Politikk
Endå ein upopulær president
Det demokratiske partiet er for splitta til at Joe Biden kan få gjennom særleg mykje av sin politiske agenda. 70 prosent av amerikanarane seier at USA går i feil retning.
Etter krigen har berre éin president lege lægre på amerikanske meiningsmålingar om popularitet etter eitt år enn Biden.Etter krigen har berre éin president lege lægre på amerikanske meiningsmålingar om popularitet etter eitt år enn Biden.
Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTBFoto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB
Ein nyvald amerikansk president plar ofte å ha ein stor fordel: Den tapande eller avtroppande presidenten som har sete i to periodar, er veljarane leie av. Og når dei er leie av ein president, er dei også leie av partiet han representerer. Ein nyvald president får dimed rett som det er eit fleirtal for eige parti både i Senatet og i Representanthuset, eller Huset. Slik gjekk det også for Joe Biden. Demokratane vann med god margin i Huset, og i Senatet fekk dei 50 senatorar, som vert eit fleirtal med dobbeltrøysta til visepresidenten.
Difor heitest det at ein nyvald president har to år på å få gjennom den dagsordenen han ynskjer, for etter to år plar presidenten og fleirtalspartiet å vera såpass upopulære at partiet hans taper – om ikkje båe kammera, så eitt av dei. Men den regelen gjeld i grunnen ikkje lenger. Amerikansk valkamp har utvikla seg til ein nær permanent tilstand. Alt eitt år før det komande valet tenkjer dei fleste i Huset på attval, og det gjer den tredjedelen av senatorane som skal veljast, òg. Dei fleste som er på val, oppheld seg året før valet mykje heime, anten på valmøte eller for å samla saman pengar til valreklame.
Gjekk ikkje bra
Biden har dimed berre fått eitt år på å få gjennom agendaen han meiner han er valt på. Det har ikkje gått godt, korkje i Kongressen eller på meiningsmålingane. Det er særleg tre område det har gått dårleg på: innvandring, som i stor grad er sjølvpåført, klima/infrastruktur og velferd. På dei to siste områda ligg ikkje skulda så mykje på Biden, som på Kongressen og særleg på Senatet.
Då kan vi seia velkomen til kolsenatoren og teppehandlaren Joe Manchin frå Virginia, som før var nokså ukjend i USA, men no er vorten ein av dei mest vidgjetne politikarane. Han har både vatna ut og stogga store delar av Bidens omfemnande klima- og velferdsplan. Planen har gått frå å vera på 3,5 billionar dollar dei komande ti åra, til no å vera vatna ned til 1,75 billionar dollar, kanskje mindre. Resultatet er at Biden og USA har vorte nokså impotente på klimatoppmøtet i Glasgow.
Det måtte kanskje gå slik, gjeve korleis valsystemet og dimed Det demokratiske partiet har utvikla seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.