Den vanskelege kraftprisen
I fjor spådde kraftanalytikarane at prisen på kraft skulle vera låg i vinter.
Vind skal taka over stadig meir av norsk kraftproduksjon. Men i kuldeperioden stod vindturbinane stille.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB
Samtalen
Ole Tom Djupskås
Kraftanalytikar i selskapet Refinitiv
Aktuelt
Prisen på kraft vart mykje høgre enn kraftanalytikarane trudde.

jon@dagogtid.no
Før denne vinteren rann norske vassmagasin over av kraft. I tillegg var vi i fjor det landet i Europa som kopla mest ny landbasert vindkraft på nettet. Aldri før har Noreg hatt så mykje potensiell kraftproduksjon tilgjengeleg som før denne vinteren.
Og er det noko vi har lært frå marknaden, er det dette: Når tilbodet på ei vare går opp, går prisen ned.
Slik gjekk det ikkje. I byrjinga av februar gjekk prisen på straum opp med over to kroner per kWh på det sentrale Austlandet, og det før MVA, avgifter og nettleige er rekna med. Ole Tom Djupskås er kraftanalytikar i selskapet Refinitiv. Vi intervjua han på denne plassen for knapt eit år sidan. Det skal vi koma attende til.
– Korleis kunne prisen verta så høg når magasina ikkje nett har vore tomme?
– Nei, men når forbruket vert høgt nok, når ein til slutt grensa for kva kapasiteten er i ulike område. Den ekstremt høge prisen har i hovudsak vore eit fenomen i Sør-Noreg. I Midt-Noreg og i Nord-Noreg har vi ikkje hatt dei same høge prisane som i landet elles.
– Kvifor så høge prisar i Sør-Noreg?
– Når etterspurnaden er høg nok, vert prisen i mange timar knytt til prisen i Sverige, i stockholmsområdet. Då vert prisen den same i Sør-Noreg og i Sør-Sverige, som igjen er påverka av prisane i Baltikum og i Tyskland. Vi importerer altså ein høg pris frå utlandet. Så kan ein spørja seg om Statkraft, som er den store produsenten, kunne ha produsert endå meir for å pressa ned prisen. Men det er ei avveging som Statkraft må taka. Kva pris ynskjer vi til kva tid?
– Men har ikkje Statkraft eit samfunnsansvar? Skal dei berre gå etter profitt?
– Statkraft er statleg og har som mandat å få høgst mogleg sosioøkonomisk nytte ut av ressursane dei har. Då må dei spørja seg om kva tid dei skal produsera. Då går dei for auka produksjon i dei timane der dei forventar å få mest for krafta. Dei lagar på førehand prismodellar over vassverdiar for kvart einskilt vasskraftverk. Er det eit lite kraftverk, set vi éin verdi. Ligg magasinet i Nord-Noreg, set vi ein annan verdi. Snakkar vi om fleirårsmagasin eller eittårsmagasin? Så vert det og det kraftverket tilbode inn i produksjon når prisen er 30 eller 50 euro per MWh. Men i mange timar i vinter har det ikkje vorte tilbode inn ein høg nok vasskraftproduksjon til å halda prisane nede.
– Så kva slags produksjon får vi i tillegg til vasskrafta?
– I vinter vart det produksjon i oljekraftverk i Sverige og i Baltikum. Det er ein svært dyr produksjon. No er situasjonen ein annan. Særleg i Midt- og Nord-Noreg er prisen låg, men også i Sør-Noreg er prisen lægre enn i Sverige og i Tyskland av di vi har godt med vatn. Men det er òg slik at nedbørsmengda er lita når det er kaldt. Vasskraftselskapa har verkeleg produsert. I november var det 20–25 meir TWh i magasina enn i eit normalår. No er vi på gjennomsnittet av vassmengda. Dimed må selskapa heller ikkje produsera så mykje av di det ikkje er fare for at magasina, som i fjor sumar, renn over når snøsmeltinga kjem i gang.
– Men kan vi lita på prognosane til kraftanalytikarane? Då eg intervjua deg for eit knapt år sidan, spådde du at kraftprisen ikkje kom over 20 øre i år heller. Det gjekk ikkje slik?
– Nei, det gjorde ikkje det. Men til mitt forsvar må det seiast at det er lenge sidan vi har hatt ein så kald vinter som no, og endå lenger sidan temperaturane var så låge så lenge. Det har vore svært kaldt. I tillegg har andre ting skjedd, mellom anna at svensk kjernekraftproduksjon har vorte sett ut av drift. Det har vore ein pressa situasjon i desse kalde dagane. Men samstundes ser vi at no når vêrsituasjonen er meir normal, har prisane vorte meir enn halverte.
– I fjor var vasskraftbransjen fortvila over dei låge prisane. Dei har vel eigarane ein viss grunn til å feira?
– Dei har hatt ein god vinter i år, og i tillegg har det kome ein ny kabel til Tyskland. På toppen av det heile har dei no også fått drenert ut alt vassoverskotet, som skal gje betre betaling for krafta i framtida. Men vi ser også at med all utbygging av vind vert det stadig færre dagar der vasskraftselskapa får like godt betalt. I framtida må dei rekna med at dei får godt betalt i stadig færre timar. Vind kjem til å taka over meir og meir sidan vindkraft ikkje kan regulerast. Dei må senda alt ut på marknaden når vinden blæs. Ein av grunnane til at prisen har gått så mykje ned dei siste par vekene, er at det ikkje lenger er kaldt. Vind blæs sjeldan når det er kaldt. Difor har også prisane gått lenger ned enn vi elles kunne ha forventa utan vind.
– Trur du det kjem mykje ny kraftproduksjon i Noreg dei komande åra?
– Det vert nok litt meir vindkraft, nokre fleire småkraftverk pluss noko oppgradering av gamal magasinkraft. Det vert nokre TWh, men ikkje dei store mengdene. Den store auken kjem gjennom vind i Finland og Sverige, særleg i Sverige skal dei byggja ut mykje. Det vil gje seg utslag på dei norske prisane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vind kjem til å taka over meir og meir sidan vindkraft ikkje kan regulerast.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.