JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Ein risikoviljug stat

Den norske staten har teke mykje større risiko enn andre olje- og gasstatar. Det får vi særs godt betalt for.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen klypper snora 27. januar 2022 og kunngjer at Martin Linge-feltet er offisielt opna. Det vert truleg nedbetalt før året er omme.

Foto: Arne Reidar Mortensen / Equinor

14321
20220204

Bakgrunn

Ingen andre oljestatar har relativt sett investert så mykje i olje og gass som Noreg dei siste ti åra.

Investeringane har vore på 1,9 billionar.

I år, med dagens olje- og gassprisar, kjem Noreg til å selja for 1,5 billionar kroner.

Rikdom

jon@dagogtid.no

Nei, Kåre Willoch sa visstnok ikkje at «alt lykkes for denne regjering». Men om han hadde sagt det, burde han ha uttrykt seg litt annleis. Han burde ha sagt at «alt lukkast for alle norske regjeringar». Det kjennest sjølvsagt ikkje slik når straumkrisa herjar og millionar av nordmenn vert smitta av covid-19, men dagens regjering har om mogleg endå meir flaks enn andre norske regjeringar: Pengane frå oljenæringa fløymer inn i statskassa som aldri før. Det reiser kan henda nokre moralske dilemma. Kor mykje skal vi tena på nauda og mistaka til andre?

Det er vel stort sett berre sunnmøringar og dei som er særskilt interesserte i andre verdskrigen, som i dag veit kven Martin Linge var. Han var ein skodespelar frå Valldal på Sunnmøre, han var leiar for det vellukka Lofoten-raidet i april 1941, og han vart skoten og drepen i Måløy-raidet romjola 1941. Han vart tildelt Distinguished Service Cross av britane etter at han døydde. Martin Linge var ein helt.

Overskridingar

Om du derimot seier «Martin Linge» til nokon i oljenæringa eller til personar som er interesserte i den same næringa, kjem dei truleg til å skaka på hovudet og seia at Martin Linge er eit av dei store skandaleprosjekta i norsk oljehistorie. Martin Linge er også eit døme på kor feil utlendingar har teke om norsk sokkel, og kor stor risiko både Equinor og den norske staten har vore viljug til å taka på seg.

Feltet Martin Linge, som inneheld store mengder gass, vart oppdaga alt i 1978, men franske Total, som hadde dei største rettane og operatøransvaret, søkte om utbygging fyrst i 2012. Dei fekk ja. Feltet skulle få ei tradisjonell olje- og gassplattform, og oppdraget gjekk til eit sørkoreansk verft. Ein skulle tru at oljeselskapa hadde lært av tidlegare skandalar. Det går altfor ofte gale i Sør-Korea når dei får i oppdrag å byggja for norsk sokkel.

Denne gongen gjekk det verkeleg gale. Mellom anna velta plattforma under bygging og skadde ei mengd arbeidarar. Feltet skulle koma i drift i fjerde kvartal 2016 og kosta 31 milliardar 2020-kroner. Feltet vart ikkje opna, og kostnadene hadde kome heilt ut av kontroll.

I november 2017 kjøpte dåverande Statoil eigardelen til Total på 51 prosent saman med 40 prosent av Garantiana-funnet, der noverande Equinor i ettertid har funne endå meir gass. Statoil gav 1,45 milliardar dollar, eller 11, 8 milliardar kroner. Dei tok samstundes over operatøransvaret.

Dobling

Utbygginga, som skulle kosta 31 milliardar, enda på 63 milliardar etter at norske verft hadde retta opp feila til koreanarane. Førre veke, den 27. januar, kunne olje- og energiminister Marte Mjøs Persen få opna sitt fyrste felt, Martin Linge, som vert nedbetalt før året er omme.

Risikovegringa til Total har ført til at franskmennene har gjeve frå seg store inntekter. I fleire tiår framover kjem Martin Linge til å pumpa ut gass til EU og Storbritannia, og minst 85 prosent av profitten hamnar i den norske statskassa og i Oljefondet, som for skatteåret 2021 får overført 295 milliardar i skatteinntekter frå norsk sokkel. I tillegg kjem utbyte og alle inntektene frå statens eige oljeselskap, Petoro, som eig ein tredjedel av norsk sokkel.

Når rekneskapen er oppgjord, kjem til og med i koronaåret 2021, då både regjeringa Solberg og regjeringa Støre opna alle pengekraner, til å syna at staten sette inn langt meir pengar i Oljefondet enn han tok ut. Men det heile bleikar mot 2022.

Ja, prisen på gass varierer gjennom året, og ingen veit heilt kvar russarane hoppar. Kanskje kjem dei på ny til å opna gasskranene til EU, men nett no ser det ikkje heilt slik ut, med Ukraina og alt. Dessutan er det langt frå sikkert at Russland har særleg med ekstrakapasitet å tilby EU.

1,5 billionar

Held den noverande olje- og gassprisen seg gjennom 2022, kjem Noreg til å selja olje og gass for 1500 milliardar kroner. Sjølv om prisane går litt ned, er det faktisk ikkje på nokon måte utenkjeleg at staten for rekneskapsåret 2022 kjem til å overføra meir enn 1 billion til Oljefondet, eller 200.000 per innbyggjar.

2022 teiknar til å verta eit dårleg år i den internasjonale finansmarknaden, men sjølv om verdien på finanspapira i Oljefondet går ned, skal vi ikkje sjå bort frå at den samla verdien held seg oppe, takk vera overføringane frå sokkelen. Og om aksjar vert billigare i år, kan vi takk vera olje- og gasspengane kjøpa fleire aksjar, som igjen truleg gjev høg avkasting i framtida.

Korleis gjekk det elles med Oljefondet i 2021? Avkastinga vart på 14,5 prosent, eller 1580 milliardar. Fondet voks med 1,6 billionar, som altså omtrent svarar til salsverdien av oljen og gassen i 2022 med dagens prisar.

Om vi seier at all norsk gass går til Storbritannia og EU, og halvparten av oljeproduksjonen, som er eit litt lågt overslag, kjem Noreg til å få betalt 0,7 prosent av BNP-en til borgarane i EU og Storbritannia. På toppen av dette kjem alt utbytet som europeiske aksjeselskap betaler til Oljefondet. Vi tek i 2022 over 1 prosent av verdiskapinga i EU og Storbritannia.

graf jon

IEA

Medan olje- og energiministeren var oppteken av å opna Martin Linge-feltet, gav Det internasjonale energibyrået (IEA) ut ein rapport om stoda i den internasjonale energimarknaden. IEA vart grunnlagt under den store oljekrisa på byrjinga av 1970-talet for å sikra OECD-landa og Vesten stabile oljeforsyningar.

Det fekk ikkje IEA til, men byrået har vorte ei sikker og god kjelde til statistikk om energiforsyning. Under den noverande leiaren, Faith Birol, har IEA også vorte ein spydspiss for den grøne vendinga. I fjor publiserte IEA ein mykje omtala rapport om korleis verda innan 2050 kunne få ned nettoutsleppa til null.

Nullutsleppsrapporten viste enkelt sagt kva som måtte til for at vi skulle nå eit slikt mål. Nei, IEA seier at verda ikkje heilt kan slutta å produsera olje- og gass, men rapporten viser mellom anna kva nivå av CO2-fangst som må til, og seier samstundes at investeringane i olje og gass må ned.

Her er det òg viktig å få med seg at framleis er det slik at over 80 prosent av verdas energiproduksjon kjem frå fossile kjelder. Verda er til dømes totalt avhengig av gass for å produsera kunstgjødsel.

Feil veg

I den nye rapporten varsla IEA om at utviklinga i olje- og gassinvesteringane i verda er urovekkjande. Dei går feil veg. Og med feil veg meiner IEA at investeringane er for låge, sjølv om vi prøver å nå netto nullutslepp i 2050. Her ligg hovudgrunnen til at Noreg no tener desse fantastiske summane på oljen og gassen.

Det er fleire grunnar til at investeringane i olje og gass er så låge globalt. Det fyrste sjokket kom i 2014, då ramla prisane i golvet. Dei store vestlege oljeselskapa kom under kraftig press frå eigarane om å investera langt mindre og i staden betale høgre utbyte. Alle dei store private vestlege oljeselskapa gjorde dette.

Men fracking-industrien i USA, som er dominert av mindre selskap, heldt fram med å investera og gjorde USA igjen til verdas største olje- og gassprodusent. Opec og Russland opna i 2019 krig mot amerikansk fracking-industri og sende olje- og gassprisen ned gjennom å auka tilbodssida. Konkursbylgja i USA vart stor, og investeringsviljen mykje mindre. I tillegg kom covid-19, som ein periode sende amerikanske oljeprisar under null dollar per fat.

Grønvendinga

På toppen av det heile kom den grøne vendinga. Nederlandske Shell tapte til dømes ei stor klimarettssak og fekk høgre skattar. Dei har no vedteke å flytta til London for å koma unna det harde nederlandske regimet. Samstundes har aksjeeigarane i alle dei store private oljeselskapa i Vesten kravd at selskapa skal investera mykje mindre i olje og gass og mykje meir i sol og vind. EUs grøne taksonomi er ein del av biletet. Det har vorte dyrt i Vesten å investera i olje og gass. At Total gav opp Martin Linge, er berre eitt av mange døme.

Men også i Russland har det vorte investert lite i olje og gass. Putin har hatt eit ynske om å kvitta seg med all gjeld i internasjonal valuta, særleg dollar. Difor har den russiske olje- og gassnæringa investert lite, for slik å gje Russland eit overskot på betalingsbalansen.

Mykje kan òg tyda på at Opec har hatt låge investeringar. Ein god del talar for at reduksjonen i produksjon, som Opec hevdar er planlagd, for slik å halda olje- og gassprisen oppe, de facto botnar i redusert produksjonskapasitet.

Lyg dei?

Det er mykje dette den nye rapporten til IEA handlar om. Opec og Russland hevdar at dei har ein stor ekstra produksjonskapasitet, men dei reelle tala vitnar om noko anna. I 2021 kom verdsøkonomien ut av dei verste konsekvensane av pandemien, og etterspurnaden etter olje og særleg gass gjekk opp. Det hjelpte ikkje mykje på investeringane.

Gazprom, som er verdas største gasselskap og produserer to tredjedelar av russisk gass, var i 2021 ikkje i nærleiken av å produsera så mykje som dei hevdar at dei kan produsera. Gazprom «produserte 35 milliardar kubikkmeter mindre enn den påståtte kapasiteten, trass i rekordhøge prisar i Europa og sterk heimleg etterspurnad». I USA dobla gassprisen seg i 2021 samanlikna med 2020. Trass i det, skriv IEA, «gjekk USAs gassproduksjon opp med berre 2 prosent».

Steps

Og det er her det vert interessant eller tragisk. IEA har eit scenario som heiter Steps, det er eit konservativt scenario der dei legg til grunn at nokre av måla om CO2-reduksjon vert gjennomførte, men ikkje alle. I grunnen handlar Steps om kva verda treng av olje og gass, meir enn om kva som ynskeleg om vi tenkjer på klimaet.

Om vi talar om gass, er dei noverande investeringane i ny produksjon mindre enn halvparten av det som trengst om verda skal få den gassmengda som er naudsynt dei komande åra, «og 12 prosent lægre enn det netto null-scenarioet fram mot 2050 legg til grunn for perioden 2021–2030».

I klartekst seier IEA at verda investerer så lite i olje og gass at vi til og med ligg langt under nullutsleppsscenarioet. IEA seier at alt ligg til rette for ein sterk oppgang i olje- og gassinvesteringane, men òg at dei ikkje trur det kjem til å henda. Krava frå verdas kapitalmarknader om at dei vestlege oljeselskapa skal verta grøne, er så sterke at dei manglande investeringane truleg kjem til å vara ved. I tillegg er resten av verda svært usikker på om den auka etterspurnaden kjem til å vara når Vesten signaliserer at dei ikkje vil ha olje og gass.

Høge prisar

Det meste tyder dimed på at olje- og gassprisen kjem til å vera høg i nokså mange år framover. Dette er katastrofalt for verdas fattige. Det ligg no an til at kunstgjødselprisane kjem til å verta fleirdobla, med dei konsekvensane det fører med seg. Men også i den rike delen av verda er dette uheldig. For både EU og Storbritannia har gass som grunnbjelken i varme- og straumproduksjonen.

Den danske regjeringa har lovd å redusera dei danske klimagassutsleppa med 70 prosent samanlikna med 1990 innan 2030. Den same regjeringa kunngjorde i førre månad at dei vil senda store kontantsjekkar til danske hushald for slik å subsidiera gassoppvarminga av husvære.

Og Nederland, som sa dei skulle stengja det store gassfeltet Groningen i år, har funne ut at det ikkje går. I nesten alle europeiske land er det no lange køar framfor dørene til organisasjonar som deler ut gratis mat.

Motsyklisk

Korleis har Noreg oppført seg medan resten av verda har redusert investeringane i olje og gass? Vi har køyrt på. Paradokset er at nett det som gjer olje- og gassnæringa så lønsam for staten, den skyhøge norske oljeskatten, fører til ein særs låg risiko for oljeselskapa som driv felta.

For det fyrste eig Petoro, som staten kontrollerer alt av, ein tredjedel av sokkelen. Nei, Petoro driv ikkje felt, men dei stiller opp med ein tredjedel av finansieringa. Jau, staten tek minimum 78 prosent av profitten til operatørane gjennom oljeskatten, men staten tek òg minst 78 prosent av kostnaden. For tida tek staten, takk vera oljepakken som vart vedteken sumaren 2020, faktisk 92 prosent av kostnadene.

På toppen av det heile har den same staten sagt at han i framtida vil lata oljeselskapa avskriva alt av investeringar med ein gong, noko som gjev oljeselskapa mykje større likviditet her og no, og staten mykje høgre inntekter i framtida om olje- og gassprisen held seg oppe.

Nedbetalt på null tid

For tida betaler nye prosjekt på norsk sokkel seg ned på eitt eller to år. Truleg finst det ikkje eit einaste oljeregime i verda der staten tek på seg ein så stor risiko som i Noreg. Avgrensar vi oss til den demokratiske delen av verda, er ingen andre statar i nærleiken av å taka så stor risiko. Oppsida er at ingen andre demokratiske statar får så høge inntekter.

Risikoviljen til staten syner att i tala. Førre veke fortalde vi i Dag og Tid om dei særs store investeringane i straumforsyninga på fastlandet. Sidan 2012 har vi investert 306 milliardar i den norske kraftforsyninga, mykje meir enn vi har investert i fastlandsindustrien. Det heile bleiknar mot investeringane på norsk sokkel, syner tala til Statistisk sentralbyrå. Mellom 2012 og 2021 har vi investert 1,9 billionar i norsk olje- og gassnæring. Langt over 80 prosent av desse investeringane er det staten som har stått bakom. I byte får vi 85 prosent av inntektene.

Ja, investeringane er på eit vis uforståeleg høge, men når vi i år åleine nesten garantert kjem til å selja for meir enn 1 billion i olje og gass, er det ikkje noko anna å seia enn at investeringane er særs lønsame. Noreg leverer dessutan eit produkt som omverda er heilt avhengig av.

Utan norsk gass får EU og Storbritannia store problem. Yara, Europas store produsent av kunstgjødsel, produserer 7,5 millionar tonn ammoniakk i eit normalår. I september kunngjorde dei at dei kom til redusera den europeiske produksjonen med 40 prosent på grunn av dei høge gassprisane. Det kjem til å merkast. Moralen i det heile vert nok eit diskusjonstema, både her heime og ute, i dei komande åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Held den noverande olje- og gassprisen seg gjennom 2022, kjem Noreg til å selja olje og gass for 1500 milliardar kroner.

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis