JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Der sjølv staten taper sin rett

Regjeringa ynskjer å taka 90 prosent av all profitt frå straum som vert seld for over 70 øre. Det får ho neppe til lenge. Dei kommunale kraftselskapa er altfor sterke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Storvassdammen i Ulla-Førre-vassdraget, den største fyllingsdammen i landet, demmer opp det største magasinet i landet, Blåsjøen.

Foto: Martin NH / Wikimedia Commons

13222
20221021

Bakgrunn

Staten vil taka ei avgift på 23 prosent på all kraft som vert seld for over 70 øre.

I praksis får vasskrafta ein marginalskatt på 90 prosent.

Førre veke sa regjeringa at avgifta skulle verta kortvarig.

Straum

jon@dagogtid.no

Den 28. september gjorde Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum noko uvanleg. Dei kalla inn til pressekonferanse før statsbudsjettet vart lagt fram og varsla ei ekstraordinær avgift og ny og tilbakeverkande grunnrenteskatt, som Lovavdelinga i Justisdepartementet seier kan vera lovleg, men dei er ikkje heilt sikre.

Støre og Vedum sa at staten frå den 1. januar 2022 skulle auka grunnrenteskatten på kraft, og at staten frå den dagen av, før Stortinget hadde vedteke det, ville taka 90 prosent av all profitt frå kraft som vart seld for over 70 øre. Og den avgifta skulle ikkje verta lagd på gjennomsnittsprisen frå veke til veke, eller dag til dag, men frå time til time.

Konfiskera

Å taka 90 prosent av all ekstraprofitt lyt vi nesten seia er konfiskatorisk. Det er slikt land i krig held på med. Men det finst gode argument for ei slikt skattenivå: For det fyrste dekkjer no staten rekninga til innbyggjarane med det same nivået, nesten. Er gjennomsnittsnivået på kraft i løpet av ein månad over 70 øre til deg og meg, dekkjer staten 90 prosent. Det er rimeleg at staten ikkje vert sitjande att med heile rekninga, medan dei kommunale kraftselskapa har gode dagar.

For det andre har prisen på straum over tid aldri vore så høg som han har vore siste året. Kraftselskapa har aldri investert på basis av ein så høg pris. Og for det tredje er Noreg eit av dei fremste donasjonslanda til Ukraina. At kraftselskapa skal sitja att med ein superprofitt på grunn av ein krig, kan ein med ein viss moralsk patos hevda er uheldig.

Kortvarig

Skattepakken som kraftselskapa no får, om regjeringa får viljen sin, har to nye element: Det eine er at det samla skattenivået på overskot i vasskraft over 10 megawatt vert på 67 prosent frå fyrste øre, mot det som no er 59 prosent. Den biten går nok gjennom utan store protestar, sidan kraftselskapa får trekkja av heile det nye skattenivået. Det andre elementet er ei avgift på 23 prosent for all kraft seld for over 70 øre. Den avgifta kan kraftselskapa ikkje trekkja av. Avgifta ser ut til å verta særs kortvarig.

Korkje i stats- eller nasjonalbudsjettet stod det eit einaste ord om at avgifta på 23 prosent skulle vera mellombels. Men kort tid etter at avgifta vart presentert den 28. september, byrja stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Senterpartiet å snakka om at avgifta var meint å vera kortvarig. Dette heldt han fram med å seia dag etter dag. Det er mogleg at han vart skuffa då statsbudsjettet vart lagt fram 6. oktober, og det ikkje stod noko som helst der om at avgifta skulle vera mellombels. Han fekk likevel rett.

Trekte seg

Den 13. oktober, berre ei veke etter at statsbudsjettet var lagt fram, svara olje- og energiminister Terje Aasland på spørsmål frå Framstegspartiet og Høgre, som båe har uttrykt motstand mot avgifta. Han skreiv: «Høyprisbidraget er tilpasset den spesielle situasjonen vi er i, og er ikke et varig element i skattesystemet.»

Kva er så den spesielle situasjonen vi er i no? At straumprisen i Sør-Noreg stort sett alltid er over 70 øre. Men vil det ikkje vera slik i framtida at når prisen er over 70 øre, er det spesielt samanlikna med før? Jau, men avgifta skal altså vera mellombels. Kor mellombels ho vert, sa ikkje Aasland noko om, men vi kan trygt rekna med at om ho i det heile teke vert vedteken, så varer ho berre ut 2023.

God samfunnsøkonomi

Kvifor gjekk regjeringa på dette prestisjetapet? Det finst ikkje noko svar med to strekar under, men vi kan spekulera: Det fyrste vi kan seia, er at å investera i vasskraft er van(n)vitig lønsamt når prisen er over 70 øre. Den samfunnsøkonomiske vinsten er på line med oljen og gassen.

Om vi seier at staten er oss, og det er han då også, tok staten før i eit normalår inn 14 milliardar frå kraftsektoren, i år tek han inn over 90 milliardar kroner. Utlendingane står i kø for å kjøpa norsk kraft, og med det vert handelsoverskotet endå større, som igjen gjev nordmenn høgre levestandard og eit lægre skattenivå, i det minste i teorien.

Staten ynskjer at alle investeringar som gjev 7 prosent eller meir i avkasting, skal verta gjennomførte i det norske samfunnet. Slike investeringar gjer oss alle rikare, seier Finansdepartementet. No er staten eit dårleg førebilete her. Korkje eit nytt regjeringsbygg, ny flyplass i Bodø eller ein skipstunnel gjennom Stad er i nærleiken av å gje ei avkasting på 7 prosent, men like fullt ynskjer staten at både private og offentlege aktørar skal investera når avkastinga er god.

God framtid

Å investera i vasskraft i Sør-Noreg gjev – slik stoda er no, og slik ho etter alt å døma vert i framtida – ei avkasting på langt utover 7 prosent. Og særleg høg er avkastinga på effekt. Desto høgre effekt eit magasin har installert, desto lettare er det å tena pengar, for då kan du produsera når prisen er høgst.

Norsk vassdrags- og elektrisitetsdirektorat (NVE) seier at det i dag kostar 38 øre å byggja ut ny stor vasskraft, prisen for oppgradering er lægre. Å bytta ut ein turbin med låg effekt med ein med høgre effekt og å utvida røyrgatene er sjølvsagt ikkje så dyrt som å byggja nye magasin.

Kort sagt: Sjølv med eit samla skattenivå på 67 prosent er det særs lønsamt å byggja ut vasskraft i Sør-Noreg lenge før marknadsprisen vert 70 øre. Likevel tapte Aasland. Det handlar hovudsakleg om to ting: at eigarskapen til krafta er fragmentert, og at staten er desperat etter ny effekt. Vi kjem til å få ei stor straumkrise i framtida om ikkje ny effekt vert bygd ut. Utan ei slik utbygging kan Sør-Noreg gå i svart.

Samfunnsgode

Ein kan diskutera i det vide og det breie om straum er ei vanleg vare, eller om det er eit samfunnsgode som det offentlege bør ha full kontroll på av di det er heilt naudsynt. Kraft har element av båe delar i seg. Ja, vi treng kraft, men vi treng ikkje uavgrensa med kraft. Men om vi tenkjer oss at staten hadde eigd og kontrollert all kraftproduksjon og -utbygging, ville sjølvsagt nye investeringar i vasskraft ha kome av seg sjølve. Ein rasjonell stat hadde ikkje vore så dum at han ikkje investerte i noko så lønsamt og godt for samfunnet som ny vasskraft og effekt.

Men staten har ikkje størst tilgang til nye investeringar i vasskraft, i det minste ikkje slik vi har organisert oss i Noreg. Kommunane i Noreg er ein større aktør enn Statkraft, som staten ikkje har full politisk styring på sidan selskapet er eit aksjeselskap.

Statkraft og kommunane, eller i det minste kraftselskapa kommunane eig, tenkjer bedriftsøkonomisk. Vel enkelt sagt: Ingen av oss går rundt og tenkjer samfunnsøkonomisk, vi er ute etter mest mogleg profitt her og no. Sjølv den mest ihuga sosialisten vil heller gje pengar til borna sine enn til staten, sjølv om staten deler ut pengane på ny.

Utbyte

Ein kraftkommune vil heller gje pengar til innbyggjarane enn til staten. Kommunepolitikarane vil at kraftselskapet dei eig, skal gå med størst mogleg profitt, slik at dei kan betala meir i utbyte til kommunen. Dette veit sjølvsagt leiarane av kraftselskapa, som stort sett får gjera som dei vil sidan kommunepolitikarar flest ikkje kan så mykje om straumproduksjon. Kommunepolitikarane som sit i styra, er ikkje der av di dei har kompetanse på kraft, dei er der for å sikra utbyte.

Avgifta på 23 prosent på all kraftproduksjon over 70 øre reduserer det kommunale utbytet, og i praksis også lønsnivået i kraftbransjen, som er høgst i Noreg, til og med høgre enn i oljebransjen. Gjennomsnittsløna i kraftbransjen passerer i år 1 million kroner, i tillegg er dei tilsette i kraftbransjen pensjonsvinnarar.

Ikkje lett

Å leggja seg ut med ein slik bransje er ikkje lett, sjølv for ein så sterk stat som den norske. Litt flåsete sagt: Dei kommunale kraftselskapa veit at staten er heilt avhengig av dei, og dei veit at staten veit det. Så sant staten ikkje er viljug til å nasjonalisera dei kommunale kraftselskap, ligg det nesten i naturen til saka at produksjonsavgifta på 23 prosent må verta mellombels.

Det gjekk heller ikkje mange timane frå Vedum og Støre la fram avgifta, før lobbykampen var i gang. Ei setning har gått att mange gonger i pressa. Ho er henta frå rapporten «Norsk og nordisk effektbalanse fram mot 2030», som NVE og Statnett la fram tidlegare i år: ««Mot 2030 vil effektbalansen, hvor mye strøm vi bruker på en gang, utfordre kraftsystemet i både Norge og Norden», står det i oppsummeringa. Setninga er mellom anna sitert i ei stor saka som Bergens Tidende laga kort tid etter avgiftsframlegget.

I den saka vart mellom anna konserndirektøren i Eviny, Olav Osvoll intervjua: «– Signalene er at høyprisavgiften blir permanent, og det er problematisk (…) Den nye høypris-avgiften går utover lønnsomheten til effektinvesteringer.»

«Hos Eviny sto man klare til å undersøke mulighetene for nye effektoppgraderinger og pumpekraftverk. Så dukket regjeringens skatteskjerpelse opp», kunne Bergens Tidende fortelja. «– De mulighetene kan vi nå bare slutte å lete etter, sier Osvoll.»

Bergens Tidende gjekk gjennom ei rekkje planlagde effektutbyggingar på Vestlandet, inkludert nokre som Statkraft hadde tenkt å gjennomføra. Til saman kom dei til at langt over 1000 megawatt med ny effekt no stod i fare for å verta skrinlagde. Og det sjølv om det er samfunnsøkonomisk galimatias om desse utbyggingane ikkje kjem. Det er truleg også dårleg bedriftsøkonomi.

Dessutan er det farleg for samfunnet som heilskap. For som det står i NVE-rapporten: «For eksempel var topplasten 25,2 GW vinteren 20/21, mens den laveste tilgjengelige produksjonskapasiteten var 25,8 GW. Ser man for seg mer ekstreme situasjoner, med kaldere vær, mindre vind eller forbruksvekst, skal det ikke mye til før effektbalansen i Norge nærmer seg 0, eller blir negativ.»

Går i svart

Sagt i klartekst: I dag er vi ein situasjon der nettselskapa står i fare for å måtte kopla ut forbrukarane. Vi manglar effekt dersom vi får langvarige kuldeperiodar i framtida. Dessutan har vi korkje nok straum eller nok effekt til å byggja ut ny industri. Utan meir effekt får vi ikkje gjennomført den grøne vendinga.

Når vi i tillegg veit at staten vil elektrifisera så godt som heile sokkelen, ja, så må vi berre få meir effekt. Men både dei kommunale kraftselskapa og til og med staten sjølv, via Statkraft, sa at den effekten ville dei ikkje byggja ut om produksjonsavgifta vart permanent.

Det journalistane som har laga alle desse intervjua med kraftaktørar, ikkje har stilt spørsmål om, var om desse planlagde investeringane var nye. Det er dei stort sett ikkje. I fleire av investeringsplanane som til dømes Bergens Tidene trekte fram, er det søkt om konsesjon for fleire år tilbake, lenge før kraftprisen vart over 70 øre.

Kontantstraum

Kraftbransjen har i mange år drive ein lobbykamp for å få ein såkalla kontantstraumskatt. Før var det slik at kraftselskapa måtte trekkje frå investeringar over mange år. Det gav ein høgre skatteprosent her og no, og ein lægre såkalla noverdi. Kraftselskapa, som alle andre aktørar, ynskjer mest mogleg pengar her og no når dei skal gjennomføra investeringar.

I 2020 fekk kraftselskapa viljen sin. Dei fekk trekkja av 59 prosent her og no, og i framtida får dei trekkja av 67 prosent mot overskotet. Det vil seia at om eit kraftselskap går med eit overskot på 50 millionar og same året gjennomfører ei investering på 100 millionar, får dei trekkja av 67 millionar i skatt, og dimed får dei 17 millionar inn på konto frå skatteetaten. Då det nye kontantstraumsystemet kom, vart alle desse investeringane i ny effekt trekt fram frå skuffa. Dei vart lønsame med ein kraftpris på langt under 70 øre.

Kan venta

Men kraftselskapa har råd til å venta. Dei veit at utbyta, sjølv med auka grunnrenteskatt, vert store, og då er dei kommunale eigarane nøgde. Staten på si side kan ikkje hamna i ein situasjon der vi manglar effekt. Regjeringar overlever ikkje om straumen går og vert borte over lang tid. Dimed var vel regjeringa Støre dømd til å tapa denne kampen.

Om Stortinget går med på at avgifta kjem for ein avgrensa periode, til dømes berre for 2023, vert ho truleg ikkje vedteken i si noverande form. Det er berre i Sør-Noreg at straumprisen er høg. I Midt-Noreg og Nord-Noreg er gjennomsnittsprisen låg. Men av og til opplever faktisk også desse områda i nokre timar prisar på over 70 øre. Desse relativt få timane gjer at kraftverk som elles ville ha vore ulønsame og gjeve underskot, vert lønsame.

Ei produksjonsavgift som vert lagd på timar i staden for døger eller veker, gjer dimed at dei kommunale kraftselskapa i Midt- og Nord-Noreg får mindre pengar å dela ut i utbyte. Dette har alle stortingsrepresentantar frå Midt- og Nord-Noreg vorte informerte om av kommunepolitikarar og kraftselskap. Dimed vert nok ikkje produksjonsavgifta, om ho i det heile kjem, lagd på timar, men veker eller månader. Mot dei kommunale kraftselskapa kjempar sjølv staten forgjeves.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis