Kommentar I Frankrike
Eit politisk gjørmehol
Utan kompromissvilje breier kaoset seg i økonomien.
Fransk statsgjeld er på 3411 milliardar – 6 prosent meir enn statsbudsjettet. Nye lån kjem til, rentene er dei høgste noko europeisk land er utsette for; gjelda aukar med over 5000 euro kvart sekund. Det gjev ikkje klima for investeringar og satsingar i næringslivet, arbeidsløysa er på 7,5 prosent.
I Nasjonalforsamlinga finst ikkje samarbeidsvilje for å løyse krisa. Der satsar ein på å surfe vidare på internasjonal nåde, frå Verdsbanken og EU især. Fransk parlamentarisme er nemleg ikkje slik som vår. Grunnen ligg i valsystemet med to omgangar.
Sidan 1958 og grunnlova som gjeld for Den femte republikken, kan kandidatar til parlamentsvalet trekkje seg mellom omgangane til føremon for andre som har gjort det betre. Tidlegare førte ordninga til at småparti og einskildgjengarar vart avskala. Dei store partia har såleis jamt over veksla mellom å få klåre fleirtal, med eller mot presidenten. I sistnemnde høve har usemjene jamnast vore løyste mellom regjering og president, ofte ved å ta opp større lån.
Representantane røysta etter ordre frå gruppeleiarane; utan trong for kompromiss. Derav den økonomiske politikken sidan oljekrisa i 1970-åra, særleg frå François Mitterand og 1981. Dyre ordningar frå etterkrigstida fekk fylgje av nye; næringslivspolitikken har vore halvhjarta; sentralisering, konsentrasjon og utflytting er fylgjer ein har dekt over med lån.
Skulle ordne opp
Macron lova å ordne opp under valkampen i 2016, men gjorde så det motsette. Ingen har auka statsgjelda meir. Den samanraska rørsla hans sprakk fort opp, «macronismen» har ingen samlande ideologi eller tema. Det han oppnådde, var likevel å sprengje blokkene i fransk politikk ved parlamentsvalet i 2022: Dei gamle mektige partia vart små, dels splitta, og nye grupper samarbeider ikkje med gamle parti. Nyvalet i 2024 kom offisielt for å få betre vilkår for fleirtal.
Figaro-journalisten Wally Bordas har rapportert frå Nasjonalforsamlinga sidan 2022. Han har før skrive bok om livet i Palais Bourbon, som parlamentsbygninga heiter. Nyss gav han ut ei bok med eit grufullt ordspel i hovudtittelen: Palais Bourbier: chronique d’une France ingouvernable (Gjørmeholepalasset: krønike over eit ustyrleg Frankrike). Bordas avslører at bakgrunnen for nyval i fjor plent ikkje var å få attende dei klassiske partia. Tvert om såg Macron-strategane for seg siger for Nasjonal Samling, så Marine Le Pen kunne tynast i freistnader på å styre landet etter eige hovud, mot EU, globalisme og jamvel mot franske lover.
Aldri sett før
Gamblinga slo heilt feil. Med 12 grupper pluss ein bunke lause representantar med ymsande interesser er det ikkje fleirtal for noko. Noko slikt har ein aldri før sett i Den femte republikken.
Statsministeren som nyss gjekk av, François Bayrou, var alltid vørd som sjølve liberalaren, stifinnar i vilniss og meister i kompromiss mellom arvefiendar. No, derimot, tora han om at alt ville gå ad undas om forsamlinga ikkje fylgde framlegga hans. Så dei fleste sette alle piggane ut, og Bayrou bad nyttelaust om ny tillit.
Det hjelpte ikkje at det i vår vart kjent at han som ordførar i Pau hadde oversett eller jamvel dekt over seksuelle misferder på ein katolsk skule. Skandalen var fullkomen då dottera Hélène i juni forkynte for all verda at ho sjølv som elev der hadde vore utsett for overgrep. Ho fordømde den passive, godtakande rolla til faren. Nedteljinga starta for statsministeren.
Sébastien Lecornu
Difor hadde då òg Macron ein ny regjeringssjef klar, nemleg forsvarsministeren Sébastien Lecornu. Han har sett seg i respekt i regjeringa og har dette året ut frå opplagt naudsyn reist mykje kring i verda og har såleis markert franske posisjonar i geopolitikken.
Det fyrste han gjorde same dagen han var innsett, 9. september, var å trekkje attende framlegget om å kutte ut andre påskedag og 8. mai som fridagar for å betre på produktiviteten, og lova å sjå på reformer av ymse slag.
Protesttog over heile landet
Lecornu stupte rett inn i kvepsebolet. Dagen etter braut mangslag streikar og protesttog laus over heile landet. Fram til generalstreiksdagen veka etter var det knapt øyrens lyd å få nokon stad, og den dagen var alt blokkert. Heile det organiserte arbeidslivet i industri, transport, utdanning og offentlege tenester stengde ned torsdag 18. september.
Dette er ikkje til å trekkje på skuldrene av, sjølv om sosial uro, streikar og demonstrasjonar ikkje nett er uvanleg i dette landet. Men no greip aksjonane inn i alle livstilhøve. Streikebylgjene vil vare ved i fleire sektorar, og jamt nye spontane aksjonar overfor ny utvikling i budsjettet er venta.
18. september bringa revolusjonsdåm. Det var ikkje berre det vanlege kaoset på alle knutepunkt. Apoteka leverte ikkje livsviktig medisin, likvognene stod stilt i garasjane, stormagasin og jamvel bakeri heldt dørene stengde. Slike døme vart symbol på at den kulturelle ordenen opphøyrde eit bel. Ikkje å kunne få tak i brød, særleg bagetten om morgonen, er endetidsvarsel så godt som noko: Brødmangel utløyste revolusjonen i 1789. I åra etter er det komne ei lang rad lover, jamleg justerte, om sikring av retten til og tilgangen på det daglege brød. Dersom du er utsett for ei trafikkulukke på veg til eller frå arbeid, gjeld bilforsikringa berre dersom du har køyrt kortaste vegen – eller ein omveg for å kjøpe brød hjå bakaren du føretrekkjer.
Eit slags lyspunkt var det likevel at raseriet mellom muslimar over at nokon for eit par veker sidan hadde dumpa grisehovud og slakteavfall på trappene til Stormoskeen i Paris, dempa seg monaleg då det vart avslørt og dokumentert at profaneringa vart utført av russiske provokatørar. Men så veit ein samstundes at provokatørane er budde og kjem til der dei kan for å øve hærverk og vald og spreie frykt. Diverre har politiet alt synt seg for proaktive med å banke opp folk som vert aleine etter å ha kome ut av demonstrantflokkane.
Formuesskatt
Noko mange ser positivt på, er at Lecornu hintar om at no bør ein gjeninnføre «solidaritetsskatten», ein slags formuesskatt for dei aller rikaste som Macron fjerna alt i 2017, heilt utan påviselege verknader av nyinvesteringar frå dei same rike. Men kva kan vel monne i ein situasjon der statsbudsjettet har eit underskot på 175 milliardar euro, og der dei kutta Bayrou ville ha, «berre» utgjorde 44 milliardar?
Poenget var å kome ned på eit gjeldsnivå på 5,4 prosent, så ein kan få starta arbeidet og unngå at fleire land i EU prøver å hemne seg på Frankrike for utvist arroganse mot desse landa under finanskrisa.
Lecornu får truleg ikkje eit langt liv som statsminister, for der er ikkje teikn i tida til at dei 577 representantane i Nasjonalforsamlinga vil lære seg kunsten å kompromisse. Problemet då vil før eller sidan springe ut av at den såkalla venstrealliansen eigentleg aldeles ikkje finst anna enn som kjekleklubb.
Marine Le Pen har etter anke no fått utsett dommen om at ho ikkje kan veljast til politiske verv i to år. Får ho medhald i høgare rett, kan ho som parlamentarisk leiar for si gruppe (pluss nokre lause) kan hende forme samarbeid med andre høgreparti. Då kan ho kome til å posisjonere seg godt til presidentvalet i 2027.