JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Øydelagd tillit

Motvind Norge vil ha vekk dei to siste utanlands­kablane og etablera eit nytt og uavhengig offentleg analysemiljø for kraftmarknaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Motvind Norge har skipa til fleire demonstrasjonar mot vindkraft. Her frå ei stor­mønstring på Eidsvolls plass laurdag 4. september 2020.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

13475
20220902

Motvind Norge

Motvind Norge vart stifta hausten 2019.

Dei arbeider for å hindra ny vindkraftproduksjon i Noreg.

Dei har no nesten 20.000 betalande medlemer.

Kraft

jon@dagogtid.no

Lyttar ein til regjeringa, NVE og RME, EU og Acers kontrollorgan i Noreg, får ein inntrykk av at det ikkje er mykje ein kan gjera med prisane på straum. Sjølv om Noreg er det landet i Europa som produserer mest straum per innbyggjar og går med stort produksjonsoverskot stort sett kvart einaste år, lyt vi berre leva med at vi no importerer prisar frå Tyskland og Storbritannia, ser tankegangen ut til å vera.

Men eitt tiltak ynskjer regjeringa så raskt som råd er, at kommunane i Noreg seier ja til langt fleire vindturbinar, som i si tid var årsaka til at vi fekk kablane til Storbritannia og Tyskland, kraftoverskotet måtte eksporterast. Vidare har regjeringa lagt opp til hurtighandsaming av eit nytt EU-direktiv, Repower EU, som skal føra til raskare handsaming av søknader om mellom anna å få bygd ut meir vindkraft.

7000 svar

Men korkje straumpolitikken ålment eller vindpolitikken særmerkt er særleg populære. Det er kome inn over 7000 høyringssvar om EU-direktivet. Nesten alle negative. Men det kanskje klaraste dømet på kor upopulært det rådande kraftregimet er, er Motvind Norge, ein organisasjon som på tre år er komen opp i 19.425 medlemer. Mykje av kunnskapsgrunnlaget Motvind byggjer på, er samla inn av Sveinulf Vågene, ein tidlegare geolog i oljeselskapet Exxon. Alle med ei viss interesse for det norske kraftsystemet kjenner til han.

– Korleis oppstod denne interessa for vindturbinar?

– Det var nokså tilfeldig. Ein granne sende meg e-post med ei mengd påstandar om vindkraft. Eg tykte dei var heilt ville og umogleg kunne vera rette. Eg sette meg difor ned for å sjekka. Eg fann ut at han hadde feil i feil retning. Vindkraft var faktisk verre og meir skadeleg enn han påstod.

– Men det vart sagt ja til mykje vindkraft. Berre i sone to, den sørlegaste straumsona, har det kome 1444 MW vindkraft dei siste åra. Det var ikkje mykje motstand då vindkraftutbygginga byrja?

– Det var det som slo meg då eg byrja arbeidet i 2011. Det var så lett å få ja til utbygging, samstundes som konsekvensutgreiingane var elendige. Eg har arbeidd i oljeindustrien, som er pålagd ei mengd krav og reglar. Vi brukte til dømes millionar på millionar på å finna ut kva som var på havbotnen. Så såg eg på søknadene om å få byggja vindparkar. Det typiske var at ein biolog gjekk gjennom heile området på ein dag eller to, skreiv ein rapport og klarerte området for truga artar og liknande. Konsekvensutgreiinga har vore så lemfeldige og lause at eg ikkje kan få sagt det. Og no kjem altså Repower EU som skal korta ned sakshandsamingstida endå meir.

EU

– Kva inneber Repower EU?

– At det skal gå mindre enn to år frå ein søknad kjem inn, til konsesjon vert gjeven. Vidare er forslaget at kvar medlemsstat kan peika ut såkalla «go to»-område der det ikkje skal vera prosjektspesifikk utgreiing. Ein skal enkelt og greitt få konsesjon til å byggja i løpet av eitt år. Dette er Nasjonal rammeplan på ny. Som du sikkert hugsar, kom det inn så mange protestar – 5000 – i form av høyringssvar mot vindkraftutbyggingsplanen til regjeringa Solberg at dei gav heilt opp og trekte framlegget. EU-framlegget er ikkje noko anna enn ein omkamp.

Men at det kjem meir utbygging av vind, både i EU og i Noreg, ser ut til å vere gjeve.

– Det er enorme pengesummar i spel her. Dessutan ligg vindkraftindustrien i EU no nede av di motstanden mot vindturbinar har vore så stor i mange land at regjeringane ikkje har klart å gje nye konsesjonar. Difor går det no føre seg ein desperat lobbykamp i heile EU, men også her heime i Noreg. Kraftselskapa har vorte ein stadig større og mektigare politisk aktør, og dei ynskjer meir utbygging òg. Vi ser i tillegg at internasjonal storkapital er inne i biletet her heime. Black Rock, verdas største fondselskap, er til dømes inne på eigarsida i Gulesletten og Tellenes. Får dei som har søkt om konsesjon på Finnmarksvidda for vindparken Davvi, ja til søknaden, kan dei lett selja konsesjonen vidare med ein profitt på over 1 milliard.

Fosen

– Men er fortenesta så stor? Statkraft var opphavleg mot å byggja ut Fosen, dei sa at det ikkje var pengar i det. Det var fyrst då regjeringa Solberg greip inn, at dei snudde?

– Det er rett at det fleire stader ikkje var forteneste å snakka om på sjølve produksjonen inntil kraftprisane no gjekk i taket. Den store fortenesta ligg i å skaffa seg ein konsesjon og så til dømes selja til utanlandske finansinstitusjonar. Dei står kø for å kjøpa. For dei er store vindprosjekt viktige når dei skal visa kundane at dei er grøne og klimavenlege. «Alle» kapitalistar vil i dag grønvaska seg.

– Men her høyrer det vel med å nemna at vindkraft i kombinasjon med magasinkraft gjer vindkraft meir lønsamt i Noreg enn andre stadar. Kraftselskapa kan kombinera dei to produksjonsformene og selja lange, grøne fastpriskontraktar med høg profitt?

– Ja, vindkrafteigarane får ei gratisteneste frå magasinkrafta. Dei får profittera på dei enorme investeringane som ligg i botnen av det norske kraftsystemet. I seg sjølv er vindkrafta langt på veg verdilaus. Ein kan ikkje planleggja på basis av vindkraft. Ein kan i liten grad føreseia kva tid vindturbinar produserer. Difor må vindkrafta foredlast gjennom å få tilgang til stabile kraftkjelder, det vera seg atomkraft, kolkraft, gasskraft eller som her heime, magasinkraft.

Balansekraft

Men det er ein stor forskjell mellom Noreg og andre land, seier Vågene.

– I andre land, til dømes Tyskland, lyt ein betala for balansekrafta gjennom til dømes å halda eit kolkraftverk i sving. Vindkraftprodusentane i Noreg må ikkje betala noko til magasineigarane.

I røynda har EU-landa og eit stykke på veg Noreg bygd opp eit nytt kraftproduksjonssystem på toppen av det gamle. I Tyskland gjekk den installerte effekten i kraftsystemet mellom 2000 og 2020 opp med 80 prosent. Straumproduksjonen gjekk derimot opp med berre 5 prosent. Verknadsgraden av alt det nye, vind og sol, er berre på 20 prosent. 80 prosent av tida produserer dei nye kraftkjeldene lite eller ingenting. Difor har Tyskland måtta halda på den gamle kraftproduksjonen, i tillegg til å byggja nye gasskraftverk for å kompensera for nedlegginga av atomkrafta og ha balanse til vindkrafta.

– Vi høyrer sjeldan at vindkrafta ikkje er stabil og difor må koma i tillegg til det gamle kraftsystemet?

– Eg lyt ærleg vedgå at eg har mista tilliten til kraftbransjen, dei regulatoriske styresmaktene og konsulentselskapa som i praksis skriv søknadene. Det er ikkje nøytralitet att i systemet. Fakta vert alltid tilpassa det ynskte resultatet. Dei som betaler for konsekvensutgreiingar, får det resultatet dei ynskjer. Det er ein stor veikskap i det norske kraftsystemet i dag at vi manglar objektive analytikarar. Det finst ikkje ein stor uavhengig faginstans som kan koma med meir rette analysar av både søknader og kva som må gjerast for å betra kraftsystemet. I dag får vi alle desse tingingsverka frå kraftbransjen, tingingsverk som både politikarar, faginstansar og diverre pressa et rå.

Eit brot

Vågene meiner at det som har skjedd med kraftsystemet, har brote ned tilliten mange borgarar i utgangspunktet hadde til styresmaktene og det politiske systemet.

– Det er eg heilt sikker på. Det vi har gjort med naturen gjennom vitlaus vindkraftutbygging og ved å seia ja til dei to siste utanlandskablane, har vore øydeleggjande. Men eg har ei von om at det no kjem ei endring. Folk godtek ikkje i lengda det som har skjedd. Men ja, det er vanskeleg å stå imot alle desse særinteressene.

Her trekkjer Vågene fram Jens Stoltenberg.

– Vi står overfor det Jens Stoltenberg i kapittelet «Biobråk» i sjølvbiografien kalla «det miljøindustrielle komplekset». Dette komplekset har vakse seg mykje sterkare sidan Stoltenberg gav ut boka. Det er langt fleire advokatar som lever av dette, det er mange fleire og sterkare internasjonal finansaktørar og så bortetter. Dette komplekset har levert analysane og ført lobbykampen som har leidd oss ut i uføret.

– Men no sit vi her. Korkje folk eller næringslivet kan leva med så høge prisar over tid. Då er løysinga meir straum, som må koma frå vind, sidan vi ikkje lenger byggjer ut store magasin?

– Det vi lyt hugsa, er at straumprisen i Noreg ikkje vert sett av den norske marknaden. Vi er no med dei to nye og store kablane ein del av den tyske og britiske marknaden, to marknader som dei siste tiåra har hatt dei høgste kraftprisane i Europa. Kva vi gjer her heime, er langt på veg uvesentleg for den norske prisen. Vi er prisgjevne kraftsystem som vi lyt seia er dysfunksjonelle.

Styrer kraft

Desse systema er avhengige av både olje og gass i kraftproduksjonen, seier Vågene.

– Vi er no vortne synkroniserte med svingingane i olje- og gassmarknaden, ein marknad som alltid har vore syklisk og hatt store svingingar. Vi nyttar ikkje olje og gass i vårt kraftsystem, likevel er prisen vi no betaler for straumen, synkron med gassprisen. Nesten same kor mykje vindkraft vi byggjer ut i Sør-Noreg, vil det ikkje påverka prisen. Vi kan setja opp tusen monsterturbinar til i norsk natur, men straumprisen vil halda fram med å vera høg og variera med gassprisen.

EU forbruker i dag 19.000 TWh i året, 3000 av desse i form av straum. Den marknaden trur ikkje Vågene Noreg kan påverka.

– Når vi har kablar utan eksportrestriksjonar, seier det seg sjølv at Noreg knapt kan gjera noko frå eller til her. Ja, ein eller annan kan kanskje påstå at straumprisen med 5–10 nye TWh kan gå ned to øre og til og med ha rett i det, men kva hjelper det når straumprisen er fem kroner? Vi må få ny vindkraftproduksjon seier regjeringa, men ho fortel ikkje kor uviktig den produksjonen vil vera for prisen.

Tok feil

– Men er det nokon som veit noko lenger? Statnett sa i desember i fjor at straumprisen skulle gå langt ned i år og vera godt under 1 krone per kilowattime. På meg verkar det som aktørane nærast tenkjer på eit tal?

– Vi kan berre slå fast at alle desse spådomane om straumprisane var feil. Det offentlege Noreg manglar openbert gode analysemiljø. Statnett er nok gode til å analysera kapasitet i nettet og straumflyt og slikt, men prisestimata deira har synt seg å vera feil. Vi i fagpolitisk gruppe i Motvind har gjentekne gonger kome med framlegg om å etablera eit uavhengig analysemiljø som kan kome med fakta og framskrivingar til politikarane.

Både Statkraft, Statnett og NVE har for mange roller i dagens system, meiner Motvind Norge.

– Vi treng eit miljø som berre driv med analysar, og som ikkje skal tena pengar eller gje svar på søknader. Dette handlar òg om tillit. Folk lit ikkje lenger på dei fagmiljøa vi har i dag. Vi kan enkelt og greitt slå fast at dei aller fleste av oss, inkluderte politikarane, ikkje ynskte dei prisane vi ser i dag, likevel har faginstansane sett oss i desse problema.

– Men det kokar igjen ned til dei to siste kablane. Dei har, som du seier det, låst oss til gassprisane i Europa. Er det ikkje likevel ein illusjon å tru at til dømes Tyskland vil akseptera at kabelen mellom oss og dei vert fjerna?

– Eg trur ikkje fjerning er den rette måten å tenkja rundt dette på. Vi kan berre konstatera at vi ikkje kan leva med desse kraftprisane, og at vi må taka attende kontrollen over straummarknaden, både eksporten og sjølve energisystemet her heime. Kabelen til England kan forhandlast om med eit varsel eit år i forkant. Vi kan konstatera at den kabelen er ein rein eksportkabel, og det burde difor vera ei enkel sak å seia at «dette gjekk ikkje».

Solidaritet?

– Men kontinentet er desperat etter straum? Vi må vera solidariske, får vi heile tida høyra.

– Våre politikarar har fyrst og fremst eit ansvar overfor oss som bur her til lands. Men dei prisane vi ser i dag, står vi overfor ei massiv nedlegging av norsk industri og norsk næringsliv. Heile samfunnsmodellen vår er bygd opp rundt billig straum i store mengder. Og har vi ansvar for alle feilvala som til dømes Tyskland har gjort? Dei har gjort seg heilt avhengige av russisk gass, og på toppen av det heile har dei stengt ned og stengjer ned fullt drivverdige og moderne atomkraftverk. Når du gjev ein tidlegare russisk KGB-offiser kontroll over energitilførselen til landet ditt, så har du verkeleg rota det til og fortener ein lærepenge.

Fjern tanke

– Ein kan hevda at du og Motvind er egoistiske.

– For meg er det ein fjern tanke å byggja ut meir vindkraft i Sør-Noreg av di Tyskland stengjer ned atomkrafta. Det seier noko om dagens debattklima at store aktørar og leiande politikarar i røynda seier at vi må rasera endå meir norsk natur for å kompensera for Tysklands nedstenging av reaktorar. Den krafta Noreg kan senda til EU og England, er berre ein drope i havet – det er snakk om promille av energiforbruket. Og ho kjem med ein ufatteleg stor kostnad i form av øydelagd natur og svekt livskvalitet for dei som må leva ved sida av vindkrafta. Det vil ta titusenvis av år for naturen å lækja dei såra vi skaper. På toppen av det heile vil slik rovdrift på naturen svekkja tilliten til det grøne skiftet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det seier noko om dagens debattklima at store aktørar og leiande
politikarar i røynda seier at vi må rasera endå meir norsk natur for å
kompensera for Tysklands nedstenging av reaktorar.

Sveinulf Vågene, Motvind Norge

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis