JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

– Kjernekraft bergar liv

– Vil ein berga menneskeliv, bør ein byggja ut kjernekraft i verda. Det meiner Jonny Hesthammer, tidlegare geologi- og geofysikkprofessor ved Universitetet i Bergen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frankrike har fleire atomkraftanlegg, som her i Saint-Vulbas utanfor Lyon, og CO2-utsleppa i landet er berre 15 prosent av verdsgjennomsnittet.

Foto: Laurent Cipriani / AP Photo / NTB scanpix

9363
20190719
9363
20190719

Klima

ottar@dagogtid.no

Hesthammer har den siste tida samarbeidd med kjernefysikaren Sunniva Rose og blant anna skrive to kronikkar om klima og kjernekraft. Resultatet av samarbeidet syner at matematikken har forsvunne i klimadebatten.

– Undersøkingane me har gjort, syner at folk ikkje greier å ta inn over seg dei enorme tala det er snakk om, seier Hesthammer.

Han viser til at det i 2017 vart sleppt ut 37 milliardar tonn CO2, og at den årlege auken er på 1 milliard tonn.

– Spørsmålet er kva ein kan gjera med så store mengder. I klimadebatten maktar ikkje folk å gjera det relativt enkle reknestykket som syner at verda ikkje greier å byggja nok karbonlagringsanlegg. Skal ein elektrifisera heile verda, finst det heller ikkje nok metall og mineral til å laga alle batteria som skal til, og då må ein spørja kva me skal gjera, seier han.

Tre satsingsområde

Jonny Hesthammer minner om at FNs klimapanel prioriterer tre tiltak for å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader: kraftige reduksjonar av utslepp, rask utbygging av fornybar energi – og kjernekraft.

– Men i Europa er det ingen som vil snakka om å byggja ut kjernekraft, og årsaka til det er at folk oppfattar kjernekrafta som farleg. Men når Sunniva Rose og eg undersøkjer dette, kjem me fram til at inga energiform er tryggare og meir miljøvenleg.

Hesthammer spør om me kan ha hamna i eit villspor der me ikkje grip fatt i eit av dei tiltaka som det verkeleg kan gjerast noko med.

– Bak ligg den innebygde frykta etter ulukkene ved kjernekraftverka Fukushima, Tsjernobyl og Three Mile Island, seier han og viser til at ingen døydde av stråling etter ulukkene ved Fukushima og Three Mile Island.

– Når det gjeld stråling, har ein berre Tsjernobyl å visa til. Folk hugsar kor redde dei vart for strålinga. Men forsking frå mange år seinare syner at det var ganske få som døydde etter den ulukka. Nesten ingen hugsar vasskraftulukka i Kina då ein demning brast og tok livet av 200.000 menneske, medan Tsjernobyl-ulukka kan ha ta teke livet av om lag 4000. Somme meiner til og med at talet på døde er så lågt som 200.

– Dag og Tid har tidlegare påvist at det i same FN-rapporten står at det kan vera 9000 som har utvikla eller vil utvikla kreft etter Tsjernobyl-ulukka?

– Då reknar ein med dødstal i land som ligg langt unna. Men mange er usamde i det, ettersom land med høgare bakgrunnsstråling, som Noreg, ikkje har høgare dødstal. Men sjølv om ein seier 9000, vert talet på døde per 1000 terawattimar lågast for kjernekraftverka. Vasskrafta tek livet av langt fleire menneske per 1000 terawattimar enn både kjernekraft, sol og vind. Vasskrafta er energiverstingen også når det gjeld einskildkatastrofar, og for å kome opp mot vasskraft, må så mange som 140.000 ha døydd i Tsjernobyl. Men i Noreg er me ikkje redde for å byggja ut vasskrafta. Når det gjeld døde per 1000 terawattimar, er kjernekraft det tryggaste – uansett om ein er einig eller ikkje i at det var 4000 som døydde.

Kolkraft tek liv

Frykta for kjernekraft er likevel stor i mange europeiske land.

– Kan ein få folk til å tru på at kjernekraft er det tryggaste og mest miljøvenlege alternativet?

– Ja, det er mogleg, men då må ein gripa fatt i dei som folk lyttar til, som politikarane og miljøvernorganisasjonane. Folk som har innverknad i samfunnet, må byrja å leggja fram fakta. Og når politikarane seier at kjernekraft er trygt, kan ein diskutera om det bør brukast i Noreg, og om me skal utvikla den naudsynte teknologien her i landet. Det vert eit anna perspektiv på det om me samanliknar dei 4000 – eller 40.000 – som døydde etter Tsjernobyl-ulukka, med dei 8 millionane som døyr av luftureining kvart år.

– Er det mogleg å seia at luftureining tek livet av 8 millionar årleg? Det kan vel vera mange andre årsaker òg?

– Verdshelseorganisasjonen fortel at det er 4,2 millionar menneske som døyr av utandørs luftureining kvart år, medan 3,8 millionar døyr av innandørs luftureining. Ettersom det ligg så mykje forsking og så mange rapportar bak dette, stolar eg på Verdshelseorganisasjonen. Med kjernekraft kan ein erstatta kol, og kol tek årleg livet av mange menneske. Medan kjernekraft tek livet av 90 per 1000 terawattimar, tek kolkraft livet av 100.000. Får kjernekraft erstatta kol, kjem dødstalet i verda til å gå ned. Tsjernobyl-tal vert veldig puslete i den store samanhengen. Skal ein satsa på å berga menneskeliv, bør ein byggja ut kjernekraft og redusera CO2-utsleppa.

– Tyskland har vedteke å fasa ut kjernekrafta i 2022. Der sørgjer kol for ein stor del av energien.

– Tyskland er på villspor. For mange år sidan vedtok dei å fasa ut kjernekrafta, men så kom Fukushima-ulukka, og dei fekk panikk og sette sluttstreken i 2022. Men dei må erstatta kjernekrafta med noko anna, og då vert det ofte fossile energikjelder. Konsekvensen av å stengja ned kjernekraftverka er at fleire menneske kjem til å døy av luftureining, og at CO2-utsleppa kjem til å gå opp.

– Frykta er irrasjonell

Hesthammer viser til at både Frankrike og Sverige for mange år sidan vedtok at kjernekraft skulle vera ein viktig del av energitilbodet.

– I dag er CO2-utsleppa i Frankrike berre 15 prosent av verdsgjennomsnittet. I Sverige er miljøorganisasjonane positive til kjernekraft, i motsetnad til i Noreg, der dei er livande redde. Det er som med frykta for slangar, ho er størst i dei landa som ikkje har slangar.

– Over store delar av landet er det heftig debatt om vindmøller, og den hadde neppe vore mindre om det var snakk om bygging av kjernekraftverk?

– Det er nok ingen som ønskjer kjernekraft i sin eigen hage, men den problematikken må ein ta inn over seg også når det gjeld fornybare energikjelder. Ein treng fleire metallsortar, og det er snakk om ein enorm auke i framtida. Produksjonen av kobolt, kopar, neodym og fleire andre metall og mineral kjem til å auka svært mykje. Då må også Noreg ta i bruk ressursane som er i nærleiken, og då får me gruvedrift.

– Du er villig til å lagra avfallet frå kjernekraftverk i både 100 og 300 år?

– Når me diskuterer avfall, verkar det som me reknar med at teknologien i framtida kjem til å vera den same som me har i dag, men utviklinga skjer i rasande fart. Kan me mellomlagra avfallet i nokre tiår, 100 eller 1000 år, kan me utvikla teknologi som gjer det mogleg å gjenbruka avfallet frå kjernekraftverka. Rose og eg er overtydde om at mennesket er i stand til å løysa avfallsutfordringa. Kanskje ikkje i dag, men om 50 eller 100 eller 200 år.

– Er du ikkje redd for at jordskjelv, flaum, terror eller krig kan føra til at avfallet kjem på ville vegar?

– Eg er svært lite uroa for det. Det avfallet som me har i dag, er svært avgrensa i omfang. I Folkeopplysningen på NRK viste dei til at alt det høgradioaktive og farlegaste atomavfallet i verda kan få plass på ei fotballbane viss ein stablar tre tønner i høgda. I Finland har dei kome fram til ein svært trygg lagringsmetode. Sjølv om det kjem istid eller jordskjelv, vert strålinga lita, og konsekvensane vert små. Så lenge det er så lite avfall, greier me å lagra det trygt og godt lenge nok til at ein kan finna betre løysingar. Somme har frykta at nokon skal stela avfallet og bruka det til å ta livet av mange menneske. Kanskje er det eit trugsmål, men det har ikkje skjedd på dei 65 åra kjernekraft har vore i sivil bruk. Om nokon vil utføre terrorangrep, er det kanskje lettare å ty til biologiske våpen. Det er ikkje slik at nokon kan stela avfall, laga ei super atombombe og ta livet av fleire millionar menneske.

Sats på thorium

I Russland er fleire gamle reaktorar demontert, og avfallet skal sendast til Sibir, men også der er det sterk motstand mot lagring.

– Det er vanskeleg å finna gode lagringsplassar for avfallet?

– Eg trur at ein finn lagringsplassar der ein ønskjer å finna det, men det er ei utfordring at mange av dei gamle atomkraftverka har vorte bygde på ein dårleg måte. Det er eit problem at kvart kjernekraftverk er ein prototyp som vert bygd heilt på nytt. Me må i staden prøva å standardisera og laga modular som er trygge og gode, og som kan eksporterast. Dermed vil kjernekrafta også verta mykje billegare. Dessutan fører mykje byråkrati til at det tek lang tid å byggja kjernekraftverk, og difor bør bygginga standardiserast. Og der kan Noreg spela ei rolle. Me kan vera eit laboratorium som utviklar og eksporterer teknologi også på kjernekraftfeltet.

Hesthammer viser til at det finst store mengder thorium her i landet, og at me burde forska på bruken av dette stoffet til brensel i kjernekraftverk.

– Me har så mykje thorium at me kan forsyna verda med energi i mange år framover. Det er framleis teknologiske utfordringar med thorium, men India planlegg at 30 prosent av elektrisiteten der skal koma frå thoriumkraftverk i 2050.

– Har du støtte i dei politiske partia for ei satsing på kjernekraft?

– Ja, eg har fått støtte i Miljøpartiet Dei Grøne for at me må ha godt drivne atomkraftverk. Dei har forstått det, men mange andre politikarar fryktar nok at det kan vera politisk sjølvmord å snakka om kjernekraft, seier Jonny Hesthammer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nesten ingen hugsar vasskraftulukka i Kina då ein demning brast og tok livet av 200.000 menneske.

Jonny Hesthammer, geofysikkprofessor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis