JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Vintrane kjem

Den komande vinteren og våren vert verkeleg ille i Europa. Neste vinter og vår vert truleg endå verre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Damp stig opp frå kjøletårna til EDFs kjernekraftverket Le Bugey i Saint-Vulbas nær Lyon 13. april 2015. No ligg halvparten av fransk atomkraftproduksjon nede på grunn av vedlikehald. I tillegg vantar franske elvar vatn, som igjen gjer at mange atomkraftverk manglar kjølevatn.

Foto: Robert Pratta / Reuters / NTB

12242
20220819

Bakgrunn

Den franske regjeringa har tvinga den store straumleverandøren TDF til å selja straum på billigsal gjennom heile 2022.

TDF er difor konkurs og vert nasjonalisert.

TDF leverte 380 TWh i straum i 2019. No ligg halvparten av atomkraftproduksjonen nede.

Straumkrisa

jon@dagogtid.no

Ja, det vert mykje om kraft og energi i Dag og Tid om dagen, men det er uvanlege tider. Den 10. desember i fjor gav Statnett ut ein ny marknadsanalyse. Der skreiv dei: «I Sør-Norge har kraftprisene vært ca. 100 EUR/MWh (altså ca. 1 krone per kWh, red. merk.) i snitt fra september til nå. I Midt- og Nord-Norge har prisene vært relativt lave med et snitt på under 40 EUR/MWh. Vår analyse viser at kraftprisene faller betydelig neste år.» Dei spådde vidare at prisane skulle falle heile vegen fram mot 2026 og ned frå det særs høge nivået på 1 krone.

Det gjekk ikkje som Statnett spådde denne gongen heller. I skrivande stund går det føre seg ein intens bodkrig over heile Europa, til dømes mellom sone 2 – det sørlegaste prisområdet i Noreg for straum – på den eine sida og Danmark og Tyskland på den andre.

Dette vert skrive tysdag. Statkraft hevdar dei gjer det dei kan for å halda att på produksjonen frå magasina i sone 2. Dei tek seg difor stadig betre betalt. Resultatet for «day ahead»-auksjonen på Nordpool no tysdag var at Kristiansand, til dømes, om ettermiddagen og kvelden onsdag fekk ein pris på om lag 5,50 kroner per kWh.

7,50 per kWh

Tyske og danske produsentar på si side kravde over 7,50 kroner for å laga straum ein onsdagskveld i august. Ikkje på noko tidspunkt fekk sone 2, den sørlegaste delen av Noreg, så høge prisar onsdag at straumflyten snudde. Sør-Noreg vart tappa for vatn den dagen òg. I skrivande stund eksporterer vi effekt for 3800 MW frå sone 2. Det svarar til normalforbruket for 1 million norske husstandar.

Stoda er enkel: Kontinentet sparar på gassen og vil at andre skal laga straumen for dei. Tyske kraftprodusentar har ordre om å nytta så lite gass som råd er. Når produsentane i Sør-Noreg aukar prisen for å spara på vatnet, aukar kontinentet prisane endå meir, og dimed endar vi i regi av Statnett som eksportørar.

Tykkjer du 7,50 kroner er ein høg pris? Tenk då på baltarane. EU kravde i si tid at Litauen skulle leggja ned Ignalia, eit stort atomkraftverk som leverte 70 prosent av straumforbruket i landet, for at Litauen skulle få verta medlem av EU. Litauen fekk 820 millionar euro frå EU for å riva atomkraftverket. Onsdag ettermiddag mellom klokka 18 og 19 tilbaud Latvia og Litauen 40 kroner per kWh. Prisane på Nordpool-børsen kan ikkje gå høgre. 40 kroner inneber at baltarane ikkje fekk importert kraft den timen.

Resten av Europa

Lat oss gløyma Noreg og sjå nærare på stoda i resten av Europa. Som vi veit, er prissmitten frå kontinentet og Storbritannia nær total i sone 2 og særs høg i resten av Sør-Noreg. Prissmitten kjem som nemnt særleg frå gass. Straumprodusentane i Nord-Europa, sett vekk frå Sverige og Noreg, må ofte, også no, nytta gass når dei produserer straum, av di dei manglar straum frå sol og vind.

I sumar har faktisk dansk og tysk sol spelt ei relativt viktig rolle midt på dagen. Straum frå sol har om ikkje halde prisen nede, så hindra han i å krabba over 7 kroner. Men no vert dagane stadig kortare, og hausten og vinteren gjev ikkje mykje straum frå sola.

Vona er at det skal blåsa mykje i Nord-Europa no i haust og til vinteren. Men når vinden ikkje blæs, må Storbritannia og EU fyra opp om ikkje alle, så ein god del av dei reine gasskraftverka, som kan slåast av og på i løpet av eit sekund og saman med magasinkraft difor er perfekt ryggdekning for vindkraft. Å nytta gass på den måten er, i mangel av eit betre ord, uheldig, særleg når gassprisane er så høge som no.

Då Statnett kom med analysen den 10. desember i fjor, låg vi 13 TWh under mediannivåa i magasina i Sør-Noreg, og spotprisen på kontinentet for ein megawattime (MWh) med gass var 120 euro. Han kom opp i 220 euro den dagen Putin invaderte Ukraina og var no tysdag på 222 euro. Gjennom det meste av 2022 så langt har framtidskurva for gassprisen gått opp, og ho ligg no skyhøgt over det Statnett la til grunn før jol i fjor. Putin gjorde det motsette av det Statnett trudde. Men vi kan alle taka feil.

Effekt

Det vi kan slå fast, er at framtidsprisen ikkje går under 200 euro dei tolv komande månadene og ligg på over 180 euro ut 2023. Det er verkeleg dårleg nytt. For å forstå kvifor må vi innom marginalprising og verknadsgrad, som kan forklara oss kvifor det er lite lurt å nytta gass til på og av-straumproduksjon.

Vi har vore innom dette før, men vi byrjar igjen med oss menneske. Effekt og verknadsgrad er grunnleggjande for å forstå prisane i marknaden og for at vi skal forstå kor enormt mykje energi vi får frå fossile kjelder. Vi menneske og alle andre pattedyr, og faktisk bensinmotorar òg, maktar å nytta 24 prosent av kaloriane vi får i oss, til å produsera effekt, som er det vi vil ha når vi nyttar energi.

For å produsera 1 kWh treng vi 860 kaloriar om verknadsgraden er 100 prosent. Den uoffisielle verdsrekorden for produsert effekt av eit menneske, er det syklisten Mark Cavendish, verdas beste sprintar, som har. Alle proffsyklistar har wattmålarar montert på sykkelen. Han kom ein gong opp i 1600 watt i det han passerte målstreken.

For å finna ut kva det svarar til i samla kaloriforbruk om vi seier at han i teorien makta ein så høg effekt i ein time, må vi gonga wattproduksjonen med tid og 3,6. 1600 watt gonga med ein time og deretter 3,6 gjev eit kaloriforbruk på 5760 kaloriar på ein time.

Det går sjølvsagt ikkje. Den som er målt med høgst wattproduksjon over lengst tid, er proffsyklisten Chris Froome, som på ein fjelletappe i Tour de France makta ein gjennomsnittsproduksjon av effekt på 414 watt i 40 minutt. 414 gonger 0,66 (40 minutt) og 3,6 gjev eit reelt kaloriforbruk på 984 kaloriar på 40 minutt. Det er hardt manuelt arbeid.

Når dette vert skrive tysdag, som nemnt, eksporterer vi ein effekt frå sone 2 på 3800 MW. Det svarar til 3,8 milliardar watt i effekt. Norsk magasinstraum har erstatta mykje manuelt arbeid.

9500 kaloriar

Så var det gass, som gjev oss effekt utan at vi må ofra ein sveittedrope eller sykla Tour de France. Ein kubikkmeter med norsk naturgass seld til kontinentet inneheld om lag 9500 kaloriar. Vi sel i år 122 milliardar kubikkmeter gass til EU og Storbritannia. Det er på langt nær nok. Verknadsgrada i gassturbinar som vert brukte til å balansera for manglande vindkraftproduksjon, er 0,38.

Fordelen med gasskraftverk som produserer frå gassturbinar, er som nemnt at ein kan slå dei rett av og på. Men berre 38 prosent av kaloriane som går med til å produsera effekt som vert brukt til å laga straum, vert altså utnytta, resten går ut i lufta som varmetap. 5890 kaloriar går tapt per kubikkmeter gass nytta til straumproduksjon.

Med andre ord, når ein megawattime med gassenergi kostar 200 euro og vert konvertert til straum frå ein gassturbin med ein verknadsgrad på 0,38, sit vi att med ein reell straumpris på 526 euro, eller vel 5 kroner per kWh. Når vi så legg til løns- og driftskostnader og profitt, vert prisen særs høg, og det trur altså framtidsmarknaden skal vara lenge.

Om gassen derimot vert nytta i kombinerte gass- og dampkraftverk, som fyrst tek i bruk ein gassturbin og så ein dampturbin som unyttar restvarme, kjem vi opp i ei verknadsgrad på 58 prosent. General Electrics har faktisk laga eit kombinert gasskraftverk med ei verknadsgrad på 64 prosent.

Med eit kombinert gasskraftverk med 0,58 i verknadsgrad produserer vi då kraft med ein reell pris på 344 euro per megawattime når prisen er 200 euro per megawattime, som gjev ein kronepris på om lag 3,40 per kWh. I tillegg slepp slike moderne gasskraftverk ut berre ein tredjedel så mykje CO2 som moderne kolkraftverk per produsert kilowattime. Problemet er at kombinerte gasskraftverk i hovudsak berre kan nyttast til grunnlast. Det tek tid å slå dei av og på.

Best med varme

Om gassen derimot går til varmeproduksjon i heimar, får vi ein verknadsgrad på over 90 prosent. Ca. 40 prosent av gassen nytta i Tyskland går til varmeproduksjon i heimar. Dei får dimed varme for vel 2 kroner per kWh, som er ein mykje lægre pris enn varme frå straum.

Diverre er det slik at i ein råvaremarknad, og energi er ein del av råvaremarknaden, er det marginalprisen som avgjer prisen på all energi, i dette tilfellet straum. Tysdag kom framtidsprisen for gass opp i 250 euro om ein månad. Kraft produsert med ein slik pris frå reine gasskraftverk får ein pris på minst 6,50 kroner per kWh, som då vert prisen på all straum til spotpris på kontinentet, som igjen avgjer prisen i Sør-Noreg.

Men problema stoggar på ingen måte med gass. I 2019, året før koronapandemien, produserte Frankrike 380 TWh straum frå atomkraft, over 70 prosent av produksjonen. Frankrike er tradisjonelt ein storeksportør av kraft. No står halvparten av kjernekraftproduksjonen på grunn av vedlikehald. Difor importerer Frankrike straum frå mellom andre Tyskland.

Frankrike har ignorert vedlikehald av kjernekrafta for lenge, og produksjonen kjem ikkje attende for fullt før om eit par år, om nokon gong. Frankrike betaler ofte over 10 kroner per kWh for å få tak i straum frå grannelanda, og den såkalla grunnlastprisen, straum som må koma inn i nettet for å halda oppe spenninga, er no 12 kroner per kWh til vinteren og 8 kroner neste vinter.

Godt nytt?

Det som er godt nytt, er at EU ser ut til – om Russland no ikkje stengjer heilt for gasseksport – å kunne makta å få gassnivåa i lagera opp til 85 prosent i slutten av oktober. Det vert no spara i stor mon i EU, til dømes ligg 50 prosent av aluminiumproduksjonen nede. Men stoggar Putin eksporten heilt i vinter, vert lagera botnskrapa i mars og april, nett når norske magasin er på det lægste.

Då går både EU og Noreg inn i neste sumar med endå mykje mindre energi som kan nyttast til straumproduksjon, enn vi hadde før denne sumaren. Slikt stoda er no, vert altså straumprisane klart høgre for året 2023–2024 enn for året 2022–2023.

Det som har skjedd i høg grad på kontinentet, er at gass har vorte bytt ut med olje- og dieselfyring der det har vore mogleg. Frå 1. desember har EU sagt at dei ikkje lenger skal importera råolje frå Russland, og frå 1. februar 2023 skal dei slutta med import av raffinerte produkt, som diesel altså er. No er eit slikt forbod særs vanskeleg å handheva, men om EU maktar ein full embargo, vel, så går prisane på all energi endå meir opp.

Nasjonalisering

No høyrer det med å nemna at forbrukarane i EU ofte ikkje på langt nær betaler heile rekninga. Frankrike har frose gassprisen hushalda betaler på nivået frå oktober 2021. I tillegg har regjeringa lova at straumprisen berre skal opp med 4 prosent i år. Eit normalt hushald i Frankrike får difor ei straumrekning – og franskmenn nyttar straum til oppvarming – på knapt 10.000 kroner for heile 2022. Avgiftene på straum til hushalda er også fjerna.

EDF, som driv alle atomkraftverka i Frankrike og leverer 85 prosent av straumen i eit normalår, vert på si side no fullt ut nasjonalisert. Dei har vore tvinga til å kjøpa dyr straum frå grannelanda og selja han vidare til franske verksemder og hushald til ein brøkdel av innkjøpsprisen. Dei er dimed teknisk konkurs og har endå mindre pengar til å vedlikehalda atomkrafta.

I røynda går det no føre seg ei storstilt renasjonalisering av straumleverandørar over heile EU. I praksis vert stadig meir straumproduksjon gjennomført i regi av regjeringar og ikkje marknaden. Det heile minner om det som skjedde under finanskrisa i 2008 og 2009. Ei rekkje kraftselskap har lovd fastprisar dei ikkje kan halda, og er konkurs. Då må staten steppa inn. Straum- og banktenester berre må vi ha. Kostnaden er at EU-statane og Storbritannia må taka opp endå større lån. På ein eller annan måte må kraftrekninga gjerast opp.

I alle høve bør ingen verta overraska om straumprisen går over 10 kroner til vinteren og vert endå mykje høgre til våren. Så kjem neste vinter og vår.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I røynda går det no føre seg ei storstilt renasjonalisering av straumleverandørar over heile EU.

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis