JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Prognosemakeri

Om Statnett har rett, skal vi nordmenn mellom 2022 og 2027 auka forbruket av kraft med 30 TWh, som er like mykje som Danmarks samla forbruk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre då han deltok på årets internasjonale festival for flytande vindturbinar, Floating Wind Days i Haugesund i slutten av mai.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

13313
20230623

Bakgrunn

Staten har som mål å leggja til rette for ny havvindproduksjon på 30 gigawatt innan 2040.

Det kan gje ny produksjon på over 130 terawattimar, like mykje som samla norsk konsum i dag.

Grannelanda våre seier dei vil auka vindkraftproduksjonen sterkt dei komande åra. Delar av den produksjonen kan Noreg importera billig.

Kraft

jon@dagogtid.no

Er det eitt tema nordmenn har vorte totne øyro fulle av dei siste par åra, er det at vi må skaffa oss meir kraft, og det nærast kosta kva det kosta vil. Regjeringa Støre har som ambisjon at staten skal ha tildelt produksjonsområde på sokkelen for havvind på 30 gigawatt (GW) innan 2040.

Dersom det blæs så mykje at dei planlagde vindturbinane produserer i halvparten av tida, vert det 131,4 terawattimar (TWh), eller over 131 milliardar kilowattimar.

I Noreg brukte vi 122,9 TWh i 2022, ein nedgang på 6,4 TWh frå 2021. Tek vi med tapet i kraftnettet og den straumen vi nytta på pumpekraft, hamna det samla forbruket på 133,4 TWh i 2022. Ser vi på forbruket så langt i år og legg inn Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) forventa temperaturjusterte forbruk ut året 2023, får vi eit forbruk på vel 131 TWh.

Overskot

Kraftoverskotet er stort. I 2021, då magasineigarane produserte for mykje på grunn av dei høge gassprisane og prissmitten dei nye kablane til England og Tyskland førte med seg, hamna årsproduksjonen på 157,1 TWh. I 2022, då dei delvis heldt att, etter NVEs meining, var produksjonen 146 TWh.

I alle høve har nordmenn verkeleg tilpassa seg dei nye kraftprisane. Trass i all elektrifiseringa av bilparken og det store meirforbruket som utbygginga av Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen har leidd til, var forbruket i 2022 nett det same som i 2016. Så langt i år har nettoforbruket gått ned med 3,5 prosent, medan produksjonen av straum har gått opp med 3,1 prosent samanlikna med 2022, seier Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ein talande statistikk finn vi hjå Norsk Varmepumpeforening: Ein skulle tru at vi hadde kjøpt så mange dei siste åra at vi har kjøpt oss ferdige med varmepumper. Det er alltid i fjerde kvartal vi kjøper flest varmepumper. Alt i 2011 kjøpte vi 32.000 av dei på haustparten, og så seint som i 2020 kjøpte vi 30.000 i fjerde kvartal. Samla det året kjøpte vi 90.000 varmepumper.

Bleiknar

Det heile bleiknar mot 2021, då vi kjøpte 121.000 varmepumper. I fjerde kvartal 2022 vart det installert 62.000. Og i fyrste kvartal i år fekk vi eit nytt rekordsal om vinteren: Det vart kjøpt 39.000. Vi er på veg dit at alle som kan ha bruk for varmepumper for å få ned straumforbruket, har kjøpt seg ei.

Truleg har over 1,5 millionar bygningar varmepumpe i Noreg. I tillegg nyttar vi store summar på etterisolering, og nesten alt av nye bygningar får beste energimerking, A eller B.

At vi nyttar mindre straum når prisane går opp, burde eigentleg ikkje forundra så mykje. Kraftintensiv industri har, som det ligg i namnet, eit høgt forbruk av straum. Men sjølv om så godt som alle fabrikkar som nyttar mykje straum, har lange fastpriskontraktar med relativt låge prisar, inneber ikkje det at dei nyttar maksimalt med straum.

Forbruket deira frå mai 2022 til mai 2023 har gått ned med 10,7 prosent, seier SSB. Vi kan trygt rekna med at mykje av denne nedgangen handlar om at dei har vidareselt straum som dei har fått til låg fastpris, i spotmarknaden når prisen der har vore høg.

Lyt ha det

Nei, straum er ikkje like priselastisk, som det heiter, som dei fleste andre varer, for straum lyt vi ha. Men det er heller ingen tvil om at marknaden har tilpassa seg den mykje høgre straumprisen, og det sjølv om Stortinget har gjeve særs mykje i straumstøtte.

Dessutan er eit lægre straumforbruk i samsvar med den store grøne planen. Ein av grunnane til at straumprisane har vore høge, er enkelt og greitt EUs kvotesystem og kvotepris. I mai 2020 kosta eit tonn med CO2-utslepp 13,50 euro. I dag kostar det same tonnet 95 euro. Det er særleg Tyskland som har drive fram denne enorme prisauken. Dei har både lagt ned atomkrafta og fyrt opp ekstra mykje kolkraft, samstundes som russisk gass har forsvunne.

Høge prisar på karbonutslepp slår rett inn på norske kraftprisar, som igjen fører til lægre forbruk av rein norsk straum her heime, og auka eksport, som igjen i hovudsak fortrengjer dyr kolbrenning. Berre CO2-kvotane vert dyre nok, vert til slutt all rein kraftproduksjon lønsam, er tanken bak politikken til både EU, Noreg og Storbritannia.

Mindre industri

Ei rekkje verksemder i Europa har dessutan anten kutta i produksjonen eller gått konkurs som fylgje av høge prisar på fossilt drivstoff. Frå mars til oktober 2022 gjekk til dømes produksjonen frå tysk kjemikalindustri ned med ein tredjedel, og i Noreg har det som sagt i mange tilfelle vore lønsamt for storforbrukarar av straum heller å selja straumen på den opne marknaden enn å nytta han til produksjon av varer.

Det vi har sett med dei høge europeiske energiprisane, er det som har vore meininga heile vegen: eit redusert forbruk av energi.

Men likevel talar om ikkje alle, så særs mange, om kor viktig det er at Noreg får opp produksjonen av kraft. Svaret dei gjev på kvifor auka produksjon er viktig, er Statnett, som er den fremste prognosemakaren for staten.

Siste prognose

Den siste prognosen deira er frå november i fjor. Der såg dei på marknaden 2022–2027 og skriv: «I Basis (basisscenarioet, red. merk.) legger vi til grunn en økning i normalårsforbruket fra ca. 140 TWh i 2022 til 164 TWh i 2027.» Konklusjonen er at Noreg alt frå 2027 får underskot i kraftbalansen: «I Basis går vi fra et overskudd i dag på ca. 18 TWh til et underskudd i 2027 på 2 TWh.»

Som vi ser, er denne prognosen basert på eit startforbruk på 140 TWh i Noreg. Men forbruket i heile 2022, med straumtap, var på 133,4 TWh, og i år ligg det altså an til å verta på 131 TWh, skal vi tru NVEs temperaturjusterte prognose for resten av året. Dessutan trur Statnett at vi får ein auka produksjon av i hovudsak vasskraft med 6 TWh.

Dei meiner likevel, om vi tek utgangspunkt i det faktiske forbruket på 133,4 TWh i 2022, at konsumet skal opp med vel 30 TWh på seks år. Det er ikkje noko anna å seia enn at det er ein kolossal auke på særs kort tid.

Heile Danmark

Det finst omtrent like mange danskar som nordmenn, og danskane har ein av verdas høgste levestandardar, med tilsvarande forbruk. Det danske elforbruket er på rundt 30 TWh. Noreg skal altså på seks år auka forbruket med Danmarks samla forbruk, om Statnett har rett.

Statnett viser til at dei dei siste fire åra har fått førespurnad om å levera 30 GW med ny effekt, medan det maksimale vi til kvar tid kan makta å pressa ut med dagens system, er 27 GW. Etterspurnaden etter ny effekt er altså større enn den effekten vi har bygd opp gjennom 130 år med investeringar i kraftproduksjon og nett. I Europa er det i dag berre Island som har større effekt- og straumforbruk per person enn Noreg.

«Berre» 7 GW

På grunn av manglande kapasitet i nettet, både her heime og andsynes utlandet, har rett nok berre 7 av dei 30 GW-ane i etterspurd effekt fått høve til å reservera plass av Statnett. Men det auka effektuttaket skal altså føra til eit auka forbruk av straum på 30 TWh i 2027.

Det Statnett derimot ikkje fortel oss noko om, er kor mange av investorane bak dei 7 GW-ane som har teke ei investeringsavgjerd, eller kor store investeringane vert. Renta er også no mykje høgre og skal verta endå høgre enn ho var då Statnett laga prognosane. Tak til dømes denne investeringa kinesiske TikTok skal gjera på Hamar og Løten saman med israelske Green Mountain. Det planlagde datalagringssenteret der har fått lovnad om 150 MW frå Statnett og det lokale nettselskapet. 150 MW er 15 prosent av ein GW. Green Mountain seier at investeringa i senteret vert på ein stad mellom 11 og 15 milliardar.

Reknestykke

Lat oss gjennomføra eit enkelt reknestykke, som heilt sikkert ikkje slår til, men som seier noko om retning. Vi seier 15 milliardar per 150 MW, som er Green Mountains høge overslag over investeringar. Då krev eit liknande nytt forbruk på 7 GW, det forbruket som har fått lov til å reservera plass hjå Statnett, investeringar på 700 milliardar fram mot 2027.

Igjen: Talet er berre ein illustrasjon, men det viser at vi snakkar om uhorveleg mange milliardar i investeringar, både i forbruk og i nett, dersom Statnetts prognose om 30 TWh i nytt forbruk mellom no og 2027, slår til.

Her snakkar vi også om makroøkonomi: Arbeidsløysa i Noreg er nær rekordlåg, inflasjonen er høg, og både denne og den førre regjeringa har lovd enormt med vegar, jarnbane, sjukehus og så bortetter dei komande fem åra.

Alle desse lovnadene frå ulike regjeringar og storting må, om Statnett har rett, konkurrera om arbeidskraft som skal gje 30 nye TWh i forbruk – i kombinasjon med ei massiv tilrettelegging for auka effektkapasitet og -uttak.

Reserveeffekt

Denne nye effekten kan ikkje koma frå vind eller sol åleine – dei må alltid ha ryggdekningseffekt. Då står vi att med vassmagasina våre. Som Statnett sjølv skriv: «Norden har underskudd på effekt. Det blir også gradvis mer utfordrende i Norge, og det er viktig at vannkraftverkene øker sin effektinstallasjon.»

Men kva har denne regjeringa gjort? Dei har innført ein stor skatteauke på effekt som kan stilla opp når det er vindstille og sola ikkje skin. Ei rekkje kraftselskap har varsla at dei ikkje vil auka effekten på magasinkrafta som planlagt etter at regjeringa innførte skatteauken. Kjem ikkje oppgraderingane, er det særs vanskeleg å lova jamn leveranse av 30 nye TWh i forbruk fram mot 2027.

Kvifor

Effekt eller ikkje, eit anna spørsmål som tvingar seg fram, er om vi i det heile teke treng å investera så mykje i eigen ny produksjon av kraft. For kva seier Statnett om grannelanda våre? Jau, vi skal få 6 nye TWh, i hovudsak frå vasskraft, men det bleiknar heilt mot det resten av Norden visstnok skal gjera:

«I de øvrige nordiske landene vokser produksjonen med ca. 75 TWh i sum til 2027. Mesteparten kommer som vindkraft, men solkraft er også i sterk vekst. Veksten i forbruket er også høy. Dette gir et stabilt overskudd på den nordiske energibalansen på ca. 50 TWh hele veien til 2027.»

Paradokset

Her har vi hamna i ein paradoksal posisjon: I heile vinter såg vi at når kraftprisen var låg i grannelanda våre, hadde vi i Sør-Noreg likevel relativt sett høge prisar. Berre no i vår, når snøsmeltinga har vore høg, og elvekrafta difor har fått mykje vatn, og grannelanda samstundes produserte mykje vind- og solkraft, har prisane kome ned på eit verkeleg lågt nivå i Sør-Noreg.

Men det er no eingong slik at vi ikkje alltid kan ha mykje sol og mykje snøsmelting i Noreg. I dei meir normale periodane kan magasineigarane halda igjen på produksjonen og dimed pressa opp straumprisen i Sør-Noreg til eit mykje høgre nivå enn i resten av Nord-Europa, når dei produserer mykje frå vind og sol.

Ja, det er heilt sikkert fornuftig at eigarane av vassmagasina aukar effekten som kan regulerast opp og ned, men kvifor Noreg skal auka eigen vindkraftproduksjon i Nordsjøen når omverda gjer det same, er uklart.

Lægre prisar

Vi er no i ein situasjon der effekt som kan regulerast, vert stadig betre betalt, men det er også slik at om vi auka importkapasiteten, ville det ha gjeve Noreg lægre prisar i framtida når vinden blæs eller sola skin, enn vi til dømes har opplevd i vinter.

Vi står altså i eit paradoks som kan formulerast slik: Ja, kablane til Tyskland og Storbritannia pressa opp dei norske prisane av di vassverdien auka for magasineigarane, men om vi bygde endå fleire kablar i takt med at grannane byggjer meir vindkraft, ville vi få tilsvarande lengre periodar med låg straumpris.

Resten av Nord-Europa seier dei skal produsera langt meir av hydrogen, sol- og vindkraft og batteri enn dei gjer i dag. Kvifor skal Noreg då gjera det same, sidan auka produksjon ute fører til lægre importprisar her heime? Det einaste omverda sikkert kjem til å ynskja meir av frå Noreg, er effekt som kan regulerast.

Større magasin

Den effekten vi treng når vinden ikkje blæs, kan vi levera ved å auka storleiken på magasina og røyrgatene våre og installera større turbinar. Men kvifor vi skal produsera meir vindkraft på norsk sokkel når det vert mykje billigare berre å leggja kablar til dei nye vindparkane i Nordsjøen eller over grensa til Sverige, er eit spørsmål til dømes denne regjeringa ikkje vil drøfta.

Vi skal ha ny havvindkraft i 2030, men vi skal ikkje skaffa oss auka importkapasitet framover som kan taka mot ny kraftproduksjon i Norden eller Nordsjøen, er meldinga derifrå.

I alle høve: All produksjon som botnar i det grøne skiftet, har USA lovd å subsidiera på eit nivå få europeiske land kan konkurrera med. Mange av dei som stod i kraftkøen til Statnett i fjor, har i ettertid sagt at dei nok vil flytta den påtenkte produksjonen til USA.

Nett det, seier lærebøkene, kjem til å gjera Noreg rikare og USA fattigare, om då ikkje Noreg også subsidierer fram mykje ny produksjon, til dømes av havvind.

Så mykje kan vi seia: Det er ikkje sikkert at Statnett får heilt rett i prognosane sine.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvifor Noreg skal auka eigen vindkraftproduksjon i Nordsjøen når omverda gjer det same, er uklart.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis