JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Ei evig straumkrise

Regjeringa varslar at dei vil avgrensa krafteksporten i kritiske situasjonar og setja krav til fyllingsnivå i magasina. Det kjem ikkje til å føra til lægre prisar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olje- og energiminister Terje Aasland seier at ingen i vinter og vår kunne føreseia at straumkrisa vi no er inne i, kom, men framtidsmarknaden hadde alt prisa inn dei rekordhøge prisane vi no opplever.

Foto: Lise Åserud / NTB

14759
20220812

Krafteksporten

Dei nye kablane til Tyskland og England har auka eksportkapasiteten frå sone 2 med 117 prosent.

Skal prisane koma ned til nivå vi er vande med, må Sør-Noreg truleg få over 30 TWh i ny produksjonskapasitet, helst produksjon som kan regulerast.

Det er ikkje planlagt store nye magasin nokon stad i Noreg.

Straumkrisa

jon@dagogtid.no

Det har vel ikkje vore ei god veke for regjeringa. No måndag, på spørsmål om regjeringa i januar ikkje var førebudde på at kraftsituasjonen kunne verta så ille som han vart, svara finansmininister Trygve Slagsvold Vedum dette:

«Nei, det var det ingen som var. Det var det ingen som var i det hele tatt.»

Då sett vekk frå marknaden og ei rekkje andre aktørar som varsla om at situasjonen var ille og kom til å verta verre. I januar var prisen på straum eit år fram i tid vel tre kroner per kWh i både Frankrike og Tyskland, magasinfyllinga i Sør-Noreg 13 TWh under median og gassprisane i Europa på rekordnivå. Vi får gå ut frå at byråkratane i Finansdepartementet var klare over stoda.

Bakpå?

Olje- og energiminister Terje Aasland sa på si side tysdag fylgjande om kritikken frå opposisjonen om at regjeringa er bakpå med straumtiltak:

«De som sier at vi skulle holdt igjen vann allerede i januar eller februar, de skulle jeg likt å se. Det er normalt at kraftprodusentene tapper ned sine magasiner i forkant av vårsmeltingen sånn at det ikke ender i flom. Hvis partiene på Stortinget kunne forutsett det som skjedde etter snøsmeltingen i april/mai, da har man et godt hydrologisk blikk, for å si det sånn».

Problemet er berre at ein kunne føresjå det som skjedde. I vår, då snøsmeltinga byrja, var magasinnivåa 20 prosent under normalen i Sør-Noreg og snøsituasjonen i fjella på mediannivå. I tillegg kom det at i 2021 hadde magasina fått eit tilsig på 120 TWh som kunne gå til kraftproduksjon, medan kraftselskapa produserte 144 TWh, i kombinasjon med ein nettoeksport på 18 TWh. Kraftselskapa åt av matlageret gjennom heile 2021.

Høg pris

Alt tydde både i januar og i vår på at vi vinteren 2022–2023 ville sjå rekordhøge prisar på straum og stor mangel på vatn i magasina. Dette såg då elles straumleverandørane som fyrst kravde særs høge prisar for fastpriskontraktar, for så å slutta heilt å tilby desse til konsumentane, og det før snøsmeltinga byrja i vår.

Kvifor har vi hamna i denne situasjonen? Vi har då hatt år med låg magasinfylling før? Ein som gav om ikkje heile svaret, så i det minste eit delsvar, var dåverande statsminister Jens Stoltenberg i januar 2013. Då held NHO årskonferanse, og temaet var kraftutveksling og Noreg som grønt batteri for EU.

NHO ynskte nye kablar til England og Tyskland, som Stortinget til slutt gjekk med på, etter at Statnett i mai 2013 hadde kome med ein analyse og søknad som synte at prisen på straum i Noreg berre ville gå opp med 3–4 øre om kablane kom. Det høyrer òg med å nemna at Statnett i 2011 og 2012, under føresetnad av at Stortinget sa ja, alt hadde inngått avtalar med Storbritannia og Tyskland om å byggja kablane.

Politiske kvarter

I samband med NHO-møtet uttalte Stoltenberg dette til NRK: «Jeg vil advare mot et frislipp av krafteksport. Det vil bidra til økte priser og gjøre vår forsyningssikkerhet mer sårbar». Han la til at fleire utanlandskablar også måtte føra til langt fleire kraftliner og høgspentmaster innanlands. I talen til NHO sa Stoltenberg om fleire kablar: «Det kan svekke norsk kraftbalanse og føre til høyere priser, både for forbrukerne og den kraftintensive industrien.»

Her bør vi nemna at Noreg sidan 2009 har implementert EUs ulike energidirektiv som pålegg oss å nytta overskotet av flaskehalsinntektene frå utlandskablar til å auke import- og eksportkapasiteten. Ei heit potet i tida framover vert dimed spørsmålet om det i det heile teke er lovleg etter EØS-avtalen å seia nei til auka overføringskapasitet av straum frå Midt- og Nord-Noreg til Sør-Noreg og vidare til kontinentet.

NHO

NHO ved dåverande leiar Kristin Skogen Lund hevda at Stoltenberg tok feil, og at kablar til Tyskland og England ikkje ville føra til høgre prisar, men betra forsyningstryggleiken til Noreg og norsk industri. Denne veka vedgjekk Skogen Lund at ho og NHO tok feil, men ho la til at ingen kunne føresjå kor gale det vart.

No har regjeringa varsla at dei vil kome med tiltak, og det sjølv om Støre gjentekne gonger dei siste månadene har sagt at regjeringa ikkje vil ha eksportrestriksjonar. Framlegga er at Noreg ved kritiske situasjonar skal eksportera mindre og setja minstekrav til vasstand i magasina. Aasland har i tillegg oppmoda kommunane om å seia ja til mykje meir vindkraft på land så snøgt som råd er.

To konkurrentar

Stoltenberg stiller ikkje opp til intervju om interne norske tilhøve, men lat oss prøva å forstå kvifor han sa det han sa i januar 2013: Magasineigarar har tradisjonelt hatt to konkurrentar som har hindra dei i å selja kraft til ein høg pris: klimaet i form av snø og regn og termiske kraftverk i grannelanda og på kontinentet. Den termiske konkurransen var rett nok avgrensa av di kapasiteten i nettet og kablane til grannelanda ikkje var høg nok til fri flyt av kraft mellom Noreg og utlandet. Dimed fekk vi ikkje dei lægste prisane i grannelanda, men vi var heller ikkje i nærleiken av dei høgste prisane.

Før Eivind Reiten la fram den nye energilova i 1990, som gav Noreg som det fyrste landet i Europa marknadspris på kraft, var det ingen tvil om at Noreg bygde ut mykje magasinkraft som ikkje var samfunnsøkonomisk lønsam. Dei to største magasina i Noreg, Svartisen med ein kapasitet på 4,9 TWh og Blåsjø med 7,8 TWh, stod faktisk heilt ferdige fyrste så seint som i høvesvis 1993 og 1988.

Ikkje bygd

Hadde Noreg hatt eit marknadssystem for kraft på 1970- og 1980-talet, då konsesjonane til desse to magasina vart gjevne, hadde korkje Blåsjø eller Svartisen vorte bygde. Dei hadde ikkje lønt seg, noko Svartisen heller ikkje har gjort. Svartisen kjem rett nok til å verta lønsam om den planlagde storstilte utbygginga av industri i Nordland vert gjennomført, eller om det kjem overføringskapasitet til Sør-Noreg.

Det vi kan slå fast, er at alle desse magasina som Noreg bygde – og flest bygde vi i den såkalla sone 2, som er prisområdet heilt sør i Noreg – konkurrer mot kvarandre og naturen. Det verste som kan skje for ein magasineigar, er at magasinet renn over. Vatn som går på havet utanom ein turbin, er tapte pengar. Difor må magasineigarane heile tida planleggja for produksjon, for elles vil det før eller seinare renna over.

Atomkraft

Men magasineigarane møtte altså konkurranse frå utanlandskablar og -nett. Etter at vi innførte marknadspris, og sidan vi hadde så mykje magasinkraft, gav ulike regjeringar konsesjonar til auka kraftutveksling med Danmark og ein ny kabel til Nederland. Dette kom på toppen av den overføringskapasiteten vi hadde mot Sverige. Nederland og Danmark fekk i sin tur prissmitte frå nettet dei hadde til Tyskland, som igjen fekk prissmitte frå Frankrike.

Alle desse landa hadde termiske kraftverk i form av anten kol eller atomkraft eller båe delar. Kolkraftproduksjon kan ein til ein viss grad planleggja for, det kan ein ikkje for atomkraft. Kjernekraftverk går tradisjonelt over 90 prosent av tida og vert berre lukka for vedlikehald. Atomkrafta står der og held rytmen og spenninga om natta i straumnettet over store delar av Europa.

Fortvila

Sør-Noreg har i fleire tiår vore eksponert for særleg svensk atomkraft, men òg for atomkraft frå kontinentet. Dimed har ikkje magasineigarane, spesielt dei i sone 2, men også i sone 1, Austlandet, kunne produsera særleg med kraft om natta anna enn i kuldeperiodar. Det igjen førte altså til at dei måtte sleppa ut vatn om dagen, som igjen gav lægre prisar. Europeisk kol- og atomkraft gav oss dimed om ikkje alltid, så ofte lægre prisar.

Difor var magasineigarane frustrerte då Stortinget tvinga Stoltenberg til å seia ja til ei elsertifikatsamarbeid med Sverige. Dette visste dei ville føra til at mykje meir kraft kom inn i den norske marknaden. Den reine elvekrafta går døgeret rundt så lenge det er vatn i elvane, og vinden kan finne på å produsera når som helst og av og til ikkje. Dimed sat magasineigarane der og møtte konkurranse frå både stabile og ustabile konkurrentar, i tillegg til naturen sjølv i form av snøsmelting og regn.

Konsekvensane

Konsekvensane av all den nye kraftproduksjonen i form av elve- og vindkraft ser vi i Midt- og Nord-Noreg. Kraft er i praksis gratis, sjølv om det er god overføringskapasitet til Sverige. Kraftselskapa der tener for tida berre pengar på lange fastpriskontraktar til den kraftkrevjande industrien. I sumar har magasina fløymd over mange stadar i dei to nordlege prisområda.

Det NHO og magasineigarane kravde og fekk for å bøta på konsekvensane av elsertifikata, var altså ny overføringskapasitet til England og Tyskland. Berre månader etter NHO-konferansen vart det vedteke å auka eksportkapasiteten frå sone 2, som igjen har god overføringskapasitet til Austlandet og området sør for Sognefjorden.

Spørsmålet er om magasineigarane i sone 2 ikkje fekk meir enn dei burde ha fått. Og her er vi framme ved svaret på kvifor tiltaka som regjeringa har varsla, både om eksportavgrensing i krisetider og magasinfylling, ikkje kjem til å føra til lægre prisar i Sør-Noreg.

Største batteri

Sone 2 er Europas fremste fornyelege batteri. Sone 2 har ein magasinkapasitet på 34 TWh, som er meir enn heile den svenske magasinkapasiteten. Før kablane kom til Tyskland og England, var eksportkapasiteten av effekt frå sone 2 på 2400 MW. Etter at kablane kom, er kapasiteten på 5200 MW, ein auke på 117 prosent. Dei to nye kablane kan nyttast til å eksportera 24 TWh i året. Samla sett kan magasineigarane i sone 2 i teorien eksportera nesten heile magasinkapasiteten.

På toppen av dette kjem det at magasineigarane i sone 2 har mista ein konkurrent, den termiske kraftkapasiteten. Då Statnett fekk konsesjonane til å byggja kablar til Tyskland og England, var det alt klart at Storbritannia skulle avvikla kolkrafta. Det har dei gjort, men dei har rett nok nokre få kolkraftverk i reserve. Desse vert slegne på berre når det er fare for at spenninga i nettet kan falla ut. Det er ofte ikkje nok.

I juli var situasjonen så prekær at halve London stod i fare for å mista straumen. Etter at britane tigga desperat, gjekk Belgia med på å slå på eit kolkraftverk, men prisen National Grid, Statnetts britiske motsvar, måtte betala, var 100 kroner per kWh. Statnett visste i 2013 at Storbritannia skulle slå av kolkrafta.

Tyskland på si side hadde alt i 2011 vedteke å avvikla atomkrafta, dei siste tre reaktorane vert nedlagde i desember. Samla vedtok Tyskland å leggja ned atomkraft svarande til ein fjerdedel av straumkonsumet i landet.

Kvifor?

Kvifor varslar regjeringa krav til fyllingsnivå og mogleg avgrensingar på eksport under kriser? Det gjer sjølvsagt regjeringa av di ho ikkje ynskjer at vi skal gå tomme for straum. Men kvifor varslar regjeringa dette no, og kvifor har ikkje tidlegare regjeringar gjort det same? Svaret kan ikkje vera anna enn at desse tiltaka kjem på grunn av dei nye kablane til Tyskland og England.

Ja, det har vore nokre sjeldne år der Noreg har hatt trong for nettoimport. I 2010 var det krise i Midt-Noreg då det var sprengkulde i januar. Straumprisen i Trondheim kom faktisk opp i 14 kroner, og det utan at det vart løyvd straumstøtte. Men etter 2010 har nettet internt i Midt-Noreg vorte utbygd, og det har kome til mykje ny kraft etter at elsertifikatordninga kom på plass. Midt-Noreg og Nord-Noreg er no meir enn sjølvforsynt med kraft i fleire år framover.

Sjølvforsynte

Sone 5, Vestlandet, og sone 2, Sørlandet og Sør-Vestlandet, har på si side vore fullt ut sjølvforsynte av kraft i mange tiår og har aldri hatt trong for nettoimport av kraft. Berre Austlandet har trong for hjelp i Sør-Noreg, ei hjelp dei har fått frå sone 5 og 2. Austlandet har i tillegg Sverige, som har nok kraft til å avhjelpa. Sverige har som vi veit, etter at sone 2 fekk kablane til England og Tyskland, hatt langt lægre straumpris enn Sør-Noreg.

Kva vil skje når regjeringa innfører minstekrav til fylling? Då går prisen opp, for då kan ikkje magasineigarane i lange periodar tilby straum om vatnet kjem ned mot tillate minstenivå. Rett nok vil truleg prisane verte jamnare over eit heilt år. Men når magasineigarane får eit omsyn til å taka, seier i det minste økonomisk teori, skal prisane litt opp over tid og gå klart høgre når magasina kjem ned mot minstenivå på vatnet.

Då vert alternativet i periodar meir import. Import kan vi berre få til om vi tilbyr høgre prisar enn omverda. I den siste tida har til dømes Statkraft, av di dei i fjor mellom anna tømte reservekapasiteten som Blåsjø vart meint å tilby, halde att produksjonen i sone 2. Dimed har sone 2 sett prisar dei aldri har sett før. Dei har importert til prisar over dei tyske og britiske. Til vinteren vert prisane endå mykje høgre, seier framtidsmarknaden, særleg om Tyskland faktisk stengjer ned dei tre siste atomkraftverka.

Meir kraft?

Kva med eksportrestriksjonar? Aasland seier dette: «Ved lav vannstand, når vi går under snittet for årstiden og ned mot et lavt nivå, så blir det begrensninger i eksporten.» Når prisane er rekordhøge av di det er lite kapasitet i Noreg, kjem det altså avgrensingar på eksport. Det vert dimed avgrensingar når vi har rekordhøge prisar, men det fører ikkje til høgre produksjon. Dessutan vert det ikkje permanente avgrensingar i eksporten. Dette igjen, seier røynsla frå tida etter at vi fekk dei to nye kablane til Tyskland og England, vil føra til prisane varierer rundt eit høgt nivå. Vi stoggar eksport når vi manglar straum, og eksporterer for fullt elles.

Kva med utbygging av ny straumproduksjon i Noreg? Om vi skal få attende den relative balansen som var i sone 2 mot omverda før kablane kom til Tyskland og England, må vi minst dobla produksjonskapasiteten i Sone 2 og i områda rundt. I tillegg må det byggjast ut mykje meir nett, som Stoltenberg varsla om. At Sør-Noreg skal få 34 nye TWh dei komande åra, kraft som i tillegg bør kunne regulerast, er nok ikkje særleg truleg. Ingen større nye magasin er planlagde nokon stad i Noreg.

EU og Storbritannia har eit årleg effektbehov på om lag 600 000 MW og må auka kapasiteten, helst av stabil produksjon, skal prisane koma ned. På den andre sida: Held prisane på kontinentet seg høge, vert mykje av industrien der avvikla. Då går nok kraftprisane ned. Inntil det skjer, må Sør-Noreg venja seg til dei høge prisane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til vinteren vert prisane endå mykje høgre, seier framtidsmarknaden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis