JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Stormaktspolitikk

Det vert ikkje reforhandlingar med EU, Tyskland og Storbritannia om straumeksporten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Straumprisen har gått kraftig opp i år.

Straumprisen har gått kraftig opp i år.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB

Straumprisen har gått kraftig opp i år.

Straumprisen har gått kraftig opp i år.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB

3014
20211224
3014
20211224

Kommentar

jon@dagogtid.no

Favorittserien min på norsk er Okkupert. Det var Jo Nesbø, som kan litt om pengar, som kom på ideen. Kva hadde skjedd om Noreg stogga all olje- og gasseksport til EU og stengde ned Nordsjøen? Svaret serien gjev, er at då støttar EU ein russisk okkupasjon av Noreg i byte mot at russarane garanterer for at norsk gassproduksjon og -eksport held fram.

Eg liker serien av di han viser kor viktig Noreg er som energiprodusent for EU og Storbritannia, og kor svake vi er maktpolitisk. I år eksporterer vi 2500 TWh olje og gass til Europa. Utan Noreg forsvinn både varmen og straumen i Europa. Straumeksporten bleiknar i samanlikning, i desember vert han på om lag 2 TWh.

Ikkje full kapasitet

Men i år har vi ikkje eksportert for fullt. Den nye kabelen til England får fyrst full kapasitet i februar, kabelen til Tyskland har berre gått vel halve året. I 2022 vil vi ha ein eksportkapasitet som er 24 TWh høgre enn i 2019.

Tyskland og Storbritannia er Noregs viktigaste allierte i Europa. Tyskland er garantisten for at Noreg får vera ein del av den indre marknaden. Storbritannia er Vest-Europas sterkaste militærmakt og ein garantist for Nato-solidariteten. Kvar kWh tel for dei.

Syn meg den utanriks­-
ministeren som ville våga å leggja fram eit krav om redusert eksport gjennom dei nye kablane. Hadde eg vore i same posisjon, hadde eg enkelt og greitt nekta. Noreg kan ikkje provosera Tyskland og Storbritannia. Vi har inngått avtalar, avtalar som har gjort Storbritannia og Tyskland meir avhengige av Noreg.

Ja, det var eit mistak av Ola Borten Moe å seia ja til kablane, men ein samla kraftbransje pluss Statnett og heile Stortinget ynskte kablane. Men no er ånda ute av flaska, og vi får ikkje putta henne attende.

Det er rett nok rom for å seia at vi må oppretthalda forsyningstryggleiken innanfor dei avtalene vi har med omverda. Vi kan til dømes innføra eit reglement som seier at magasina må ha den og den vassmengda då og då.

Men kva fører stengde magasin til? At straumprisen går opp. Produserer ikkje magasina, får Noreg ein høgre pris enn omverda, og vi må importera særs dyr straum.

Flaskehalsinntekter

Er det ei lysning der framme? Acer-regelverket seier at flaskehalsinntekter frå eksport skal gå til å betre nettet mellom land. Slik Statnett tolkar regelverket, truleg med rette, er det rom for at utbygginga av straumnettet mellom til dømes Midt-Noreg og Sør-Noreg kan finansierast av flaksehalsinntekter Statnett får frå eksporten. For kva fører ein ny kabel over Sognefjorden til, ein kabel som står ferdig i 2025? At vi kan eksportera meir straum gjennom dei alt eksisterande kablane til Europa. Då får også Midt-Noreg europeiske prisar.

Noreg korkje bryt eller tøyer grensene som avtalane våre med EU og Storbritannia legg opp til. Vi er for svake til det.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noreg kan ikkje provosera Tyskland og Storbritannia.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis