhengande og tusla retningslaust av podiet. Scena minner om scener som no florerer på internett: av Trump og Biden som etter at dei har tala, vandrar kvilelaust omkring som om dei ikkje veit kven dei er eller kvar dei skal, som skulebarn som nokon har gløymt å hente.

 JP Morgan

Via fondet til Denny og Co. vart eg her om dagen tilsend ein rapport skriven av analytikarar i storbanken JP Morgan. Dokumentet argumenterer for at investorar no bør sette pengane sine på at Trump vinn valet. Dei ser for seg ei K-forma kurve der den økonomiske utviklinga fyrst stuper som følge av koronatiltaka, før ho vert splitta i to: Folk flest vert fattigare, medan alle som jobbar innan teknologi eller i næringar som tener pengar på at det går bra med dei store teknologiselskapa, kjem til å få ein veldig vekst. Dei meiner at koronapandemien har skapt eit delvis kunstig søkk i verdsøkonomien som tilslører ei rekke politiske og økonomiske realitetar, til dømes alle som har fordel av kaoset.

 I landet til kyklopane

Ein ting eg har lært av alle dei kjekke samtalane eg har hatt med Denny, er kor lita verda er på toppen – særleg i USA. Dei speler golf med kvarandre, heile gjengen. Demokratar og republikanarar. Dei har band til dei same folka på Wall Street og dei bur på dei same hotella når dei er ute og reiser. Dette tenker eg på når eg om natta ramlar ned i eit djupt hòl på internett, der kampen om gubbeveldet speler seg ut med skitnare og skitnare retorikk for kvar dag.  

I alle høve skal det mektigaste landet i verda halde fram med å verte styrt av ein mann i 70-åra som seier ufatteleg teite ting. Som ein journalist i Politico skreiv, er dette eit kappløp mellom «den snille gamle mannen med alzheimer mot den slemme gamle mannen med demens.»

Det kan kjennast som om det er Trump som har mest medvind no, trass i meiningsmålingane. Frykt for framtida er det viktigaste verkemiddelet hans, og er det noko det ikkje er manko på om dagen, med korona og opptøyar mot politivald, så er det angst sett i politisk sving. Og med frykt skal det anstendige fordrivast. Kven av dei to som vinn, avheng både av smitteutviklinga den neste månaden, av kor mange som mister arbeidsplassen, og av korleis opptøyane utviklar seg. Og ikkje minst av kven som maktar å gi inntrykk av å vere minst dement. I riket til dei hauggamle er den ikkje-enno-senile konge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At nokon sår mistanke om at presidentar og presidentkandidatar er senile, er ikkje noko nytt
i USAs historie. 

Ein ting eg har lært av alle dei kjekke samtalane eg har hatt med Denny, er kor lita verda er på toppen – særleg i USA. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis