Kommentar

Eksistensielle trugsmål

Israel vil framleis ha regimeendring. Om Iran ikkje ville ha atomvåpen før, så vil dei det no. Dermed er dei siste to vekene med krig berre eit kapittel i ei soge som enno kan ende riktig ille.

President Donald Trump og statsminister Benjamin Netanyahu på veg til pressemøte i Det kvite huset i Washington 4. februar i år.
Publisert

Benjamin Netanyahu jubla da Donald Trump gjekk inn i krigen og gav ordre om å sleppe tretten tonn med bomber over Irans atomanlegg. Før støvet hadde lagt seg, gjekk Trump over i rolla som fredsfyrste. Han ville vere den vaksne og forstandige, ja, ein som freista etter beste evne å overtale to uansvarlege partar til å legge band på seg.

Trump kler ikkje rolla spesielt godt, og presidenten driv no eit risikabelt dobbeltspel. Israel vil ha meir krig, og det same vil mange i krinsen rundt Trump. Irans paranoia rundt kva Israel og USA er i stand til, må ha blitt kraftig forsterka. Uavhengig amerikansk ekspertise hevdar no at Irans kapasitet til å opprike uran ikkje er øydelagd. Om det er rett, kan situasjonen på sikt vere like uavklart og uberekneleg som han var før krigen. Bortsett frå at Iran vanskeleg kan stole på at USA forhandlar i god tru, når dei blir sett under massive militære angrep midt i forhandlingar om nedrusting.

Likevel er det sjølvsagt positivt at Trump gjekk så hardnakka inn for å avslutte krigen han blei med på, knapt to dagar tidlegare. Det kan hende Trump faktisk har lært noko av dei siste 25 års historie.

Vi veit korleis det gjekk i 2003 da ei gruppe fantastar i Washington fekk viljen sin og USA gjekk til krig mot Irak på bakgrunn av fabrikkert etterretning om masseøydeleggingsvåpen. Alt gjekk til helvete så det song. Rundt ein halv million irakarar blei drepne, og ei rekke borgarkrigar og vanvitige øydeleggingar var resultatet over heile regionen.

Krigen kosta USA astronomiske summar, nærare 4500 amerikanske soldatar blei drepne og titusenvis skadde. Ei følge blei at Iran fekk stor innverknad i Irak, noko dei aldri hadde hatt tidlegare. Kaoset og valden spreidde seg til Syria, med like katastrofale konsekvensar. I Afghanistan tok Taliban over etter tjue år med amerikansk okkupasjon.

Pådrivarane for midtaustenkrigane var dei såkalla neokonservative, som fekk så mykje å seie under George W. Bush. Mange av dei hadde nære band til Israel, og spesielt til Netanyahus Likud-parti. President Bush lét seg nesten overtale til angripe Iran og Syria òg, noko han skriv om i memoarboka Decision Points (2010).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement