JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Kraftfanga av historia

Svenskane brenn tre. Difor betaler vi no langt meir for oppvarming enn svenskane. Men det fine med høge straumprisar er at det vert mykje meir lønsamt å gjennomføra straumsparande tiltak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For 30 år sidan vedtok svenskane å satsa på bioenergi. 120 TWh av energiproduksjon i Sverige kjem i dag frå bioenergi, oftast i form av av trepellets. I Noreg nyttar vi berre 15 TWh om vi inkluderer vedbrenning i heimar.

Foto: Hedemora Energi

13237
20211217

Straumprisen

Regjeringa har gjort framlegg om at staten i vintermånadene tek halvparten av rekninga for straum over 70 øre.

Straum er mykje viktigare for nordmenn enn andre, av di vi ikkje nyttar særleg andre kjelder til oppvarming.

I Sverige er produksjonen av fjernvarme 57,7 TWh. I Noreg er han 5,9 TWh.

Elektrisitet

jon@dagogtid.no

Samfunnsøkonomien og klimaet er taparane i straumpakken til regjeringa. Sjølvsagt var det umogleg for regjeringa å sitja stille og sjå på at nordmenn flest fekk mykje dårlegare økonomi. Men det som har skjedd i haust, er nett det som den grøne vendinga legg opp til at skal skje: Folk må nytta mindre energi, og det finst ikkje ein betre måte å gjera det på enn å la folk få svi økonomisk.

Dyr norsk fornyeleg straum er eit klart signal til både forbrukarar og investorar: Med høg pris må forbrukarane nytta mindre straum, og den frigjorde straumen kan gå til slikt som å byta ut gass med elektrisitet på sokkelen. Investorane på si side ser at når prisen på straum vert høg, kan dei tena meir pengar på byggja vindturbinar eller gjera vasskraftverka meir effektive.

Turbogrønt

Prisgaloppen i haust er den grøne vendinga på turbo. Nei, den nye ordninga er ikkje dårleg for investorar, dei får framleis betalt marknadspris, men ho er dårleg for statskassa. Regjeringa seier i røynda no at kvar vinter når prisen på straum går over 70 øre, kjem staten og hjelper deg.

Det staten har gjort, er altså fyrst å subsidiera fram mykje vindkraft gjennom grøne sertifikat, og så når prisen på straum endeleg er vorten så høg at det løner seg å byggja ut vind utan subsidiar, kjem den same staten og subsidierer forbrukarane av di straumprisen er vorten så høg.

Og kven er desse forbrukarane som vert subsidierte? Det er sjølvsagt dei same skattebetalarane som betaler skatt for at staten skal ha råd til å subsidiera dei. Men slik er den grøne vendinga.

Samanlikninga

Korleis har vi hamna i dette uføret, og kva kan gjerast for å koma ut av det? For å forstå det må vi sjå litt på historia og samanlikna Noreg med andre land. Noreg er unikt i verda. Vi har ekstreme mengder av ein billig og fornyeleg energiressurs, vatn som fell frå stor høgd. Før den store vasskraftutbygginga kom i gang i etterkrigstida, nytta vi i hovudsak éi kjelde til oppvarming: tre i ulike former – ved på landsbygda og i vanlege bustadar, koks i bygardar.

Ja, i ein periode vart det bygd bygardar som fekk oljefyrt sentralvarme, men etter kvart vart straum eine og åleine kjelda til varme. Straum til varme har dessutan har ein stor fordel: Vi treng berre éin infrastruktur. Ei leidning eller ein kabel inn til eit hus gjev både lys og varme.

Slik Noreg tenkte, tenkte andre land òg. Stadig fleire europearar fekk både varme og lys frå straumproduksjon. Dei nytta rett nok ikkje vasskraft som kjelde til straum og varme, dei nytta kol eller olje, til kraftproduksjon. Men så kom det ei endring, fyrst i Nederland. I det som vart kjent som Groningen-feltet, som elles vert lukka neste år, fann nederlendarane i 1959 3000 milliardar kubikkmeter med gass. Groningen er framleis det største gassfeltet som nokon gong er oppdaga i Europa.

Import

Nederland hadde korkje ved, kol eller olje. Dei var avhengige av import av energi. No kunne dei leggja om heile energisystemet. Gass er ei effektiv kjelde til straumproduksjon, men han er ein endå meir effektiv kjelde til oppvarming. Nederland er dessutan tett folkesett. Det vart bygd ut eit stort og effektivt distribusjonsnett for gass, som gjekk direkte til både verksemder og bustadar.

Så fann britane og danskane òg gass. Mellom 1969 og 1972 fekk nesten alle britiske heimar installert gass via eit nytt sentralnett, det særs ureinande kolet vart fjerna frå britiske heimar. Danskane fylgde etter. Deira infrastruktur var mykje basert på olje, både til straum og til sentralvarmeproduksjon.

Så kom oljekrisa, den oljen dei sjølv etter kvart produserte, gjekk ut i verdsmarknaden, gassen som var mykje billigare, vart heime grunnlaget for ein infrastruktur som stod ferdig i 1982. Store mengder gassrøyrleidningar, 19.000 kilometer alt i alt, vart som i Nederland, gravne ned i bakken.

Vasskraft

Frå byrjinga i Nederland spreidde gassmodellen seg til stadig fleire land i EU. Noreg heldt fast på sin modell. Vi nytta éi kjelde både til varm og til lys, vasskraft. Det er på grunn av straumbruken myten om nordmenn som sløsarar har oppstått. Ja, vi nyttar mykje meir straum enn alle andre. Men om vi talar om energi i form av kilowattimar, er det ikkje skilnad å snakka om mellom Noreg og Danmark.

Eit vanleg norsk hushald nyttar 20.000 kWh i året, det meste frå straum. Eit typisk dansk hushald nyttar òg 20.000 kWh i primærenergi. Men i Noreg kjem nesten 80 prosent av den totale energibruken til ein gjennomsnittsperson frå straum. I Danmark er det same talet berre 20. Danskane nyttar i hovudsak gass, nordmenn i hovudsak straum.

Det er heller ikkje heilt sant at innbyggjarane i Danmark og EU betaler så mykje meir for energibruk enn vi nordmenn. Før gassprisen tok av i år, seier EU-kommisjonen, var gjennomsnittsprisen i EU per kilowattime frå gass til oppvarming, inkludert alle avgifter, vel 60 øre.

Ja, stadig meir gass vert i EU nytta til straumproduksjon. Men langt det meste gassen som vert brukt, inkludert den frå Noreg, vert nytta til oppvarming. Gass er ikkje berre ein tilkallingsvikar når vinden ikkje blæs i Vest-Europa. Det er ein berebjelke i heile energiforsyninga, både i form av lægre utslepp av CO2 og i form av velferd og velstand.

Tyra-feltet

Eit lite døme: Dei fleste av oss har fått med oss at Danmark skal leggja ned olje- og gassproduksjonen. Ja, det finst eit formelt vedtak om det, men i røynda gjer dei noko anna. For samstundes som dei har vedteke å avvikla olje- og gassproduksjonen, gjennomfører danskane no si største investering i Nordsjøen nokon gong.

Tyra-feltet skulle lukkast i 2018, sa oljeselskapa. Havgrunnen hadde sokke for mykje til at produksjonen kunne halda fram. Kva gjorde Folketinget? Dei gav oljeselskapa skatterabatt. Politikarane vart urolege for handelsbalansen og forsyningstryggleiken for energi.

No vert plattformene bygde opp att til ein kostnad av 28 milliardar kroner. Produksjonen skulle byrja sumaren 2022, men vart utsett til sumaren 2023 på grunn av covid-19. Når produksjonen byrjar på ny, kan feltet levera gass til 1,5 millionar husstandar på det meste, og produksjonen kan vara i minst 25 år.

Nei til gass!

I Noreg kjem det ikkje på tale å byrja energiproduksjon på grunnlag av gass. Det er politisk umogleg. Vi kan ikkje samstundes som vi elektrifiserer sokkelen for å få bort gassbruken, byrja å fyra med gass på land. Det får vera måte på med dobbeltmoral. Dessutan er vi såpass spreidde utover landet at ein ny infrastruktur på grunnlag av gass vil vere særs ulønsam i store delar av landet.

Vi kan kanskje sjå til Sverige. Det er lenge sidan dei vedtok å byrja nedlegginga av atomkrafta samstundes som dei vil verta grøne. Ja, dei har ein del vasskraftressursar i dei store elvane i Nord-Sverige, men dei ressursane er uttømde. Dei kan heller ikkje satsa særleg på store magasin, som vi har gjort i Noreg, av di landet, også i nord, stort sett er flatt. Men Sverige har ein annan stor energiressurs, som Noreg også har.

Ja til ved!

For 30 år sidan vedtok svenskane å satsa på tre. 120 TWh av energiproduksjon i Sverige kjem i dag frå bioenergi, som i praksis er brenning av tre. I Noreg er det årlege tilveksten av skog på godt over 400 TWh om vi tenkjer oss at vi brenn alt i varme- og straumproduksjon. Vi nyttar berre 15 TWh om vi inkluderer vedbrenning i heimar.

Ja, tre slepp ut meir CO2 enn kol per kilowattime når vi brenn det, men den store fordelen med trebrenning, sjølv om det kanskje er umoralsk å peika på, er at den brenninga ikkje tel med i klimarekneskapen. Svenskane slepp ut store mengder med CO2 frå trebrenning, men kan likevel sola seg i glansen av å vera mellom EUs mest klimavenlege land, for det seier klimarekneskapen.

Fram til i år har det ikkje vore lønsamt å brenna tre til straumproduksjon, sjølv om både Sverige, EU og Storbritannia har gjort det i stadig større skala. Tre har særs låg verknadsgrad når det vert brent for å produsera straum. Dei som produserer straum med ved, har difor fått store subsidiar i EU og Storbritannia. Men held prisen på gass og kol seg oppe og kvoteprisane går endå høgre, kan vi vera trygge på at straumproduksjon av ved kjem til å gå opp i Vest-Europa. Med dagens straumprisar vert det faktisk lønsamt å byggja ut vedkraftverk.

Lønsamt

Og er det lønsamt å byggja ut vedkraftverk i EU, kan det òg verta lønsamt å byggja slike i Sør-Noreg. Vi kan vera sikre på at norske skogeigarar i åra framover vil beda Stortinget om å «leggja til rette» for norsk vedkraftproduksjon, særleg av di fyring av ved har ein fordel som vind ikkje har, vedfyring gjev stabil straumproduksjon.

Men den største bruken av trevirke i energiproduksjonen i Sverige er ikkje i kraftproduksjonen. Den største bruken er i direkte varmeproduksjon, som er mykje meir effektivt. Verknadsgraden for ved i varmeproduksjon er mykje høgre enn i kraftproduksjon. Den store bruken av biomasse i Sverige er i industrien og til fjernvarme, noko dei har nokså lange tradisjonar for.

Sverige har heilt sidan krigen satsa på byane. Før 1960-åra var over, var i praksis distrikta tømde, og folk hadde busett seg i byane. Mange busette seg i blokkar eller i svært tettbygde bustadfelt. Den fyrste satsinga på fjernvarme kom i byar med mykje treforedling, som fører til stort varmetap som kan nyttast til fjernvarme, men etter kvart har fjernvarme breidd seg til alle svenske byar.

Ukjent i Noreg

Fjernvarme var eit nesten ukjent fenomen i Noreg fram til 1990, men sidan då har produksjonen auka med over 400 prosent. Det har skjedd mykje av di vi har byrja å brenna avfall. Men i 2019 var fjernvarmeproduksjon i Noreg framleis berre 5,9 TWh. I Sverige var den same produksjonen 57,7 TWh, brorparten frå brenning av tre.

I Noreg fylgjer prisen på fjernvarme straumprisen. I Sverige er prisen sett på grunnlag av konkurranse og kostnad. I Sverige var prisen per kilowattime fjernvarme rundt 75 øre inkludert avgifter til sluttbrukar i 2019. Det er med dagens straumprisar i Sør-Noreg og Sør-Sverige svært lønsamt for forbrukarane. Men hugs igjen at ved slepper ut CO2.

Så var det igjen berre dette at Noreg stort sett ikkje har annan infrastruktur inn til hus og bygningar enn straum. Ja, fjernvarme kjem gradvis i nye bustadområde, men særleg i kjøpesenter og nye kontorbygg, pluss bygardar som før hadde oljefyring. I dei siste åra har vi også sett at sentralvarme kjem i nye bustadfelt, der eigarane har tilknytingsplikt. Det kjem til å koma meir fjernvarme i åra framover.

Ikkje lønsamt

I gamle bustadfelt finst det derimot ikkje scenario der fjernvarme vert lønsamt. Men det finst nok av andre tiltak som er nokså lønsame med høg straumpris. Og hugs at straumprisen i Sør-Noreg etter alt å døma skal vera høg i mange år framover.

Dei nye kablane til Tyskland og Storbritannia kan taka imot 24 TWh norsk straum per år. Rundt halvparten av straumproduksjonen i Sør-Noreg kan no eksporterast. Vi må få særs mykje ny produksjon i områda sør for Sognefjorden og Nord-Gudbrandsdalen om straumprisen skal verta stabilt lægre. Særleg i kalde periodar, når vinden ikkje blæs, kjem prisen til å liggja høgt.

Så kva gjer vi? Lat oss seia at du har eit gamalt hus på to høgder med råloft. Grunnflata er på 100 kvadratmeter. Du nyttar 27.000 kWh i året. Skifter du ytterveggar, isolerer med 25 cm og samstundes legg 35 cm på råloftet, byter vindauge og installerer i ei vanleg varmepumpe, kostar det om lag 700.000. Om du sparer 12.000 kWh på dette og prisen er 50 øre i gjennomsnitt, sparer du berre 6000 i året på ei slik investering. Er straumprisen 150 øre, sparer du 18.000. Er han 200 øre, sparer du 24.000.

Godt for snikkarar

Nei, det er ikkje ei veldig stor innsparing, men med dagens låge renter er det ikkje så verst. Bankane seier nok ja til å låna deg pengane. Dessutan må du før eller seinare i alle høve byta bordkledning og tak. Å lata vera å isolera ekstra når du likevel må byta ytterflate, er dumt når straumprisen er høg.

Både jord- og bergvarme, luft-til-luft-varmepumper og isolering vert med høge prisar meir lønsamt, særleg om du tek omsyn til at verdien på huset går opp om slike tiltak vert gjennomførte. Husa vert òg meir komfortable.

Men så lenge regjeringa vel å subsidiera dyr straum, vert slike tiltak mindre lønsame. Subsidiane er rett nok ikkje så høge. Som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) peikar på i eit døme: Er gjennomsnittsprisen 200 øre og du er ein del av den nye ordninga og har ein einebustad med eit forbruk på 27.000 kWh i året, er innsparinga berre på 2665 kroner.

Det vi kan slå fast, er at snikkarfirma i Noreg går gode tider i møte, dei og leverandørar av ulike typar varmepumper.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje heilt sant at innbyggjarane i Danmark og EU betaler så mykje meir for energibruk enn vi nordmenn.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis