JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Den nye energifattigdomen

Alle vil ha billigare energi, men ingen vil investera nok til å få prisen ned, korkje i grøn eller grå energi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Før, når oljeprisen vart høg nok, strøymde investorane til. Det har pengefolket slutta med. Her frå Sleipner A-plattforma.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

14905
20221111

Bakgrunn

Om verda vil ha like mykje olje og gass som no, dei komande åtte åra, må ho investera 486 milliardar dollar per år.

Om vi skal nå nettonullutslepp innan 2050, bør oljenæringa globalt investera 302 milliardar dollar i året i ny produksjon, seier Det internasjonale energibyrået, IEA.

Oljeselskapa planlegg å nytta 306 milliardar i året fram mot 2030.

Energi

jon@dagogtid.no

Les du dei klassiske økonomibøkene, nemner dei fleste knapt energi. Adam Smiths Wealth of Nations som kom i 1776, og som moderne økonomisk teori byggjer på, nemner ikkje energi med eitt ord utover at Smith reknar på prisen av ulike fødevarer målt opp mot lagringskapasitet og kvalitet. Studerer du samfunnsøkonomi ved eit universitet, lærer du at energi er ei vare på lik line med andre varer, og at marknaden klarerer prisen, slik at den mest effektive og dimed mest lønsame energibrukaren vert sitjande att med den rette mengda energi.

Men energi er ikkje ei vare på lik line med andre varer. Energi er berebjelken. Di mindre vi har av energi, di dyrare vert alt vi produserer og kjøper, og di fattigare vert alle andre enn dei som har tilgang til å produsera energi. Det får negative konsekvensar for dei fleste av oss. No har leiarane i energiselskapa byrja å seia frå om kor ille stoda er. «Jeg får vel følge med på ferden, men protesterer for all verden», seier dei der i leiren.

Kjell Inge Røkke

Ein som har tent seg søkkrik på energi, både ved å mottaka subsidiar frå staten for å vera med på det grøne skiftet og ved å selja olje og gass, er Kjell Inge Røkke, som er den største eigaren i det nest største oljeselskapet på norsk sokkel, Aker BP.

Sjefen for alle Aker-selskapa til Røkke er Øyvind Eriksen. I førre veke la investeringsselskapet til Røkke fram rapporten for tredje kvartal. Der skriv Eriksen om det han meiner er ein fortvilande energisituasjon og ei mislukka satsing på den grøne vendinga:

«Vi river ned huset vårt før det nye huset er bygget. Alternativene er ikke klare, og vi har ingen backup-plan. Resultatet er en verden som går mot mer uro, usikkerhet og kompleksitet. (…) Noen eksperter sier at dette har vært en ventet krise, etter mange år med røde flagg som signaliserte økende risiko for energisituasjonen i Europa. Mer og mer av elektrisiteten kommer fra ikke-regulerbare kilder som sol og vind, men den står for bare to prosent av den globale forsyningen av primærenergi.»

Eriksen seier at mange av planane om energiomlegging ikkje har vore realistiske. «Nå er hverken myndigheter, eksperter, industriledere eller finansmarkeder forberedt på å håndtere galskapen som utfolder seg.»

At regjeringa har varsla at dei vil stramma inn på den gunstige oljepakken næringa fekk i 2020, kan ha noko med Eriksens uro å gjera, men Eriksen er ikkje åleine om klaga over politikarar.

Exxon

For politikk har konsekvensar, som amerikanske Exxon peikar på i den siste kvartalsrapporten, som elles synte ein høgre profitt enn nokon gong i selskapets historie. Exxon tener no meir pengar enn då John D. Rockefeller eigde selskapet, og det var ein del av det delvise verdsdominerande monopolet Standard Oil. Administrerande direktør Darren Woods nyttar i kvartalsrapporten mykje plass på Europa og EU.

EUs manglande vilje til å leggja til rette for produksjon frå fossile kjelder, seier Woods, har ført til eit «ekstremt problematisk miljø for europearar». Woods meiner tala vitnar om at han har rett. Sidan 2018 har raffineringskapasiteten i EU gått ned med 500.000 fat om dagen, som igjen har ført til ei dieselkrise også her i Noreg, og som truleg vert verre til vinteren. At EU har redusert produksjonen av olje og gass med 700.000 fat oljeekvivalentar per dag sidan 2018, hjelper heller ikkje, meiner Woods.

Når så EU har vedteke ein ekstraskatt på 33 prosent på det dei definerer som ekstraprofitt for olje- og gasselskapa, og krev all profitt på straum som vert seld for over 180 øre per kWh inn i skatt, vert ikkje investeringsklimaet nett betre.

«Desse skattane kan verka som ei attraktiv kortsiktig løysing for å hjelpa forbrukarane, men historia lærer oss at dei vil kosta mykje på sikt (…) og reduserer Europas sjansar til å skapa ei betre energiforsyning. (…) Alle dei initiativa som EU har varsla (…), vil gjera problema større. Det finst berre to vegar til lægre prisar: Den fyrste er auka produksjon. Den andre er sjølvsagt redusert etterspurnad», skriv Woods.

Trugar det grøne

Så kan ein alltids seia at dette er klaging frå oljeselskapa, som i alle høve får superprofitt om dagen. Men også uavhengige energianalytikarar seier det same. Det finst knapt nokon som ikkje meiner at den bråe og nye skattlegginga av energi over heile Europa ikkje får negative konsekvensar. Nadia Wiggen i norske Pareto Securities seier til dømes dette til Dagens Næringsliv:

«Det er mye større politisk risiko (å investera i energi, red. merk.) enn det har vært tidligere. Det er noe politikerne kanskje ikke forstår, for dem kan en reguleringsendring eller en ny skatt være en ganske liten endring, men for investorer kan den være ganske massiv.»

Wigger viser til dømes til at Liz Truss oppheva det britiske forbodet mot fracking – boring etter gass på land. Så gjekk det knapt to veker, og etterfylgjaren hennar, Rishi Sunar, innførte forbodet att. Ho peiker på det same som Aker og Exxon, at det ikkje heng i hop å auka skattane på energiproduksjon og samstundes etterspørja meir produksjon og auka investeringar: «Dette kan ikke bli den nye normalen, ellers vil ikke energiomstillingen lykkes.»

Mindre vind

Nett no lukkast då heller ikkje den grøne omstillinga. Den europeiske vindorganisasjonen WindEurope har gått gjennom kor mange vindturbinar det vart tinga i EU i tredje kvartal i år samanlikna med tredje kvartal i fjor. Nedgangen er 36 prosent. WindEurope påstår at inflasjonen, som elles mykje er forårsaka av dyrare fossilenergi, og EUs nye skattlegging og freistnad på å få ned prisen på all energi, «hindrar ordrar på nye vindturbinar».

Og som vi veit frå her heime i Noreg, nektar vasskraftselskapa å investera i ny effekt og auka produksjon så lenge regjeringa insisterer på å skattleggja all kraft over 70 øre per kWh med 90 prosent.

Men det er truleg ikkje manglande investeringar i vind og sol vi skal vera mest urolege for om vi vil ha billigare energi dei komande åra. Skal vi få billigare energi i ein skala som verkeleg monnar, må oljeselskapa som framleis dominerer verdas energimarknader, investera mykje meir. Men det gjer dei ikkje, og det er ikkje berre politikarane si skuld. Det er vel så mykje finansmarknaden.

Råoljeprisar frå 1951 til 2021

Boring? Ja og nei!

Ein klisjé i oljesirklar er at kuren for høge oljeprisar er høge oljeprisar. Når prisen vert høg nok, strøymer investorane til, og når tilbodet aukar, så går prisen ned att. Slik har det vore heilt sidan 1860-talet. Opp og ned som ein jojo går oljenæringa. Men det ser ikkje lenger ut til å vera sant.

Ja, den politiske risikoen i Vesten har auka. I fleire månader har Joe Biden, som i valkampen lovde å stogga all ny boring etter olje i USA, bede den amerikanske oljenæringa bora etter ny gass og olje. I helga lovde han derimot på ny at det skulle verta slutt på ny oljeboring, og i det ynsket har han fått selskap av investorar. Men same kva Biden seier, anten han er for eller mot ny olje og gass, går investeringane ned.

På basis av ulike scenario frå Det internasjonale energibyrået, IEA, om korleis investeringar for olje- og gassproduksjon bør utvikla seg fram til 2050, har Bloomberg rekna på korleis tala må vera i dollar fram mot 2030:

Om vi seier at ting skal halda fram som før, må verda mellom 2022 og 2030 investera 486 milliardar dollar per år i olje og gass. Dersom vi tek dei noverande lovnadene til dei ulike regjeringane i verda om klimasatsing på alvor, er summen 382 milliardar dollar. Og om vi skal nå IEAs scenario for nettonullutslepp av klimagassar i 2050, er svaret 302 milliardar dollar i investeringar i ny olje- og gassproduksjon per år mellom 2022 og 2030.

Netto null

Verdas oljeindustri har planar om å investera 305 milliardar per år dei komande åtte åra. Vi ligg altså omtrent på IEAs scenario for netto null i 2050. Men skal verda få den oljen og gassen vi alle kjem til å etterspørja dei komande åra, burde dei planlagde investeringane altså ha vore 50 prosent høgre.

Marknaden seier enkelt og greitt nei til å plukka opp pengar som ligg på gata, og dimed vert dei få som dei siste åra har investert i olje og gass, som til dømes Røkke eller for den del alle nordmenn via staten, automatisk myke rikare, og det sjølv om ikkje aksjekursane går like mykje opp som forventa.

Financial Times har utarbeidd ein oversikt over kor mykje marknaden via aksjeprisane verdset reservane som oljeselskapa har i Nordsjøen. Aksjeprisen til Aker BP svarar til ein pris på 16 dollar fatet oljeekvivalentar i åra framover, og det sjølv om «alle» meiner prisen på olje og gass vert langt høgre enn 16 dollar. Denne prissetjinga er gjengs for børsnoterte oljeselskap verda over.

Ja, det har vore særs lønsamt å sitja på oljeaksjar i år. S&P 500, den amerikanske aksjeindeksen over dei 500 største selskapa i USA, er ned 20 prosent i år, medan oljeselskapa er opp over 50 prosent. Men sanninga er òg at oljeselskapa no står for 10 prosent av alt overskot hjå alle selskapa på S&P 500, medan aksjeprisen berre representerer 5 prosent av verdien i indeksen.

Om vi samanliknar med kva oljeselskapa har vore prissett til før om åra når olje- og gassprisen har vore høg, er oljeselskapa mykje mindre verde no. Mange investorar nektar enkelt og greitt å kjøpa oljeaksjar.

Ein fordel

Dette er ikkje utan vidare ei ulempe for dei som eig oljeselskapa. Det er noko som heiter utbyte òg. Dei kyniske mellom eigarane av oljeselskapa har i skuggen av klimasatsinga oppdaga fordelen av å agera som eit kartell. Dei som vil ha mindre investeringar i olje og gass for å berga klimaet, har felles interesser med dei som vil tena pengar på olje og gass. Grøn eller grå, pengar tener investorane i alle høve.

Dei siste åra har ein investeringsstrategi vorte stadig meir dominerande, nemleg indeksforvalting. Det vil enkelt og greitt seia at du kjøper alle eller dei fleste selskapa på ein indeks, til dømes alle dei 500 selskapa i S&P 500. Storebrand som er Noregs største forvaltar av innskotspensjon, lover å vera med på å gjera verda grønare og få til ei omstilling bort frå olje og gass, men dei driv likevel med indeksforvalting.

Ja, Storebrand og mange med dei ekskluderer dei oljeselskapa dei meiner er verst, men dei kjøper likevel automatisk aksjar i Equinor og dei store amerikanske oljeselskapa. Dei kjøper ikkje med båe hender, men dei kjøper. Storebrand, som forvaltar dine og mine pensjonspengar, er eit typisk moderne pensjonsselskap.

I røynda er selskap som Storebrand dei dominerande investorane i verda, og dei fleste driv med indeksforvalting. Det vil seia at dei automatisk eig aksjar i dei fleste oljeselskapa. Kva røystar dei så når leiinga i oljeselskapa gjer framlegg om nye investeringar i olje og gass? Dei røystar nei.

Alle eig alt

Og her kjem det interessante: Når indeksfond som vil vera grøne, eig aksjar i dei fleste børsnoterte oljeselskapa, oppstår det ein felles interesse med dei som ikkje er opptekne av klima, men vil ha pengar. Samstundes som indeksselskap som Storebrand seier at dei vil gjera verda grøn, tener dei pengar som nesten aldri før på olje og gass ved å gå saman med «grå» investorar om å seia nei til nye investeringar. For di færre investeringar, di mindre energi og di høgre forteneste. Når alle eig ein del av alt, har alle interesse av å driva opp prisen på alt, enkelt og greitt.

Jau, det er mange der ute i finansverda som konsekvent seier nei til å kjøpa oljeaksjar av di dei vil vera grøne, noko som igjen fører til at aksjekursane ikkje er på langt nær så høge som overskota skulle tilseia. Men det fine er at sjølv om aksjekursane ikkje går opp like mykje som dei reint teknisk burde, går utbyta drastisk opp av di oljeselskapa ikkje investerer overskota i ny produksjon.

Berre halvparten

Exxon, til dømes, kan gjerne klaga over lite politisk støtte, men dei har meir enn nok pengar å investera med når dei har større overskot enn kva til og med Rockefeller hadde. Men selskapet skal neste år berre investera halvparten av det dei gjorde i 2013, sist oljeprisen var høg. Som finansdirektøren i eit anna oljeselskap, Pierre Breber i Chevron, seier det: «Vi får ikkje betalt av marknaden for å veksa.» Dei store pengane går til utbyte.

Kor stor avkasting vil oljeselskapa ha for likevel å investera? Støre-regjeringa har altså varsla at dei vil stramma litt inn på den gunstige oljepakken Stortinget gav oljeselskapa, noko som aukar den såkalla politiske risikoen og igjen dreg opp avkastingskrava. Administrerande direktør Torger Rød i Vår Energi, det tredje største oljeselskapet på norsk sokkel, sa til Finansavisen TV førre veke at dei no ville ha minst 20 prosent avkasting på ein oljepris litt under 30 dollar dei komande åra, om selskapet skulle investera i ny produksjon.

Wisting

Equinor på si side seier at dei reknar med å betala ned ei eventuell utbygging av Wisting-feltet i Barentshavet – eit felt som minst vil gje 500 millionar fat olje – i løpet av fire år, om oljeprisen vert på 65 dollar i desse åra. Likevel er både Equinor og regjeringa under stort press om å seia nei til utbygginga.

Det verste eller beste av alt er at det faktisk kan vera lønsamt å seia nei til nye investeringar for Equinor. For så lenge så godt som alle andre oljeselskap seier nei til store nye investeringar, vel, så vert dei investeringane som Equinor alt har gjennomførte, endå meir lønsame.

Problemet er berre at dyr fossil energi også hindrar omstilling til grøn energi. Når olje- og gassprisen går opp, går også kostnadene ved å byggja grønt opp. Prisen på biodiesel har det siste året gått mykje meir opp enn prisen på fossildiesel, av di prisen på fossildiesel har gått så mykje opp. Den viktigaste innsatsfaktoren i produksjonen av biomasse er fossildiesel.

Dei fattige

Men dei som ber den høgste kostnaden for den manglande viljen til å investera i fossile kjelder, er verdas fattige. Pakistan har bygd opp stor ny kraftproduksjon på basis av LNG, flytande gass. Dette har lyfta fleire pakistanarar ut av fattigdom.

I sumar og haust har Pakistan fått tak i null LNG, dei har ikkje råd, og store delar av landet er til kvar tid mørklagd. EU har støvsuga verdsmarknaden for LNG og byggjer no ut massivt med terminalar for å taka imot LNG frå USA, som likevel ikkje investerer særleg mykje i ny produksjon av di det er lønsamt å sjå prisen gå opp.

Som Shafgat Ali Khan, Pakistans ambassadør til Russland, sa til telegrambyrået Tass denne veka: «Dersom dei rike landa tek all LNG-en, kva kjem til å henda med oss?»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis