Utsleppa skal ned
Nei, det er ikkje lønsamt å elektrifisera sokkelen.
Men det er heller ikkje så dyrt som ein kunne frykta.
Oljegiganten Johan Sverdrup pumpar opp olje utan å sleppa ut CO2. All straum kjem frå land.
Foto: Nerijus Adomaitis / Reuters / NTB
Kraft frå land
Innan 2023 kjem 45 prosent av norsk olje- og gassproduksjon til å vera elektrifisert, skriv Oljedirektoratet i rapporten «Kraft fra land til norsk sokkel».
I 2025 vil godt over halvparten vera elektrifisert.
Kraftforbruket på norsk sokkel kjem til å gå opp med 5,1 TWh på grunn av nye prosjekt dei komande åra.

Elektrifisering
jon@dagogtid.no
«Sokkelen må elektrifiserast», er dei tre orda som har skremt norske samfunnsøkonomar mest dei siste åra. Og ja, samfunnsøkonomien i eit slikt prosjekt er for å seia det rett ut, skral. Men no er det i alle høve avgjort: Equinor seier dei skal få ned utsleppa med 40 prosent før 2030 målt mot 2005. Innan 2050 skal 90 til 95 prosent av utsleppa bort. Likevel: Når vi no eingong har sagt at vi skal prioritera nedgang i nasjonale utslepp i staden for internasjonale, er kan henda ikkje sokkelen den verste staden å starta, syner ein fersk rapport frå Oljedirektoratet. Teknologien endrar seg raskt, kostnadene har lenge vore på veg ned. Men same kor vi snur og vender på det, må særleg dei nordpå betala mykje for dei reduserte CO2-utsleppa.
Éin av grunnane til at mange har vore urolege for elektrifisering, er ein rapport frå Statnett om korleis heile Noreg skal verta fullelektrifisert. Men den rapporten er heldigvis ei nokså hypotetisk øving som vi godt kan sjå bort frå. Han er basert på forbruket i 2017. «I dette notatet beregner vi hvor mye kraftforbruket vil øke dersom dagens fossile energibruk blir elektrisk», står det alt i fyrste setninga i drøftinga til Statnett. Talet dei kjem fram til for norsk sokkel, inkludert Melkøya utanfor Hammerfest, er 33 TWh. Noreg treng altså 33 milliardar kWh ekstra for at sokkelen skal verta fullt ut elektrifisert. Dette talet har opinionen festa seg ved. Det er forståeleg, for 33 TWh er uhorveleg mykje.
Tenk på eit tal
Talet er rein teori av di norsk olje og gassnæring er overmoden, mange felt skal stengjast ned dei neste tiåra, og dessutan er alt mykje av Nordsjøen elektrifisert. Det finst ingen indikasjonar på at olje- og gassnæringa vil halda fram med å måtta nytta så mykje energi som i 2017 dei komande tiåra. Tak feltet Johan Sverdrup, som kom etter 2017 og er knytt saman med Edvard Grieg, Gina Krogh og Ivar Aasen. Sverdrup I er alt fullelektrifisert, og dei andre felta er i ferd med å verta det. Sverdrup I og II kjem i 2025 til å stå for 30 prosent av norsk oljeproduksjon, området vil med tida verta det dominerande på norsk sokkel. Heile området kjem til å nytta under 1 TWh. Sverdrup har vorte bygd til ein mykje lægre kostnad enn opphavleg planlagt og er i dag lønsamt, med ein oljepris på langt under 20 dollar. Og det maktar Sverdrup trass i at feltet er elektrifisert.
Fyrste året i drift var CO2-utsleppa per fat produsert 0,17 kilo, nesten 100 gonger under gjennomsnittet globalt for oljeproduksjon. Utsleppsreduksjon ved elektrifisering for Sverdrup åleine er 690.000 tonn, samla vil utsleppsreduksjonen frå heile området vera nærare 1 million tonn per år. Nei, det har ikkje vore samfunnsøkonomisk lønsamt å elektrifisera feltet om vi nyttar Equinors eigne tal, og det kjem det truleg heller ikkje til å vera om ikkje karbonprisane både i EU og globalt går sterkt opp. Vi nordmenn vert fattigare enn kva vi elles kunne ha vore. Men det er ei rekkje norske tiltak for å få ned utsleppa på land som er langt dyrare enn elektrifisering av Sverdrup og grannefelta. Men Sverdrup er også eit døme på kvifor rapporten frå Statkraft vert feil. Sverdrup var ikkje med i deira reknestykke, men Sverdrup vert altså med tida den dominerande aktøren i norsk oljenæring. Og det knapt utan utslepp eller bruk av særleg mykje kraft.
Ei dynamisk næring
Og det er det som er utgangspunktet i Oljedirektoratets nye rapport om elektrifisering, at oljenæringa er dynamisk. Ja, Johan Sverdrup veks fram, men andre felt kjem til å verta fasa ut. Dessutan utviklar teknologien seg, og det som berre for nokre få år sidan såg frykteleg dyrt ut, er i dag nokså rimeleg, og meir rimeleg og betre kjem teknologien til å verta. Dimed er det nokså truleg at Equinor i det minste vil nå 2030-målet utan veldig store kostnader.
Det vi fyrst kan slå fast, på basis av rapporten, er at Noreg ikkje treng meir straumproduksjon i dette tiåret om vi avgrensar oss til sokkelen. For det andre fører ikkje elektrifiseringa til store utslag i kraftprisane på land, med unnatak for Nordland, Troms og Finnmark. Og for det tredje er ikkje elektrifisering noko nytt. Det har vi halde på med i 25 år. Endringane fram mot 2030 er eit framhald av ein trend.
Rapporten handlar om det som vert kalla tiltakskostnad, så fyrst nokre ord om samfunnsøkonomi. Avgiftssystemet som olje- og gassnæringa har for CO2 er ikkje samfunnsøkonomisk lurt. Det fører til uheldige vridingar. Industrien på land får til dømes ei rekkje subsidiar, inkludert ein stor refusjon for utgiftene til CO2-kvotar, som oljeselskapa ikkje får: «Summen av disse innebærer at selskapene står overfor en samlet pris for CO2-utslipp på rundt 700 NOK per tonn CO2. Dette er vesentlig høyere enn andre virksomheter i Norge og mye høyere enn i andre land med petroleumsvirksomhet», skriv Oljedirektoratet. Dette tyder at investeringar som er lønsame i andre land og i Fastlands-Noreg, ikkje er lønsame på norsk sokkel. Dette fører til feilallokering av investeringar, som igjen gjer at vi som samfunn vert mindre rike enn vi kunne ha vore. Det fører òg til at kolkraft i Europa vert fasa ut seinare enn gassturbinar på norsk sokkel, og at andre land byggjer ut oljefelt som har høgre utslepp enn norske.
Ser vekk frå avgift
Rapporten til Oljedirektoratet reknar ikkje med kvotepris og CO2-avgift. Eit perfekt skatte- og avgiftssystem skal vera utforma slik at ei investering relativt sett er like lønsam før skattar og avgifter som etter, men slik er altså ikkje det norske avgiftssystem. Ein samfunnsøkonomisk analyse tek utgangspunkt i ei optimal verdiskaping. Oljedirektoratet ser på dei reine kostnadene for heile det norske samfunnet ved elektrifisering, og det er ingen tvil om at elektrifisering reduserer den norske velstanden. Men i det daglege seier vi, sjølv om det ikkje er heilt sant, at tiltak som har ein kostnad på under utgifta ved å sleppa ut CO2, er samfunnsøkonomisk lønsame. Om Equinor gjennomfører tiltak som fører til reduksjonar, som kostar under 700 kroner (dagens kostnad ved å sleppa ut CO2), tener dei ekstra pengar og dimed det norske folket.
Korleis er så stoda i dag? På norsk sokkel er 16 anlegg elektrifiserte, eller dei vert elektrifiserte innan 2023. Desse felta vil då stå for 45 prosent av produksjonen av olje og gass. Sokkelen slepper i dag ut 14 millionar tonn CO2. Den samla elektrifiseringa frå starten for over 25 år sidan og fram til 2023 fører til ein reduksjon på 3,2 millionar tonn som elles ville ha kome ut i atmosfæren. Grunnen til at mykje av dei resterande 55 prosentane av produksjonen har så høge utslepp, ligg delvis i at dette er gamle felt som må sleppa ut mykje CO2 for å få pumpa opp oljen og gassen. Men dette er også felt som gradvis vert fasa ut.
Kvar skal vi så vidare etter 2023? Vi skal til Troll B, Troll C, Oseberg Feltsenter, Oseberg Sør, Sleipner Øst og Melkøya landanlegg, som vert rekna som ein del av sokkelen. Per i dag er det ikkje vedteke å elektrifisera desse installasjonane, men Oljedirektoratet er nokså sikre på at elektrifiseringa kjem raskt, sidan prosjekta er «modne». Det vil føra til at over 50 prosent av produksjonen på sokkelen er elektrifisert på midten av 2020-talet, og atmosfæren vil unngå 4, 9 millionar tonn frå Noreg per år. At mykje av desse utsleppa truleg dukkar opp ein annan stad i verda, særleg dei frå LNG-anlegget på Melkøya, er så si sak. Når desse prosjekta er på plass, kjem sokkelen til å nytta under 15 TWh straum frå land til godt over 50 prosent av produksjonen på norsk sokkel.
Relativt låge kostnader
Nei, dei fleste av prosjekta Oljedirektoratet ser føre seg dei komande åra, er ikkje samfunnsøkonomisk lønsame, men alle har det til felles at dei har ein tiltakskostnad på under 1500 kroner per tonn. Melkøya er dyrast å elektrifisera, der er tiltakskostnaden vel 1200 kroner. Sleipner Øst ligg på rett under 1000, Troll B og C ligg på rundt 800, medan Oseberg Feltsenter og Sør er på knappe 600 kroner. Om EU gjer alvor av at dei vil nå Paris-måla og aukar prisen på kvotar, kan altså prosjekta verta lønsame om vi ser isolert på avgifter. Å elektrifisera Oseberg er lønsamt om ein reknar med dagens CO2-pris. Dette er ikkje skremmande tal om vi samanliknar med mange av klimatiltaka på land.
I tillegg har Oljedirektoratet analysert to umodne prosjekt, i Draugen- og Halten-området. Her er overslaga usikre. Men Oljedirektoratet legg til grunn ein tiltakskostnad på mellom 1000 og 2000 kroner per tonn for Halten-området, og under 1000 kroner for Draugen. Då Oljedirektoratet gjennomførte ein liknande analyse i 2008, var kostnadene mykje høgre. Teknologien har gått fort framover, og det er god von om han vert endå betre i framtida.
Melkøya
Av dei modne prosjekta som Oljedirektoratet har sett på, er Melkøya mest ulønsam. I ei kald samfunnsøkonomisk verd bør ikkje Melkøya elektrifiserast, særleg av di anlegget produserer LNG, flytande naturgass, i ein global marknad, og ikkje berre for EU, som trass alt har eit kvotesystem. Men Melkøya kjem til å verta elektrifisert av den enkle grunn at Melkøya er den installasjonen i Noreg – både på fastlandet og på sokkelen – som slepper ut mest CO2 via turbindrift. Den potensielle reduksjonen i nasjonale utslepp er altfor stor til at Stortinget seier nei, sjølv om energilova seier at energiprosjekt i Noreg skal vera samfunnsøkonomisk lønsame.
Kvar skal så krafta til det som er planlagt og under bygging koma frå? Ho skal koma frå det norske kraftoverskotet, som er stort i eit normalår. Det finst truleg ikkje den kraftprodusent på land som er mot elektrifisering. Kostnadene for norske forbrukarar i form av høgre nettleige og høgre straumkostnad er tekne med i analysen. Det er ein av grunnane til at kostnadene vert såpass høge. Men trongen til kraft er, som nemnt, førebels ikkje så stor. Dei modne og umodne prosjekta som Oljedirektoratet reknar på, kjem til saman å ha ein trong for kraft på 5,1 TWh. Etter den auken kjem altså over halvparten av norsk olje- og gassproduksjon til å vera dekt.
Vind
Jau, Noreg kjem til å ha eit lægre kraftoverskot enn NVE har rekna med i sin prognose frå 2019, på grunn av prosjekta som Oljedirektoratet seier kjem. Men kraftoverskotet kjem likevel til å vera stort i Noreg. Med desse prosjekta vert kraftoverskotet om lag 12 TWh i 2025, om lag 13 i 2030 og knapt 20 i 2040. Her høyrer det med å nemna at NVE har rekna med ein del vindutbygging etter 2021, utbyggingar som truleg ikkje kjem. Men det er nok kraft i systemet til å elektrifisera det som er planlagt på sokkelen og ein god del meir i dei komande 20 åra utan storstilt utbygging av vind.
Størst overskot av kraft er det i Nord-Noreg, der kan det potensielt produserast mykje meir kraft enn det som vert laga. Noregs største magasin, Svartisen, har truleg sendt mykje vatn på havet i år. Dimed er prisane i Nord-Noreg låge. Dette «ordnar» elektrifiseringa av Melkøya opp i. Nordlendingane må rekna med ein auke på 5,8 øre per kWh per år i gjennomsnitt fram til 2040 på grunn av Melkøya. I tillegg kjem det ei storstilt utbygging av sentralnettet for å få straumen fram til Hammerfest. Men den rekninga vert fordelt på alle innbyggjarar i Noreg, som betaler ei mykje høgre nettleige per kWh enn kva Equinor skal gjera for å få straumen til Melkøya. Sør-Noreg på si side får ein prisauke på berre 0,4–1,2 øre. I Sør-Noreg er det heller ikkje trong til stor utbygging av nettet for dei planlagde prosjekta.
Davvi
Grunnen til at Melkøya-utviklinga får slike konsekvensar, er at anlegget treng 2,6 TWh per år. Her er det rett nok ei paradoksal sak: Det vert for tida ikkje gjeve konsesjonar til vind i Noreg på land. Stemninga har snudd i ei slik grad at det heller ikkje verkar mogleg i komande år. Men i Tana er det søkt om konsesjon for eit nytt stort vindkraftverk, Davvi, over eit område på berre 78 kvadratkilometer. Området er det best eigna for vind i heile verda, og vindkraftverket det er søkt om, kan produsera heile 2,7 TWh, like mykje som Melkøya, som ligg i grannelaget, har trong for. Prosjektet er etter det meste å døma særs lønsamt. Men Sametinget, som har mykje av makta på Finnmarksvidda, ser ut til å vera mot prosjektet, og det er dimed lite truleg at ein konsesjon kjem, sjølv om det ville ha redusert prisane på kraft for nordlendingane.
Mange år enno
Kjem vi til å nå måla for norsk sokkel? Alle prognosar syner ein sterkt fallande produksjon frå norsk sokkel etter 2025. I rapporten legg dessutan Oljedirektoratet til grunn at dei elektrifiseringsprosjekta som har kome og skal koma dei neste få åra, kjem til å etterspørja mindre kraft i 2040 enn i 2025, som igjen vil føra til eit høgre kraftoverskot på land. Målet om 40 prosent reduksjon av utsleppa i 2030, ser ut til å kunna gå nokolunde greitt. Kva som skjer etter dette, veit få.
Men når over halvparten av norske olje- og gassproduksjon med Johan Sverdrup i føringa kjem til å verta elektrifisert i midten av dette tiåret, kan vi i alle høve slå fast at vi etter alle solemerke kjem til å ha oljeproduksjon i mange år enno. Kravet om elektrifisering og auka karbonprisar fører rett nok til at felt kjem til å verta stengde ned før det er samfunnsøkonomisk lønsamt å gjera det. Det er prisen vi må betala for å få ned dei nasjonale utsleppa. Men i dette tiåret vert ikkje kostnadene ved elektrifisering så store, målte opp mot inntektene frå oljenæringa. Faren er sjølvsagt at Equinor og leverandørindustrien nyttar lovnaden om reduksjon i utsleppa til å lokka store subsidiar ut av Stortinget. Flytande havvind og hydrogenproduksjon er dei dyraste klimatiltaka som tenkjast kan.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nordlendingane må rekna med ein auke på 5,8 øre per kWh per år i gjennomsnitt fram til 2040 på grunn av Melkøya.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.