Energi

Elg i soloppgang

For kvar krone som vert investert på norsk sokkel, betaler du og eg og alle andre skattebetalarar 92 øre, oljenæringa 8 øre. Eit gunstig skattesystem har vorte gjort endå gunstigare.

For kvar krone som vert investert på norsk sokkel, betaler du og eg og alle andre skattebetalarar 92 øre, oljenæringa 8 øre.
For kvar krone som vert investert på norsk sokkel, betaler du og eg og alle andre skattebetalarar 92 øre, oljenæringa 8 øre.
Publisert Sist oppdatert

Mange har meint at norsk oljenæring er ein elg i solnedgang. Det er feil. Er det noko den vedtekne oljepakken har synt oss, er det at oljenæringa er ein svær flokk elgar i vill galopp mot Stortinget ved fyrste skimt av dagslys. No veit vi til og med at Stortinget er viljug til å gje oljeselskapa meir enn dei bed om. Arbeidsplassane langs kysten og på sokkelen er mykje viktigare enn andre arbeidsplassar. Og det er dei på eit vis også, sidan dei finansierer mykje meir av offentlege utgifter enn alle andre arbeidsplassar.

Det norske skattesystemet er bygt på såkalla nøytralitet, i det minste liker vi å tru det. Ei investering før skatt skal vera relativt like lønsam etter skatt. Men denne nøytraliteten er vorten meir ein illusjon enn ein røyndom. Skipsreiarane har alltid hatt unntak for skatt, bøndene delvis fritak, og i stadig aukande grad dei som driv med «grøne» ting òg. Det beste dømet er kanskje vindkraft versus magasinkraft. Magasinkraft har eit skattetrykk på reelt 60 prosent, vindkraft berre 22 prosent. Og der eigarane av vasskraftstasjonane må avskriva utstyret over 67 år, slepp vindselskap unna med berre fem år. I tillegg godtek staten av vindkraftselskapa låner pengar frå morselskapa til ei høg internrente, slik at vindkrafta som er eigd av utlendingar, ikkje går med overskot i det heile. Slikt vert det ikkje mykje nøytralitet av.

78 prosent eller ikkje?

Men oljeselskapa, veit vi alle, har ein skyhøg skatt på 78 prosent. Det er i og for seg sant, men det er ikkje sant dei fyrste åra, og det er verkeleg ikkje sant dei aller fyrste åra etter at investeringa er gjord, og etter den nye oljepakken er det heilt usant i minst to år framover. Skattesystemet til oljenæringa er basert på at staten og oljeselskapa er partnarar, det er i og for seg skattesystemet elles òg. I eit skatteperspektiv vil staten at vi alle skal investera fornuftig og arbeida så hardt som råd. Tener vi meir, får staten meir pengar. Tek vi til dømes på oss utgifter som gjer at vi kan koma til å tena betre, gjev staten oss frådrag på skatten for desse utgiftene i den tru at han likevel tener meir pengar på at vi tek på oss meir arbeid eller investerer i noko som gjev god avkasting.

Dei største investorane i Noreg er oljeselskapa og staten. Men staten er ein mykje større investor i oljenæringa enn næringa sjølv av di skatten er så høg. Når oljeselskapa tingar ei ny oljeplattform, får dei i utgangspunktet frådrag for 78 prosent av investeringa av di dei i framtida skal betala 78 prosent av overskotet i skatt. Dimed er skattesystemet «nøytralt», som det heiter, når staten dekkjer nett 78 prosent av kostnaden og oljeselskapa 22 prosent. Men det er ikkje heilt rett, for av di oljeselskapa betaler skatt fortløpande og verdiar vert diskonterte, så er skattesystemet nøytralt når staten betaler 77 prosent og oljeselskapa 23 prosent, seier Finansdepartementet.

Ikkje nøytralt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement