Energi

Vestens nei til oljeproduksjon

Mai vart ein dramatisk månad for vestlege oljeprodusentar. Dei vert truga juridisk, finansielt, politisk og statistisk.

Fatih Birol, leiaren av IEA, har tradisjonelt vore ein populær mann i Noreg, sidan han har vore sett på som oljevenleg. No har han lagt fram eit vegkart for korleis menneskeslekta skal slutta å sleppa ut klimagassar innan 2050. Her møter han Erna Solberg under Equinors årskonferanse i 2018.
Fatih Birol, leiaren av IEA, har tradisjonelt vore ein populær mann i Noreg, sidan han har vore sett på som oljevenleg. No har han lagt fram eit vegkart for korleis menneskeslekta skal slutta å sleppa ut klimagassar innan 2050. Her møter han Erna Solberg under Equinors årskonferanse i 2018.
Publisert

Danmark har ein stolt oljetradisjon, eller kanskje meir rett i desse klimatider: Danmark hadde ein stolt oljetradisjon. Folketinget har vedteke å leggja ned oljeproduksjonen.

Det internasjonale energibyrået vart rett nok føreslege av Henry Kissinger, for å vera ein direkte konkurrent til Opec og for å sikra oljeflyten til Vesten etter oljekrisa i 1973. Men den vesteuropeiske tilslutninga til ideen kom i København under den fyrste EF-konferansen leia av ein dansk statsminister. EF «meiner det vil vera nyttig saman med andre oljeforbrukande land innanfor ramma av OECD å finna måtar å handtera både dei lange og dei kortsiktige energiproblema til konsumentland på», sa Anker Jørgensen i desember 1973.

I klårtekst: Vesten måtte få tak i meir olje. Og det gjorde Vesten. Danmark kom med litt, Storbritannia med ein god del, Noreg og Canada etter kvart med mykje. Til slutt kom den amerikanske fracking-teknologien, ein metode for å hente opp olje og gass frå skiferformasjonar i bakken. Ja, USA har alltid hatt ein god del olje, men mellom 2008 og 2019 auka den amerikanske råoljeproduksjonen 2,5 gonger.

USA vart for fyrste gong sidan 1960-talet uavhengig av Opec, som saman med Russland ikkje hadde noko anna val, i møte med fracking, enn å redusera produksjonen for å halda oljeprisen oppe. Som om ikkje det var nok: USA kunne i tillegg til å vera sjølvforsynte med olje, no byrja å eksportera store mengder LNG, flytande naturgass.

Fest?

Vesten hadde fått ein strategisk siger som om han hadde kome under den kalde krigen, truleg ville vorte feira veker til endes på eit Nato-toppmøte. Det internasjonale energibyrået (IEA) hadde oppfylt si historiske rolle og kunne ha vorte lagt ned. Det vart sjølvsagt IEA ikkje. Dessutan vart i grunnen ikkje IEA ein konkurrent til Opec, ingen vestlege land har vore viljuge til å gje avkall på eigen kontroll over energiproduksjon og -konsum. IEA var i staden eit statistikk- og prognosebyrå, rett nok eit særs oljevenleg statistikk- og prognosebyrå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement