Landbruk
Erstatninga som ikkje kjem
ØYE I NORANGSFJORDEN: Pelsdyrnæringa er vedteken lagd ned. Men framleis er det høgst uklart kva pelsdyrbøndene skal få i erstatning.
Det må store bygg til for å driva lønsam pelsdyrsatsing. Jetmund Øye til venstre og Jon Arne Nordang til høgre.
Foto: Knut Hustad
I 2017 sa Stortinget og regjeringa klart frå: Pelsdyrnæringa skulle få halda fram, her var det berre å satsa. Den einaste norske landbruksnæringa som vart driven utan subsidiar, og som i tillegg skaffa landet valutainntekter, var sjølvsagt ei næring særleg Høgre og Framstegspartiet ville framsnakka, som det heiter på ny norsk. Venstre, på si side, meinte at norsk landbruk måtte satsa på eksport. Resultatet etter sju år med borgarleg regjering: Eksporten av både pelsdyr og Jarlsberg-ost vert avslutta. Pelsdyrnæring vert i tillegg ulovleg. Då Venstre kom med i regjeringa, fekk partiet gjennom eit krav om at næringa skal leggjast ned seinast i 2025.
Tenk deg at du eig ein fabrikk. Det vert brann. I praksis er pelsdyrnæringa råka av det same. Bygningar og bur, ja, alt du som pelsdyroppdrettar har bygd opp og investert i, er vorte ubrukeleg. Som fabrikkeigar etter ein brann får du full kompensasjon frå forsikringsselskapet, både for tapte inntekter under driftsstansen og for innkjøp av nye maskiner og oppattbygging. Slik gjekk det ikkje for dei som dreiv med rev og mink.
Sunnmøringen Jon Arne Nordang, som vart intervjua av Dag og Tid rett etter at Venstre fekk gjennom forbodet, fortel at han rekna på det fyrste framlegget om erstatning frå regjeringa.
– Det ville ha gjeve meg 200.000 kroner. Det var så eg lurte på å seia nei.
Byrja som born
Jon Arne Nordang og Jetmund Øye held til på Øye i Norangsfjorden. Dei har drive med pelsdyr sidan dei var gutungar. Nordang veit ikkje heilt kva tid han skal setja sluttdatoen, medan Øye, som på det meste hadde 6800 dyr, alt har lagt ned.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.