Økonomi

Eit tiår utan vekst

Det siste tiåret har knapt gjeve økonomisk vekst. Under Erna Solberg har vi heller ikkje hatt lønsvekst.

Under Solberg-regjeringa har veg og samferdsle fått ein årleg realauke på 6,1 prosent. I 2015 feira Erna Solberg, Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide og Siv Jensen at planlegginga av Ringeriksbanen skulle ta til.
Under Solberg-regjeringa har veg og samferdsle fått ein årleg realauke på 6,1 prosent. I 2015 feira Erna Solberg, Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide og Siv Jensen at planlegginga av Ringeriksbanen skulle ta til.
Publisert

Det er 2020 og på tide å gjera opp bu for det førre tiåret. Ein god regel for alle informasjonsarbeidarar er å offentleggjera dårleg nytt rett før ei større høgtid eller ein ferie. Då er journalistar opptekne med å kjøpa inn vin og planleggja reiser. Rett før jol kom Statistisk sentralbyrå (SSB) med uheldig nytt for Erna Solberg. Ingressen sa det meste, men media har knapt skrive om det, og Dagsrevyen har vore heilt still: «Realinntektsnivået til norske husholdninger lå i 2018 på samme nivå som året før. Husholdningenes realinntekt lå dermed fremdeles 8000 kroner lavere enn nivået i 2015.» Lenger nede stod denne setninga: «Ser vi på inntektsutviklingen de siste fem årene, finner vi at medianinntekt etter skatt for husholdninger i alt var 0,2 prosent lavere i 2018 enn i 2013, justert for prisstigning.»

Dette er noko unikt i fredstid. Ei så dårleg lønsutvikling har vi ikkje hatt sidan andre verdskrigen. Men dei to fyrste fredsåra gav enorm økonomisk vekst og ein tilsvarande auke i løn. Noko liknande vil vi ikkje oppleva no. Åra med Erna Solberg vil verta hugsa for den svakaste inntektsauken i norsk økonomi nokon gong sidan oppløysinga av unionen med Sverige. Kvifor har utviklinga vore så dårleg dei siste ti åra? Sei det. Vi liker å tru at vi har mange og særs kompetente samfunnsøkonomar i Noreg, og at dei gjennom SSB, Finansdepartementet og Noregs Bank, det såkalla jarntriangelet, gjev gode forklaringar og tal. Men sanninga er at vi ikkje har gode forklaringar. Ja, jarntriangelet er gode til å telja. År etter år får vi vita kva den økonomiske veksten er, og kor mykje produktiviteten har gått opp. Men kvifor tala vert som dei vert, der skortar det.

Kjenner ikkje kostnaden

Kva kostar til dømes reguleringar? Alle desse ulike krava til bygg og helse, miljø og tryggleik og all rapporteringa? Vi veit ikkje. Det finst ikkje éi einaste større utgreiing som syner kva offentleg reguleringsiver kostar oss. Derimot har vi har fått to utgreiingar som har rekna på kva innvandring kostar, men berre for statsfinansane, ikkje for økonomien samla.

I meldinga frå SSB om den manglande lønsveksten trekkjer dei fram 2015 og 2016 som to verkeleg dårlege år: Realinntektene fall «betydelig mellom 2015 og 2016. Oljeprisfall, økt arbeidsledighet, høy prisstigning og økt innvandring i disse årene bidro til denne nedgangen».

Ja, det seier seg sjølv at den høge innvandringa og det store oljeprisfallet ikkje var heldig økonomisk, men vi har hatt høg innvandring før, og oljeprisen har vore langt lægre utan at vi har hatt ei tilsvarande svak lønsutvikling. SSB gjev oss ikkje konkrete tal eller analysar over kor mykje kvar faktor spelar inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement