JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Snipp, snapp, snute

Mykje kan tyda på at det norske havvindeventyret er over før det har byrja. Offshorevind vert berre dyrare og dyrare. No bed Equinor om to kroner per kilo­wattime i USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bilete frå Hywind Tampen i juni 2023. Parken blei offisielt opna i august. Elleve flytande vindturbinar skal gje straum til Snorre og Gullfaks.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Equinor

10584
20231006
10584
20231006

Vindkraft

jon@dagogtid.no

Fysikken har det med å koma i vegen for gode ynske. Tak noko så enkelt og vanskeleg som eit blad på ein vindturbin offshore. Det er enorme krefter i sving når vinden blæs. I tuppen på komposittvindblada, som no kan vera over 100 meter lange og i framtida vert endå større, kjem farten ofte opp i over 300 km i timen. Det skal litt av nokre girkassar og anna til for å omdanna den kinetiske energien til rotasjonsenergi, som igjen må innom ein transformator og så vidare.

Slikt krev eit omfemnande vedlikehald, noko ein kanskje kan få til relativt enkelt på land, der ein kan setja kraner på fast jord, men til havs er det noko anna. Der vantar det fast grunn. I tillegg kjem dei nedbrytande effektane av ei luft fylt med saltvatn. Vindturbinar til havs krev ei stor oppbygging av spesialskip, som diverre vert raskt utdaterte av di produsentane av vindturbinar stadig lagar større einingar.

Frykteleg år

Ein investerer ikkje med lett hjarte i ein offshoreteknologi som har så store kostnader samanlikna med tilsvarande teknologi på land. 2023 har vore eit lite kjekt år for offshorevind i heile Vesten. Equinor er ikkje åleine om å ha fått kalde føter, men vi kan nytta Hywind Tampen som i år kom i full drift, som døme. Hywind Tampen er dei elleve flytande vindturbinane som skal gje straum til Snorre og Gullfaks, og som Equinor har bygd ut.

Budsjettet var på 5 milliardar. Kostnaden vart på 7,7 milliardar. Den installerte effekten er på 88 megawatt (MW). Dersom vi seier at vindturbinane har ei brukstid på 50 prosent, vert den årlege kraftproduksjonen på 380 GWh, eller 380 millionar kWh.

10 prosent

Lat oss seia at Equinor selde straumen frå Hywind Tampen på kommersielle vilkår i marknaden, noko dei ikkje kan av di det ikkje går kablar til land frå feltet. Men om ein slik kabel gjekk til land og Equinor fekk kabelen gratis av forbrukarane, kva pris burde Equinor få per kilowattime for at Hywind Tampen skulle vera lønsam?

Vi seier at dei skal ha 10 prosent av investeringa i sal kvart år. Vi ser vidare vekk frå det store konstante vedlikehaldet av vindanlegget, og vi ser også bort frå at ein dag må det heile rivast. Då er vi på 770 millionar i salspris for 380 millionar kWh, eller vel 2 kroner per kWh.

I røynda måtte prisen verta endå høgre for at Hywind Tampen på noko som helst vis skulle verta lønsam som ein del av den europeiske straummarknaden. For her talar vi også om avskrivingar, vedlikehaldsskip med mannskap og kablar hit og dit.

Blæs på likt

Dessutan er det slik, som mange etter kvart har fått med seg via straumrekninga, at vinden har det med å blåsa på likt i Nord-Europa og Nordsjøen. Dimed går ikkje prisen opp, som han må om offshorevind skal løna seg, men ned. Det er ikkje så lenge sidan Equinor snakka om at dei ville byggja ut ei stor mengd flytande havvind som skulle gje straum til land og til Trollfeltet. Etter at Hywind Tampen stod ferdig, la Equinor prosjekt Trollvind i skuffa.

Elles står gassturbinane på Gullfaks og Snorre framleis og går medan du les dette, for damp lyt plattformene i alle høve ha klart til dampturbinane når til dømes vinden løyar og dei elleve vindturbinane ikkje leverer nok straum. Hywind Tampen vart i hovudsak eit tilleggsanlegg til den straumstrukturen som alt var på Gullfaks og Snorre, ikkje ei erstatning.

Meir dollar

Då er det kan henda ikkje overraskande at Equinor, som er tungt inne i det som skal verta ei storstilt satsing frå USAs side på havvind, no bed om det same frå amerikanske styresmakter som dei fekk frå den norske staten då dei bygde ut Hywind Tampen: kolossale overføringar frå skattebetalarane.

I sumar har Sunrise Wind-prosjektet, ein kontrakt om ny havvind som mellom anna danske Ørsted var med på å vinna, og Empire- og Beacon Wind-prosjekta, der Equinor og BP skal stå for eventuell utbygging, søkt staten New York om nye såkalla «strike»-prisar på dei kontraktane dei ulike selskapa alt har vunne.

«Strike»-pris er den garanterte prisen ei gjeven styresmakt vil gje vindkrafteigarane for å produsera straum. Vert kraftprisane høgre enn den garanterte prisen, tek styresmaktene profitten, vert dei lægre, dekkjer styresmaktene mellomlegget opp til den garanterte prisen.

Trugar med å gå

No skulle ein tru at Equinor, BP og Ørsted visste at ein kontrakt er ein kontrakt, og at når dei har bode på ein auksjon som førte til ein gjeven garantipris, så held desse svære selskapa seg til det dei har lova. Men no vil dei ha meir pengar, rapporterer amerikanske medium, og hugs at desse prosjekta ikkje er flytande havvind, men botnfaste anlegg, som er mykje billigare enn flytande anlegg.

No vil Ørsted ha ein auke i kraftprisen på 27 prosent, til nesten 140 dollar per MWh, på prosjektet dei har. Equinor og BP vil auke prisen frå 118 dollar til nesten 160 dollar for prosjektet Empire Wind 1, og frå 107,50 dollar til 178 dollar for Empire Wind 2. For Beacon Wind som Equinor skal ha oppbyggings- og operatøransvaret for, bed dei om 62 prosent auke i prisen, frå 118 dollar per MWh til over 190 dollar. I tillegg kjem omfemnande nettutbygging for å få straumen fram til kundane

2 kroner per kWh

190 dollar for 1 MWh er 2037 norske kroner. Equinor vil altså ha ein garantert pris frå staten New York på 203 øre per kWh. Joe Biden lova i fjor at USA skal byggja ut 30 GW med havvind før 2030. Ingen som har kontakt med røyndomen, trur lenger på den lovnaden. Då Biden kom med lovnaden, hadde USA installert 0,042 GW med offshorevind.

Kva vert enden på soga? Equinor, BP og Ørsted kan til dømes gå frå kontraktane og eventuelt levera inn nye bod når staten på ny eventuelt legg dei same konsesjonane ut på auksjon. Eller dei kan prøva å gå heilt bort frå prosjekta som dei lovde å byggja ut. Det har også ein kostnad.

Dyrt for Vattenfall

Å gå frå prosjekt vert nok vanleg framover. Energiselskapa har forrekna seg. I slutten av juli kunngjorde svenske Vattenfall at dei gjekk bort frå kontrakten dei hadde inngått med den britiske regjeringa om å byggja ut offshoreprosjektet Norfolk Boreas, som skulle koma på 1,4 GW.

«Sjølv om trongen for fossilfri straum er høgre enn nokon gong, er marknaden for offshorevind krevjande», sa administrerande direktør i Vattenfall, Anna Borg, i ei pressemelding. «Høgre inflasjon og kapitalkostnader råkar heile energisektoren, men den geopolitiske situasjonen har råka offshorevindproduksjon og forsyningskjeda til han særskilt hardt.»

Å gå frå kontrakten vart ikkje særskilt billig. Vattenfall, og med det svenske skattebetalarar, tok ei avskriving på 5,5 milliardar svenske kroner.

Null ny vind

Etter at Vattenfall gjekk frå kontrakten, kom svaret på den siste konsesjonsutlysinga til den britiske regjeringa om meir havvind. Ingen baud. Subsidiane energiselskapa vart førespegla, var for låge. Den britiske regjeringa vil ikkje leggja meir pengar på bordet.

Talet på prosjekt som det truleg ikkje vert noko av internasjonalt, berre aukar, og hugs igjen at vi snakkar om stort sett botnfast havvind, medan den eventuelle norske satsinga på det Støre-regjeringa kanskje utan heilt å ha tenkt seg om har kalla eit «eventyr», i hovudsak er meint å vera flytande havvind.

Om vi ser på dei prosjekta som dei komande åra er kunngjorde, anten for utbygging eller utlysing offshore i USA, syner ei oversikt frå BloombergNEF at 9,7 GW står i fare for ikkje å verta noko av. I røynda er det nesten alt som er planlagt bygd i USA. Og på toppen av desse prosjekta som står i fare for ikkje å verta ein realitet, vil altså Biden ha 20 GW til før 2030.

120 GW

Men USA bleiknar samanlikna med det den såkalla Nordsjø-alliansen, som Noreg er ein del av, vil ha. Her er lovnaden 120 GW før 2030. Det er umogleg å tru, slik stoda er no, vel seks år før 2030, at målet vert oppfylt. Skattebetalarane og styresmaktene har ikkje råd til å betala opp mot 2 kroner før nettkostnader for havvind, eller kanskje opp mot 3 kroner for flytande havvind med avskrivingar, vedlikehald, tilkopling og mykje anna.

Dessutan vert det meir og meir usikkert om Europa og USA kjem til å ha produsentar av den infrastrukturen som er naudsynt i åra framover. Siemens Energy som dei siste par åra har måtta taka full kontroll over den spanske underavdelinga si, Gamesa, av di Gamesa gjekk med så store underskot, gjekk over natta i sumar ned med 6 milliardar dollar på børsen.

Uflaks

Det synte seg at nokre av turbinane til Siemens hadde vride seg i møte med naturen. Reparasjonskostnadene er uklare, men eit overslag er på 1,6 milliardar euro. I byrjinga av 2021 var aksjekursen til Siemens Energy på knapt 35 euro. I skrivande stund er prisen 12,23 euro. Marknaden har, for å seia det slik, lite tru på lovnaden til Nordsjø-alliansen om å byggja ut havvind på 120 GW før 2030.

Noreg

Kva inneber dette for Noreg? Det store prosjektet til regjeringa er Utsira Nord, der tre felt på til saman 1,5 GW er lyste ut. Ingen bør verta overraska om den totale kostnaden for ei full utbygging av Utsira Nord kjem på ein stad mellom 300 og 400 milliardar, der staten må dekkja brorparten av kostnadene gjennom garantiprisar. Når Equinor bed om 2 kroner for botnfast vind i USA, kan vi berre tenkja oss kva dei vil krevja for flytande havvind.

Om det i det heile teke er politisk mogleg å gjennomføra eit så lite rekningssvarande prosjekt i Noreg, er eit ope spørsmål. Det største skandaleprosjektet innan energi i Norden dei siste tiåra er det finske kjernekraftprosjektet Olkiluoto 3, som kom i drift i fjor. Det skulle kosta 3 milliardar euro, men hamna på 11 milliardar euro, som er 124 milliardar norske kroner.

12 TWh

Olkiluoto 3 er på 1600 MW. Kjernekraftverket kjem til å produsera rundt 12 TWh med stabil kraft i året. Utsira Nord, om det nokon gong vert realisert, kjem til å kunne produsera vel halvparten av det finske atomkraftverket, og krafta kjem til å vera ustabil og truleg dårleg betalt. At Utsira Nord med alle kostnader og nedskrivingar gjennom levetida totalt sett vert langt dyrare å byggja fullt ut enn Olkiluoto 3, er gjeve. Kjernekraftverk varer også som kjent mykje lenger enn vindkraftverk.

Ei slags trøyst er det at vi ikkje treng krafta frå Utsira Nord. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) reknar med norsk kraftoverskot i 2030 og vidare framover.

På ein havvindkonferanse i Boston denne veka sa Molly Morris, leiaren av havvindsatsinga til Equinor i USA, at stoda er særs vanskeleg:

– Vi møter motvind frå alle kantar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis