Energi
Den dyre straumen
Kjell Inge Røkke, Aker og kraftlobbyen vil bryta Statnetts eksport- og importmonopol. Det vert dyrt for norske straumkundar.
Noth Sea Link-kabelen vert dregen i land i Blyth ved Newcastle i Midt-England. Den andre enden er kopla til det norske kraftnettet i Kvilldal i Suldal i Rogaland.
Foto: Statnett / National Grid
Regjeringa Støre kjem til å satsa kraftig på havvind. Det same ville regjeringa Solberg. No for tida er ein såkalla havvindrettleiar ute på høyring. Men lat oss fyrst sjå på det store biletet, som er viktigare enn det som trass alt vert ein marginal norsk havvindproduksjon.
Det fyrste vi kan seia, er at havvind er ikkje lønsamt, og at nokon må taka rekninga. Det gjer norsk og europeisk næringsliv og vanlege forbrukarar. For tida er stoda berre vond, og til vinteren tyder alt på at det heile vert verre. Mange verksemder kjem til å gå konkurs, langt fleire forbrukarar kjem til å oppleva kulde og fattigdom.
I 2020, seier Eurostat, EUs statistikkbyrå, betalte tyske forbrukarar verdas høgste kraftpris. Eit tysk hushald betalte langt over 3 kroner per kWh, inkludert avgifter og subsidiar til vind og sol. I år har spotprisen gått opp med 196 prosent i Tyskland. I Storbritannia er stoda endå mykje verre. Storbritannia har vedteke å leggja ned all kolkraft innan 2024. I praksis er mykje av nedlegginga alt gjennomført. Men måndag den 6. september bad National Grid, det britiske Statnett, dei attverande kolkraftprodusentane om å fyra opp omnane på ny. Kraftnettet var i ferd med å bryta saman.
Dyrt kol
Kolkraftprodusentane tok seg godt betalt. I ein periode den dagen fekk dei over 4 pund per kWh frå reguleringsmakta. Slikt har konsekvensar, for også i Storbritannia går det an å inngå fastprisavtale om straum. Konkursbylgja har starta. Leverandørselskap har ikkje råd til å betala spotprisen på straum og selja han til ein lægre pris til forbrukarane. Idet dette vert skrive, om kvelden, er den generelle spotprisen i Storbritannia på 20 kroner per kWh.
Ja, også i Noreg er stoda vond. I skrivande stund er spotprisen i Sør-Noreg på 147 øre, og det trass i at kraftmarknaden som Sør-Noreg er ein del av, har fått særs mykje ny vindkraft dei siste åra. EU og Noreg har vorte eit offer for sin eigen suksess.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.